Bildegalleri

Tomt 1 - Adria 197 kvm BRA

GAMLE VIEVEGEN FØRDE

GAMLE VIEVEGEN FØRDE

  • Planlegging

    Vinter 2026

  • Salgsstart

    Vinter 2026

  • Byggestart

    2026

  • Overtakelse

    2027

Nøkkelinfo

Pris
Pris kommer
Boligtype
Enebolig
Soverom
3 - 4
Eieform
Eier (Selveier)

Beskrivelse

VELKOMEN TIL GAMLE VIEVEGEN
Vi har to einebustadtomter med sentral beliggenhet i Førde
– her kan du bygge husdraumen din.

FLOTTE EINEBUSTADTOMTER MED STORE MOGLEGHEITER
Gamle Vievegen 25 er i dag ei stor tomt med ein eksisterande bustad. På denne tomta skal det delast ut
to einebustadtomter. Vi har teikna inn forslag til husmodellar som passar inn på tomtene. På tomt 1 vil
husmodellen Adria eller Berga passe godt, og på tomt 2 har vi teikna inn den arealeffektive Belluno.
Ønskjer du eit anna hus, eller har behov som desse husa ikkje dekkjer, er det berre å ta kontakt. Vi har tilgang
til arkitektar som kan teikne om og tilpasse alle husmodellane til BoligPartner.
Tomtene i Gamle Vievegen byr på ein attraktiv kombinasjon av roleg beliggenhet og kort veg til Førde
sentrum. Området er veletablert og gir trygge, skjerma omgivnader med lite gjennomgangstrafikk. Her har du
nærleik til barnehagar, skular, daglegvare og øvrige servicetilbod, noko som gjer kvardagen enkel og effektiv.
Gang- og sykkelavstand til sentrale funksjonar og flotte turmoglegheiter i nærområdet gir gode føresetnader
for ein aktiv livsstil. Tomtene eignar seg godt for både barnefamiliar og andre som ønskjer ei sentral, men
samstundes tilbaketrekt, beliggenhet.

TOMT 1 - Adria
MODERNE EINEBUSTAD MED STORE VINDAUGEFLATER
Husmodellen Adria er ein bustad som passar godt inn på ei av tomtene i Gamle Vievegen. Dette er ein populær modell
med store vindaugeflater som trekkjer naturen utanfor inn i heimen. Legg merke til alle dei smarte løysingane arkitekten
har fått plass til i Adria sine 159 kvadratmeter. Heimen inneheld fleire praktiske soner, slik som den du ser i 2. etasje. Her
finn du foreldreavdelinga med soverom – som har utgang til balkong – bad og god garderobeplass.
I 1. etasje er det to like store soverom i den eine enden, samt eit ekstra gjesterom i den andre enden. På dette planet er det
òg eit stort bad/vaskerom samt ei lys og luftig tv-stove med skyvedør ut til hagen utanfor. Legg òg merke til det ekstra
kontorrommet – perfekt for deg som ønskjer å jobbe heimanfrå av og til.
Adria har ein slank bygningskropp som gjer at bustaden passar perfekt på smale tomter. Huset har fleire uteplassar, noko
som gjer at du enkelt kan flytte livet utandørs akkurat når du sjølv ønskjer.

TOMT 1 - Berga
MODERNE EINEBUSTAD MED INTEGRERT GARASJE
Med sin slanke og smidige bygningskropp har Berga eit moderne og stilreint uttrykk.
Huset inneheld til saman tre soverom. Eitt av soveromma har direkte inngang til bad samt walk-in closet.
Sjølve sjela i bustaden er det sosiale kjøkken- og stoveområdet i 1. etasje. Herfrå er det utgang til ei lun og
overbygd veranda. Berga har òg integrert garasje med direkte tilkomst til huset.
Berga er eit moderne hus som passar fint inn på smale tomter.

TOMT 2 - Belluno
KOMPAKT OG INNHALDSRIK BUSTAD MED ALT DU TRENG
Belluno er bustaden som kombinerer moderne design med funksjonell planløysing – perfekt for familiar som ønskjer både
komfort og fleksibilitet.
I andre etasje ventar fire lyse og luftige soverom, ideelt for både småbarnsfamiliar og dei som ønskjer ekstra rom til
gjester, kontor eller hobby. I denne etasjen er det i tillegg eit bad og ei praktisk bod/teknisk rom.
I første etasje opnar den romslege stove- og kjøkkenløysinga opp for samvær, måltid og gode minner – husets naturlege
samlingspunkt. Her finn du òg ei romsleg og praktisk bod samt bad/vaskerom.
Med 137 kvm bruksareal, store vindaugeflater og elegante balkongdører, er Belluno fylt med naturleg lys og ei kjensle av
romslegheit. Her kan du starte dagen med morgensola og avslutte kvelden med utsikt og ro.

KORLEIS VIL DU HA DET I DITT NYE HEIM?
Gips eller panel? Små eller store fliser? Parkett eller laminat?
Når du byggjer nytt hus med BoligPartner, står du fritt til å
gjere dine eigne tilval slik at du får skreddarsydd akkurat
det huset du drøymer om.
Er du oppteken av interiør? Kanskje du likar ein bestemt stil ekstra godt og alltid
har drøymt om å innreie ditt eige heim – heilt frå start. Når du kjøper nytt hus, får
du god informasjon frå bustadkonsulenten om kva leveransar som følgjer med
som standard frå oss. Det betyr ikkje at du må velje desse produkta når du skal
skape ditt unike heim. Hos oss står du heilt fritt til å ta dine eigne val og velje dei
produkta du likar best når du byggjer ny einebustad.
Så dersom du ønskjer det, er det berre å seie frå i god tid om at du ønskjer å bytte
ut til dømes standard golvflis i gangen med ei heilt anna flistype. Du kan velje å
oppgradere parketten på golva med eit anna golvprodukt – dersom du ønskjer
dette. Nokon vel òg å ha gipsveggar i staden for panelplater. Alle desse vala står
du fritt til å ta sjølv, om du ønskjer.
Hugs at tilval og oppgraderingar ofte påverkar totalprisen på byggeprosjektet
ditt. Difor er det eit godt tips å bruke vår økonomiske plan som eit sentralt
planleggingsdokument. I denne planen har vi definert alle dei ulike
kostnadspostane i heile byggeprosjektet. Dette er byggjebudsjettet ditt. Så
dersom du ønskjer å oppgradere til dømes den elektriske leveransen i boligen,
eller bytte til eit anna kjøkken, kan dette oppdaterast og synleggjerast i den
økonomiske planen din. Slik blir det enklare både for deg og banken å halde
oversikt over det totale kostnadsbiletet i prosjektet.
Lurer du på kva produkt som følgjer med i leveransen frå oss? Eller vil du vite meir
om tilvalsmoglegheitene du får når du byggjer hus med BoligPartner?
Ta kontakt med oss – vi er her og svarar gjerne på alle spørsmåla dine.

NÆROMRÅDE
Området byr på kort veg til det meste Førde har å tilby. Sentrum, med eit breitt utval av butikkar, servicetilbod,
kulturtilbod og serveringsstader, er lett tilgjengeleg, samstundes som du har nærleik til barnehagar, skular og
fritidsaktivitetar. Dette gjer kvardagslogistikken enkel og effektiv, enten du er småbarnsforelder, pendlar eller
pensjonist.
Nærområdet innbyr til ein aktiv livsstil med flotte tur- og friluftsmoglegheiter rett utanfor døra. Her er det
gode moglegheiter for spaserturar, joggeturar og leik i trygge omgivnader, med naturen tett på. Både vinter
og sommar byr regionen på rike moglegheiter for varierte friluftsopplevingar – for både store og små.
Gang- og sykkelavstand til sentrale funksjonar gjer området ekstra attraktivt, og god offentleg
kommunikasjon i nærleiken sørgjer for enkel tilkomst til resten av Førde og omegn. Samstundes opplevast
området som skjerma og privat – ein stad der du verkeleg kan senke skuldrane etter ein lang dag.

DIFOR LØNNER DET SEG Å KJØPE NY BUSTAD
Er du lei av oppussing og vedlikehald, kalde golv, trekkfulle
vindauge, høge straumutgifter og mykje luftfukt i huset? Å bu i
ein eldre bustad kan føre med seg høge bukostnader kvar månad.
Vel du å kjøpe ny bustad frå BoligPartner, er du garantert eit lunt heim med høg
komfort, jamn innetemperatur og eit friskt inneklima. Samstundes slepp du å betale
vedlikehaldskostnader dei første 10 åra, og du får lågare utgifter til oppvarming.

NY BUSTAD GIR MANGE FORDELAR
Det er ingen tvil om at det å bu i ein heilt ny
bustad gir mange fordelar – uavhengig av om
du kjøper ei stor einebustad eller ei mindre
leilegheit. Dei månadlege bukostnadene dine blir
lågare i ein ny bustad bygd etter dagens tekniske
forskrifter, samanlikna med ein eldre bustad som
vart bygd for 30 år sidan. Dei tekniske krava til
nybygg er strenge. Kvaliteten på bygg, vindauge,
isolasjon og andre byggjemateriale er dermed
så god at energiforbruket blir redusert betydeleg
samanlikna med eldre hus og leilegheiter.

EIT GODT INNEKLIMA
God luftkvalitet gir god livskvalitet. Kjøper du
ny bustad, er du sikra eit moderne balansert
ventilasjonssystem. Det bidreg til eit godt
inneklima med frisk og behageleg luft,
samstundes som systemet gjenvinn om lag 80
prosent av varmen frå brukt luft. I tillegg er det
godt å vite at isolasjonen vi brukar i våre nye
heimar både sparer energi ved å oppretthalde
optimal innetemperatur, er svært brannsikker,
vassavvisande, lydabsorberande og kan
resirkulerast.

NÅR ALT ER NYTT
Kjensla av å kunne flytte inn i noko som er heilt
nytt, kan nesten ikkje skildrast. Gled deg til å
setje ditt eige preg på alle dei fine, nye romma.
Ingen har budd her før deg. Her er det verken
spikerhol som må sparklast eller vindaugskarmar
som må målast. PS: Hugs at du òg får 5 års
reklamasjonsrett ved kjøp av ny bustad.

KVIFOR VELJE DVERGSDAL & SUNDE OG BOLIGPARTNER?
Ønskjer du å flytte inn i ein ny bustad, men er i tvil om kva for leverandør du
skal velje? Du kan trygt velje BoligPartner. BoligPartner har bygd tusenvis av
heimar og har gjennom 30 år i bustadmarknaden opparbeidd solid erfaring og
kompetanse. Vi er ein av dei største bustadleverandørane i Noreg.

EIT TRYGT VAL
Trygge og nøgde kundar er viktig for oss. Difor legg vi alltid stor vekt på solid handverk, dyktige og nordiske
leverandørar, fagkunnskap, erfaring og sterk lokal kompetanse.
Vi følgjer Bustadoppføringslova. Det betyr at vi stiller økonomisk garanti under byggjetida og fem år etter
overlevering. Det økonomiske oppgjeret blir alltid gjennomført av ein advokat eller eigedomsmeklar. Når du
kjøper av oss, gjennomfører vi alltid ei befaring eitt år etter innflytting. Skulle det dukke opp avvik, utbetrar vi
desse.

EIT GODT HEIM FOR ALLE
I BoligPartner ønskjer vi å utvikle og byggje attraktive bustader for alle. Det betyr at vi alltid er på jakt etter å
skape nye gode heimar – i ulike storleikar og på forskjellige stader rundt om i heile landet vårt. Målet vårt er
at du skal finne din nye bustad hos oss – eit heim som gir deg den tryggleiken og kvaliteten du søker.

KVA BETYR DET Å VERE HJEMMEKJÆR?
Er det ein kjensle, ei stemning eller ei oppleving?
I løpet av 30 år som bustadbyggjar har vi erfart at
det å vere heimekjær er summen av alt dette – nettopp
fordi eit hus skal ha plass til, og romme, eit heilt liv.
Heimekjær er kjensla av favorittutsikta frå kjøkkenbenken, peisen som
knitrar i stova, lukta av nysteikte kanelbollar og den gjestfrie gangen med
plass til ekstra sko og jakker som er på besøk.
Heimekjær er opplevinga av trygge rammer for nye minner og god plass
for små som skal vekse. Heimekjær er å vite at huset ditt er teikna og bygd
for å vare – i åra som kjem og i veret som ventar.
For oss som bustadbyggjar betyr heimekjær å finne dei optimale løysingane
for kvar enkelt kunde, frå teiknebrett til tomt.
Slik skaper vi saman det som skal vere din personlege og trygge stad, her i
denne store verda.
For oss betyr heimekjær å kunne sjå nye moglegheiter i ein kjent husmodell
og tilpasse han til kvar bustaddraum vi får lov til å forvalte.
Våre arkitektar, bustadkonsulentar og trygge, lokale forhandlarar
teiknar, planlegg og byggjer hus for at du skal vere glad i heimen din
– og glad i å vere heime.

TA KONTAKT
Det er Dvergsdal & Sunde AS som står bak prosjektet i Gamle Vievegen 25.
Tryggleik for kunden er svært viktig for oss, og difor legg vi stor vekt på fagkunnskap,
erfaring og sterk lokal kjennskap.
Som ein erfaren og seriøs bustadaktør følgjer vi Bustadoppføringslova. Det betyr at vi stiller
økonomisk garanti under byggjetida og fem år etter overlevering. Det økonomiske oppgjeret
blir alltid gjennomført av eigedomsmeklar eller advokat. Kjøper du av oss, gjennomfører vi
alltid ei befaring eitt år etter innflytting. Skulle det dukke opp avvik, utbetrar vi desse.
Vi er eit trygt val for deg. Ta kontakt – vi er klare til å svare på spørsmåla dine.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode450645291
Sist endret11. feb. 2026 18:12
ReferanseVie b18 tun

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.