Funkis einebustad med fint utsikt i Gjerdeplassen, Fyrde

Fyrdsvegen, 6100 Volda

Pris 3 980 000 kr
Omkostninger
10 000 kr
Totalpris
3 990 000 kr
Primærrom
120 m²
Bruksareal
134 m²
Soverom
4
Grunnflate
935 m²
Rom
6
Ant etasjer
2
Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)

Ferdigstillelse

2020/2021

Fasiliteter

  • Balansert ventilasjon
  • Garasje/P-plass
  • Offentlig vann/kloakk
  • Utsikt
  • Fiskemulighet
  • Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Beliggenhet

Eit roleg og solrikt område med fantastisk utsikt mot Austefjorden.

Fjorden er næraste nabo. Fiskebrygge rett nedom huset. Muligheiter for båtplass.

Eigedomen ligg på Gjerdeplassen bustadområde, Fyrde. Det er kort veg til busshaldeplass, barnehage, skule og butikk.
Roleg og barnevenleg område utan stor gjennomgangstrafikk.
Eigedomen ligg i eit etablert bustadområde som i hovedsak består av einebustadar.
Fyrde ligg i Volda kommune, ca 15 minutt i bil fra Volda sentrum og omlag same avstand til Grodås sentrum..

Adkomst

Parker ved skulen når du kjem til Fyrde.

Drøymer du om ein ny bustad med fjordutsikt og sjøen som næraste nabo?

Draumen kan verte verkeleg med våre prosjekterte funkisbustad på Fyrde.
I tillegg kan vi freiste med enkel tilkomst, stor balkong og muligheiter for stor hage og spennande uterom.
Bustaden ligg sørvend og det er kort veg til både sjø og turområde.
Bustaden inneheld: 1. høgda : gang/ trapp til andre høgde, stove, 2 soverom, bad og kombinert teknisk/vaskerom og innvendig bod.

2. høgda: stor kombinert stove/kjøkken, 2 soverom(kan reduserast til 1 og utvide stova) og bad. I tillegg har du utgang til stor balkong.
Dette er eit flott prosjekt med gjennomgåande høg standard og gjennomtenkte løysingar.
Areal
Bruksareal: ca 135 m2, avhengig av nøyaktig modell.
Areal for dei einskilde rom går fram av planteikninga.

Velkomen inn!

Det fyrste som møter deg er ein lys og romsleg gang. Varmekablar i golvet.
Det er ei garderobenisje med god oppbevaringsplass i gangen. Her er det plass til både yttertøy og sko. I tillegg er det direkte tilgang frå gangen til trapp til andre høgda, vaskerom/ teknisk rom, bod og bad.
I første høgda finn du også 2 soverom og eiga ungdoms/barnestove med direkte utgang til hagen.
Etter å har gått opp ei lys og opa trapp til andre finn du husets andre baderom, eit stort “masterbedroom” med “walk-in” garderobe og eit eige rom som enten kan nyttast til soverom, arbeidsrom/kontor eller du kan fjerne det og utvide den opne stue/kjøkkenløysinga.

Til front av huset ligg kjøkken og stova. Bustaden har ei open stove- og kjøkenløysing.

Kjøkenet
- Kokkens territorium-
Lekkert kjøken med god skap og benkeplass. Skåpa går heilt til taket, som både ser flott ut og er enkelt å halde reint.
Kvalitetsbeslag med soft close, integrerte kvitevarer fra Boch og vask og armatur fra Franke.

Stova
Det er vindauger frå golv til tak, noko som gir ein fantastisk utsikt, gode lysinnslepp og ikkje minst ein god romfølelse.
Det er god plass til spennande og variert møblering istova. Kjøkkenet er utstyrt med eiga kjøkkenøy med barløysing.

Soveromma
Hovudsoverommet er av god storleik. “walk-in garderobe” med kombinasjon av speil og kvite frontar.
Hovudsoverommet har god plass stor dobbeltseng og nattbord. Det er eit vindauge på langveggen som gjer at du kan nyte utsikta rett frå senga
Dei andre soveromma har normal storleik. Alle soverom har god garderobeløysing.

Bada:
Flott heilflisa bad med flisar i skandinavisk stil. Badet har servant i møbel med spegel,høgskap , vegghengt toalett og dusjhjørne med glasveggar. Det er varmekablar i golvet, som gir ein god start på dagen. Det mulig å erstatte dusjhjørne med badekar i det eine badet.

Vaskerom/ teknisk og bod
- Vaskerom/teknisk med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Vaskerommet er også eit teknisk rom, slik at både varmvatnbereiar og aggregat for balansert ventilasjonssystem med varmeattvinning er plassert her.
I tillegg er det ein utslagsvask.Bod kan leverast som eige rom eller vi kan slå det saman med veskerom/teknisk til eit større kombinasjonsrom.

Carport og utebod
Det er tilrettelagd for plassering av carport/garasje og utebod. Då behova er ulike, kan vi levere dette som tillegg etter kjøpars ønsker og behov.

Uteområde og terrasse
Frå stova i første høgda er det terrassedør mot hage, Terrassen er ikkje del av leveransen, men kan utformast og bestillast som tilval.
Uteområdet opparbeidast som maskinplanert hage og trafikkareal grusast.
Utvida 1. Høgd.
Det er også mogleg å utvide 1. høgda til å inkludere arealet under balkong. Dette gir muligheit for fleire soverom eller utvida stove. Sjå inspirasjonsløysing i bildepresentasjonen.

Byggemåte og standard

Innvendige overflater
Golv: Høgkvalitets einstavs laminat.
Vegger: Malte gipsvegger
Tak: Malt gips med listefri overgang

Bad:
Golv: Fliser
Vegger: Fliser
Tak: Gips med listefri overgang

Teknisk/vaskerom
Golv: belegg, sluk
Vegger: gips med våtromsmaling
Tak: malt gipshimling

I tillegg kan det nemnast:
- LED-lys i alle rom
- Vegghengt toalett

Leveransen er utført i samsvar med gjeldande forskrifter. Teknisk forskrift TEK'17 er gjeldande for dette prosjektet. NEK 400 for det elektriske anlegget.

Visning

Vi har ein tilsvarande bustad under oppføring i Tjørvåg, Herøy. Same bustaden, men med utvida 1.høgd er oppførd i Ørsta sentrum og ein ny skal leverast i same område i slutten av mai.
Vi har avtale om å kunne nytte desse som visningsbustadar for interesserte. Ta kontakt og vi kan avtale visning både i bustad og på tomta.

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 1577
Gårdsnr: 46
Bruksnr: 25

Fyrdsvegen, 6100 Volda

Jan Peter Lannerholm

Navn

Telefon
400 56 200

Pro Nor Nordic AS

Utbygger

Firma
Pro Nor Nordic AS

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Annonseinformasjon

FINN-kode 176590281
Sist endret 17. aug. 2020 13:06

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.