Bildegalleri

Uteområde med stor platting med takoverbygg og kveldssol, samt opparbeidd hage med hekk, bed, frukttrær etc.

Ny einebustad frå 2023 til leige

Månedsleie
23 000 kr
Depositum
69 000 kr
Inkluderer
Kommunale avgifter og vinterbrøyting. Strøm og bredbånd ikkje inkludert.

Nøkkelinfo

Primærrom
110 m²
Boligtype
Enebolig
Soverom
3
Leieperiode
21.08.2026 - 29.02.2028
Energimerking

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Delvis møblert
Balkong/Terrasse
Bredbåndstilknytning
Sentralt
Lademulighet
Barnevennlig
Peis/Ildsted
Garasje/P-plass
Turterreng
Moderne
Rolig
Utsikt

Beskrivelse

Vi leitar etter nokon som vil leige den fine heimen vår i 1,5 år frå ultimo august 2026, da vi skal til Trondheim ifm spesialisering på St. Olavs Hospital.

Huset er ein ny einebustad frå 2023 i eit roleg, barnevennleg og triveleg nabolag i Lergrovika i Molde. Boligen ligg i blindgate utan gjennomgangstrafikk. Det er gjennomgåande høg standard, og ein kan blant anna nemne peisovn, høg takhøgde i hovudetasje, stort og gjennomtenkt kjøkken, to bad kor det eine er kombinert med vaskerom, godt med bodplass (inkludert skibod, egen teknisk/isolert bod, kjøkkenbod, bod under trapp) stor carport og tre soverom av god størrelse. Flott fjell- og fjordutsikt gjennom store sørvendte vindauge med direkte utgang til sørvendt balkong med svært gode solforhold. Det er etablert hage med frukttrær, bærbusker og stor platting med kveldssol og takoverbygg.

Det er gåavstand til barneskule, ungdomsskule, barnehage, fleire matbutikkar og fleire busshaldeplassar med overraskande godt kollektivtilbud til både sentrum og SNR Hjelset. Kort veg til badestranda på Retiro samt rekreasjonsområdet Katthola.

Boligen leigast ut delvis/fullt møblert etter nærare avtale. Huset passar feks svært godt for sjukehustilsette da det er på riktig side av byen mtp pendling og har svært god bussforbindelse med berre 7 minutt gange til 714-bussen og 100-ekspressen.

Ingen husdyr eller røyk tillatt.

Vi leitar etter deg som vil ta godt vare på heimen vår og gjerne også hagen. Ta kontakt om dette kan vere interessant for deg/dykk!

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Profilinfo

Vi anbefaler å skrive kontrakt ved leie av bolig

Her finner du Forbrukerrådets husleiekontrakt

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode454285228
Sist endret24. apr. 2026 20:37

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.