Bildegalleri
5 minutt gange frå huset til idyllisk strandsone
Gardsliv i havgapet - hus til utleige for naturglade folk
- Månedsleie
- 100 kr
Nøkkelinfo
- Primærrom
- 85 m²
- Boligtype
- Enebolig
- Soverom
- 5
- Etasje
- 3.
- Leieperiode
- 01.05.2026
- Dyrehold tillatt
- Ja
Fasiliteter
Beskrivelse
Bu på gard i havgapet – hus til utleige for rette person/familie
Drøymer du om å leve litt tettare på naturen, havet og eit aktivt gardsmiljø?
Vi har eit hus på garden vår som vi ønskjer å leige ut til rette person eller familie. Huset ligg om lag 50 meter frå hovudhuset, og for oss handlar dette mindre om leigeinntekter og meir om å skape eit lite miljø med folk som deler nokre av dei same verdiane.
Garden ligg på ei øy i havgapet på Vestlandet, med flott skjærgård, rikt dyreliv og gode turmoglegheiter rett utanfor døra. Samtidig er det korte avstandar til både by og fastland. Det går gratis ferge fleire gongar dagleg.
Leiga vil vere låg. Vi er først og fremst på jakt etter folk som ser verdien av eit enklare og meir sjølvstendig liv, og som trivst med natur, praktisk arbeid og gardsliv.
Om garden
Garden er under utvikling. Vi har allereie dyr, og har planar om fleire typar etter kvart, med mål om å kunne produsere og selje meir frå garden i framtida.
Difor set vi pris på folk som har interesse for natur, handverk, gardsdrift eller liknande – og som kanskje kunne tenke seg å bidra litt innimellom når det passar.
Moglegheiter i nærleiken
Hos oss vil du ha kort veg til:
Båt og gode fiskemoglegheiter
Verkstadfasilitetar for mekanisk arbeid
Hjortejakt og lokale skytebaner
Vedarbeid
Gardsdrift
Arbeid med mineralførekomstar
Flotte fjell- og turområde
Idrettsanlegg med moglegheit for fotball, padel og treningsrom m.m
Om huset
Huset er stort nok for ein familie, men treng litt kjærleik og innsats for å bli heilt slik ein ønskjer det.
Leigepris og leigeperiode blir avtalt nærare med aktuelle leigetakarar, då vi ønskjer ei løysing som fungerer godt for begge partar.
Kven vi ser etter
Sidan huset ligg tett på garden er det viktig for oss med god kjemi med dei som flyttar inn. Vi ønskjer derfor å bli litt kjent før vi eventuelt inngår avtale.
Vi oppmodar også gjerne bekjente eller folk gjennom nettverk om å ta kontakt dersom dette kunne vere aktuelt.
Det er ein fordel at ein snakkar godt norsk og har kjennskap til norsk bygdeliv og kultur, då ein blir ein del av eit lite lokalmiljø.
Når du tek kontakt, set vi pris på om du skriv litt om deg sjølv/dykk og kvifor dette kunne vere ein livsstil som passar for dykk.
Meir informasjon kan delast ved interesse.
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Vi anbefaler å skrive kontrakt ved leie av bolig
Her finner du Forbrukerrådets husleiekontraktNærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.