Bildegalleri

Nydeleg utsikt! Utleigedelen er annekset på høgre sida av huset. Du vil kunne nytte deg av den deilige hagen som vist her. Nytt hus er under oppføring på nabotomta mot sør. Nabotomt mot nord vil også bli bebygd.

Utleid

Koseleg 2-roms på idylliske Smørås i Fana. Fin utsikt!

Månedsleie
7 500 kr
Depositum
15 000 kr
Inkluderer
internett (trådløst)

Nøkkelinfo

Primærrom
36 m²
Boligtype
Leilighet
Soverom
1
Etasje
0.
Leieperiode
01.04.2019
Dyrehold tillatt
Ja

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Parkett
Peis/Ildsted
Rolig
Utsikt
Turterreng

Beskrivelse

Vi er ein familie med små og store barn som ynskjer ein triveleg, påliteleg og ryddig leigetakar.

Beskrivelse
Leilegheiten er knytta til ein einebustad på Smørås. Den er avskilt frå hovudhuset og har eige inngangsparti. Du vil kunne bruke hagen på sørsida av huset. Frå leilegheiten har du ein fantastisk utsikt over Fana og Bergen. Tomta ligg høgt med svært gode solforhold heile året. Huset ligg like ved flotte turterreng på Smøråsfjellet. Endestoppet til buss nr. 76 er berre 50 meter frå huset og det er 5-6 minutt køyring til Nesttun terminal, kor ein kan ta buss eller bybane vidare. Coop Extra ligg ein 10 minutts gåtur frå huset. Fleire einebustader er under oppføring i området rundt huset.

Skildring av bustaden
Fin 2-roms med god utleigestandard. I utgangspunktet møblert.

Bustaden inneheld: stor, lys og kosleg stove med peis og vedovn (desse har ikkje vore i bruk av tidlegare leigetakarar), liten walk-in-garderobe, heilflisa bad med varmekablar, vegghengt stråleovn med termostat, vaskemaskin, lite kjøken med hybelkomfyr og kjøleskåp, samt romsleg soverom. I gang og på bad er det flislagde golv, elles er det parkett.

Inventar
Følgjande kvitevarer medfølgjer: hybelkomfyr med steikeplater. Kjøleskåp. Vaskemaskin.
Sovesofa. Dobbelseng (150 cm). Spisebord og stolar. Kommodar og diverse småmøblar. Dei fleste møblane på bileta står i leiligheiten slik den er utleigd til noverande leigetakar.

Fasilitetar
Trådlaust nett er inkludert i leigeprisen.

Parkering
Det er mogeleg å parkere ein bil på eigedomen.

Elektrisitet
Leiligheten har eigen straummålar og leigetakar teiknar eige straumabonnement.

Oppvarming
Bustaden oppvarmast med elektrisitet og/eller ved. Det er varmekablar i store deler av leilegheiten.

Røyking er ikkje tillate.

Ynskjer langtidsleigetakar, minimum 1 år.
Bustaden høver for einslege eller par. Meir enn to personar ikkje tillatt.
Ynskjer referanse frå tidlegare leigeforhold.

Ta kontakt for visning utover visningtidspunkt.

(Foto: Invisio)

Profilinfo

Vi anbefaler å skrive kontrakt ved leie av bolig

Her finner du Forbrukerrådets husleiekontrakt

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode93496961
Sist endret20. mars 2019 08:32

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.