MARI-JAKOB KVARTALET - Flott, sentrumsnær leilegheit med høg standard. Siste leilegheita! 13 av 14 selde.

Mari-Jakobkvartalet, 6887 Lærdal

Boligtype
Leilighet
Eieform
Eier (Selveier)

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Mari-Jakobkvartalet, 6887 Lærdal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Prosjektet/selskapet/eiendommen

Vi har gleda av å presentera Mari-Jakobkvartalet sameige som i første omgang består av 14 flotte leilegheiter.

3 etasjar og det er fleire forskjellige utformingar av leilegheitane - her finn ein planløysingar for einkvar smak. Leilegheitane er i størrelse fra 55 kvm BRA med eitt soverom til 111 kvm BRA med 3 soverom. Alle leilegheitane har i tillegg eigen uteplass (balkong eller terrasse).

Leilegheitane blir levert med integrerte kvitevarer, flislagt baderom, vannbåren golvvarme i 1. etg. (konvektor i 2 og 3. etasje), garasjeplass, universell utforming/plass til rullestol i alle hovudrom, ventilasjonsanlegg m.v.

Uteareal vert opparbeida med materialar og utstyr eigna for felles opphald, aktivitet og leik. Det vil medfølge parkeringsplass til alle leilegheitane. Sportsbod er lagt til garasje og tilstøytande fellesareal.

Eigedomen består i dag av veterinærklinikk, tre husvære i 2. etasje og lagerareal. Dei etablerte husværa og veterinærklinikken vert verande, medan det eksisterande lagerarealet vert rive.

Her kan du sikra deg ein flott leilegheit med praktisk og arealeffektiv planløysing. Nærområdet er perfekt også for deg utan bil.
Byggetrinn1 består av 14 leilegheiter.
Det er Lærdal Utbygging AS som er utbyggjar i prosjektet.

Forventet fremdrift

Overtagelse etter avtale. 2-3 mnd etter aksept.

Beliggenhet

Dette blir eit moderne leilegheitsbygg i Lærdal med korte avstandar til det meste. Med ca 450 meter til Lærdalsøyri sentrum og 800 meter til skule, barnehage og idrettsanlegg, er dette perfekt beliggenheit!

Byggemåte og standard

Alle leilegheiter blir levert nøkkelferdige, med muligheit for endringar/tilvalg.

Kjøkken
Kjøken vert levert med kvit høgglans, og med integrerte kvitevarer. Sjå vedlagte kjøkenteikningar i prospekt.
Kjøpar kan etter avtale med seljar velje type, med det er ikkje høve til å flytta på utstyr som krev tilkobling for vatn, avløp, avtrekk eller elektrisitet.
Fylgjande kvitevare medfølger: Ventilator, induksjonstopp, steikeovn, oppvaskmaskin og kjøleskap.

Bad
Det blir lagt fliser på golv og vegger. Vegghengt toalett, dusjhjørne og baderomsinnredning.

Himling:
Etasjeskilje mellom 1. og 2. etasje og mellom 2. og 3. etasje har trinnlyddempande plater på overside av betongdekket og nedlekta gipsplatehimling for skjult kabelføring på underside. Alle himlingar vert levert sparkla og kvitmåla.
Netto romhøgde i opphaldsrom og soverom vert ca. 2,6m.
Netto romhøgde i gangareal, bad/wc og bodar vert ca. 2,35m for å få til skjulte røyr- og kanalføringar.

Veggar i leilegheitane:
Delevegger mellom husvære er 20 cm massiv betong, heilsparka og måla.
Vegger inni i kvart husvære vert utført med bindingsverk i tre, kledd med gipsplater på begge sider, strukturlaus strie, sparkla og måla.

Innvendige løysingar:
Opphaldrom (stove/kjøken) og soverom får parkett lagt flytande på trinnlydmatte.
Listverk for dører, vindauge og golv vert levert som måla furu. Foringar for vindauge og dører som standard i tre eller mdf-plate.
Bod får våtromsplater på vegger, vinylbelegg på golv med hulkil/oppkant pga. krav til sluk for tekniske anlegg plassert i rommet.
Innvendige dører vert levert med finert overflate.
Det vert teke atterhald om sjaktplasseringar og storleikar. Desse kan verte endra i detaljprosjekteringa.

Tilkomst til leilegheitane:
Bygget tilfredsstiller krav til tilgjenge som er stilt i tekniske forskrifter. Utvendige tilkomster har løysingar utan sprang/ trinn og med tifredsstilande stigningsforhold.

Kvart husvære i 1. etasje har eigen inngang direkte frå terrengnivå.
Husvære i 2. og 3. etasje har tilsvarande eigen inngang frå svalgang. Tilkomst til svalgangar er via to trapper og ein heis. Svalgangar og trapper er også rømingsveg frå dei to øverste etasjane.

Heisstol har innvendige mål 1,1 x 2,1 m. Heis er lukka med forrom. Trapper og svalganger er utvendige, men overdekka med transparent tak.

Trapper er utført i betong.
Svalgang har bering og rekkverk i stål, med plate/ golv i betong. Ved trapp mot aust er svalgangen utvida med plass for felles uteopphald i kvar etasje.

Uteplass/Balkong:
Husvære i 1. etasje har uteplass på terreng i husværet si breidde.

I 2. og 3. etasje er det balkongar til kvart husvære. Betongplate med nedløp, søyler av stål og transparent tak over øverste leil. Rekkverk med glassplater.
Sportsbodar er lagt til garasje og tilstøytande fellesareal.

Det er planlagt bosløysing med nedgravde kontainarar, med innkast over bakke.

Brannsikring:
Bygget vert brannsikra i samsvar med TEK 10 sine krav til konstruksjonar, materialar og rømingsvegar.
Alle husvære og felles bodareal har sprinkleranlegg.

Elektroinstallasjonar:
El-installasjonar av normal standard iht. NEK400.2014. Branndetektor, ringeanlegg, komfyrvakt, antennepunkt, tele og datapunkt lagt fram til fordelingsskap i kvar leilegheit. Utvendig belysning i fellesanlegg og utearealet.

Varme:
Varmegjenvinning som gir 1kw til romoppvarming, levert som vannboren golvvarme i 1. etasje og konvektor i 2. og 3. etasje.
Det vert elektrisk golvvarme i bad og del av entre.

TEK-10
Leveransar vert utført i henhold til gjeldande forskrifter. Teknisk forskrift TEK'10 er gjeldende for dette prosjektet. Der ikkje anna framgår av kontrakt, beskrivelser eller teikningar, gjeld Norsk Standard NS 3420 normalkrav til toleransar for ferdige overflater i bygningar, ref. fellesbestemmelser del 1.

Bygget er planlagt oppført med berande konstruksjonar i betong. Betongvegger mellom husvære og i alle dekke gjev optimale løysningar for brann- og lydskilje. Berande gavlveggar vert utført med søyler og dragarar av stål.

Bygget er utan kjellar og 1. etasje har golvkonstruksjon på grunn med 30 cm isolering og armert påstøyp med vannboren varme.

Yttervegger er planlagt som bindingsverksvegger med 25 cm isolasjon. Utvendig kledning er utlekta trepanel og gjennomfarga plater, med sikte på avgrensa behov for vedlikehald.

Vindauge vert levert med trekarm innvendig og aluminiumsbeslag utvendig. Balkongdører har glas, medan inngangsdør er måla og glatt. U-verdiar er i samsvar med krav.

Taket vert utført som lettak med 35 cm isolering, som ein lett konstruksjon. Tekking med pvc-takfolie eller asfaltbelegg, sluk og innvendige nedløp.

Areal

Følgande rom inngår generelt i primærareal (P-rom): Entré/gang, soverom, bad/vaskerom/wc, kjøken og stove.

Berekningane er foretatt av arkitekt og er oppmålt etter teikningar, datert 16.03.16. Areal i salsoppgåva og anna markedsføringsmateriell er oppgitt i bruksareal (BRA) og er å betrakta som eit omtrentleg areal. Størrelse på dei enkelte rom kan avvike noko, slik at eit rom kan bli større og eit anna bli mindre. Det kan oppstå mindre avvik mellom teoretisk og verkeleg areal. Bruksarealet (BRA) er arealet innanfor leilegheitas omslutta veggar inkl. eventuell innvendig bodareal. Utvendig bodareal er ikkje medrekna. Arealet som er oppgitt på dei enkelte rom er rommets netto golvareal.

Tomt/tomteareal

Prosjekttomta skal, slik planane foreligger i dag, innehalde tre byggetrinn, garasje, park-/grøntområde og adkomstvegar.

Det er planlagt at opparbeiding av fellesareal skal invitera til felles bruk og danne trivelege opphaldsplassar utandørs med grøntareal, beplantning og leik. Areal med fast dekke vil i hovudsak bestå av asfalt og belegningsstein.

Heile tomta er på ca. 3600 kvm som skal eigast av sameiget (alle byggetrinn). Eksakt tomteareal vil foreligge etter samanføying av alle gbnr. utført av kommunen.

Tomta skal disponerast av seksjonseigarane iht. seksjonsbegjæring/sameigevedtekter.

Parkering

Parkering for trinn 1 og 2 er lagt til eit eige garasjeanlegg med innkøyring frå Fortun. Det er ein p-plass i garasje til kvart husvære.
Parkering og tilkomst til eksisterande husvære og trinn 3 har tilkomst frå Uthushaugvegen. Gjesteparkering er lagt mot veg.

Boder

Det blir levert sportsbod i tilknytning til parkeringsanlegget. Kvar leilegheit har i sum minst 5 m2 sportsbod.

Ventilasjon

Alle leilegheitane vil få balansert ventilasjon med tilførsel av filtrert og temperert luft. Det vert eitt anlegg per leilegheit med eige inntak og felles avkast via sjakt til tak.
Anlegget blir plassert i bod/vaskerom med inntak ventilasjon og beredar frå svalgang. .

Komfyravtrekket skal førast i bypass, slik at dette går utanom varmevekslaren og direkte til avtrekksvifta. Avkast frå ventilasjon og beredar går via sjakt over tak.

Tilvalg

Kjøpar har muligheit til å få utført endrings- og tilleggsarbeid etter særskilt avtale. Alle endrings- eller tilleggsarbeid skal avtalast skriftleg mellom partane og i avtalen skal pris oppgjevast og ev. fristforlenging som følgje av endringane. Kjøparens rett til å få utført endrings- eller tilleggsarbeid er avgrensa til 15 % av kjøpesummen.
Det er ein føresetnad at endringane er i samsvar med krava som kjem fram av gjeldande teknisk forskrift.

Partane kan krevja justering av det avtalte vederlag i henhold til bustadoppføringslovas reglar om endringar og tilleggsarbeid, jf. bustadoppføringslova. § 9 og § 42. Seljar kan krevja tilleggsvederlag for nødvendige kostnader som kjem av forhold på kjøpars side.

Stipulerte felleskostnader

Desse utgjer mellom kr. 650,- til 950,- og inkluderer bl.a. vaktmeistertenester, straumutgifter fellesareal, bygningsforsikring, heiskostnader, reinhald og andre driftskostnader.

Kommunale avgifter

Kommunale avgifter vert fakturert direkte frå kommunen. Kommunale avgifter er kr 6025,- for bueiningar med bruksareal mindre enn 80 m2 og kr 7723,- for bueiningar større enn 80 m2.
Årleg kostnad for 2017 for eit standardabonnement er på kr. 3777,50 inklusiv mva. og kommunalt tillegg for renovasjon på kr. 162,50 inkl. mva.

Oppgjør

Seljar kan velja å stilla garanti etter bustadoppføringslova § 47 som sikkerheit for forskotsinnbetalinga. Dette inneber at utbyggjar kan disponera forskotsinnbetalinga frå kjøpar frå det tidspunkt garantien er gjeldande. Eventuelle renter av forskotsbeløpet tilfaller kjøpar fram til garanti er stilt og til seljar etter at garantien er stilt. Dersom seljar ikkje vel å stilla garanti vil forskotsbetalinga bero på meklars klientkonto inntil skøyte er tinglyst på kjøpar.

Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeid bestilt gjennom seljar, vert fakturert direkte fra seljar når vedkommande endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført. Dersom forfall på faktura er forut overtakelse, må seljar stille garanti i henhold til bustadoppføringslova § 47.

Før nokon del av kjøpesum blir utbetalt seljar må heimel til leilegheiten vera overført kjøpar, jf. bustadoppføringslova §46.

Sameiet

Kjøpars rettigheiter som medlem i eit sameige følger av eigarseksjonslova (Lov om eierseksjoner av 23. mai 1997 nr. 31) og vedtektene. Sameiget har pantesikkerheit i kvar seksjon for ubetalte krav og forpliktingar ovanfor sameiget (legalpant, dvs. ikkje tinglyst pant), i medhald av eigarseksjonslovas § 25. Sameiget vil bli leda av eit styre som blir valt av eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker av felles interesse for sameigarane. Kjøpar kan ikkje eiga meir enn 2 seksjonar i eit sameige.

Forretningsfører

Forretningsfører: Ikkje bestemt enno.

Forsikring

Heile byggjeprosjektet vil bli fullverdiforsikra fram til overtaking. Forsikringa gjeld også material som er tilført leilegheiten, jf. bustadoppføringslova § 13 siste ledd. Ved brann- eller anna skadetilfelle går erstatningssummen til seljar, som snarast mulig pliktar å gjenoppretta skaden.
Etter overtaking skal sameiget teikna eigen forsikring for bygningane som inngår i sameiget. Seljar skal sjå til at sameiget har teikna slik forsikring før han avviklar sin forsikring. Kjøpar er forplikta til å teikna eigen innbu- og lusøyreforsikring fra overtaking.

Pengeheftelser

Leilegheita blir levert fri for pengeheftingar med unntak av panterett til fordel for sameiget i henhold til eigarseksjonslova § 25. Det er ingen fellesgjeld i prosjektet.

Eiendommens betegnelse

Byggetrinn I skal utviklast på det som i dag er gnr. 29, bnr. 31 i Lærdal kommune. Fleire gnr./bnr skal samanføyast. Endeleg matrikkelnr kan bli endra. Vidare skal prosjektet seksjonerast og kvar enkelt leilegheit/seksjon vil få tildelt eige seksjonsnummer.

Det blir tatt forbehold om endeleg løysing rundt fellesområder, da dette vil vera avhengig av forhold som for eksempel endeleg godkjent seksjonering, framdrift, progresjon i salg og behov for endringar av prosjektet som heilheit.

Vei/vann/avløp

Prosjektets bygningsmasse skal knyttast til det offentlege vatn- og avlaupsnettet.

Reguleringsmessige forhold

Prosjekttomta er omfatta av detaljreguleringsplan for Mari Jakobvegen 1.

Konsesjon/odel

Eigedomen er konsesjonsfri.

Salgsbetingelser

Ved sal til forbrukar blir leilegheitene selde iht. bustadoppføringslova.

Prosjektet rettar seg mot forbrukarar som ønsker å erverve bustad til eige bruk. Bustadoppføringslova kjem ikkje til bruk der kjøpar er profesjonell/investor, eller når leilegheiten er ferdigstilt. I slike tilfeller vil handelen i hovudsak regulerast av avhendingslova. Seljar kan velge å selge etter Bustadoppføringslova.

Øvrige forbehold

Seljar tek forbehold om endringar i forhold til opplysingar gjeve i salsoppgåva og teknisk beskriving med hensyn til konstruksjon og materialval, fargeval og arkitektoniske løysingar, bl.a. mindre endringar av planløysingar. Det blir spesielt tatt forbehold om endringar og justeringar som er hensiktsmessige og nødvendige for plassering av sjakter og kanalar, herunder innkassingar av kanalar/føringar som ikkje er vist på teikningane. Eventuelle endringar skal ikkje forringa kvaliteten på leilegheiten.

Kjøpar er forplikta til å godta dei endringane for leilegheiten som måtte følgja av eventuelle krav satt av kommune eller anna offentleg myndigheit.

Planteikningar og illustrasjonar som viser ulike innreiingsløysingar er meint som illustrasjonar for mulige løysingar og inngår ikkje i standardleveransen. Teikningane i prospektet bør ikkje nyttast som grunnlag for nøyaktig møbelbestilling, både fordi endringar vil kunne forekomme og fordi målestokkavvik vil kunne forekomme ved trykking/kopiering.

Om det blir nødvendig å gjennomføre vesentlege endringar ut over dei nemnte, pliktar seljar å varsle kjøpar om endringane utan ugrunna opphald.

Endringar i lov eller forskrift, nye offentlegrettslege krav eller vedtak som regulerar forhold knytt til seljars ytelse, er kjøpars ansvar med mindre seljar ved avtaleinngåing var kjent med, eller burde vere kjent med endringane. Ev. auka kostnader skal dekkast av kjøpar. Slike kostnader vil medføre ei tilsvarande auking i det avtalte vederlaget for kjøper. Seljar skal uten ugrunna opphald varsle kjøpar om endringane og dei konsekvensane dette inneber.

Seljar forbeholder seg retten til å endra prisar og betingelsar for alle usolgte einingar utan forutgåande varsel til øvrige kjøparar.

Salg av kontraktsposisjon

Kontraktsposisjon kan vidareseljast under føresetnad av at seljar får dokumentasjon på at ny kjøpar trer inn i kontrakten med dei same rettigheitane og forpliktingar som den opprinnelege kjøparen har. Det må også framleggjast tilfredsstillande finansieringsbekreftelse. Vidaresal før seljars forbehold er avklart vil ikkje bli akseptert. Ved vidaresal påløper eit administrasjonsgebyr med kr 10000,- inkl. mva.

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 4642
Gårdsnr: 29
Bruksnr: 31
Seksjonsnr: 4

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Mari-Jakobkvartalet, 6887 Lærdal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 97640663
Sist endret 11. jul. 2021 03:55
Referanse 54179003

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.