Bildegalleri

Leveld med sitt vakre kulturlandskap.

Bolig til leige - Leveld i Ål i Hallingdal

Månedsleie
12 300 kr
Depositum
36 000 kr
Inkluderer
Inkl. internett og tv-kanaler fra Altiboks og kom. avgifter. Med moglegheit for rimelegare straum.

Nøkkelinfo

Primærrom
130 m²
Boligtype
Enebolig
Soverom
5
Etasje
2.
Leieperiode
01.03.2026
Dyrehold tillatt
Ja

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert
Balkong/Terrasse
Barnevennlig
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Lademulighet
Moderne
Peis/Ildsted
Rolig
Utsikt
Turterreng

Beskrivelse

Einebustad med gjennomgåande god standard og fleire oppgraderingar dei siste åra. Eigedomen ligg på rundt 700 moh og er del av eit småbruk med flotte utearealer, vakker utsikt og gode lys- og solforhold året rundt. Boligen har veranda og eigen hage. Det er moglegheit for hold av kaniner eller høner - og har du lyst til å dyrke mat til deg sjølv er det også høve til det. Kort avstand til skule og barnehage og døgnopen nærbutikk. Det er kollektivtilbod, men fordel med eigen bil. Huset har fem soverom, der to av dei også er godt eigna til garderobe eller kontor. Ved behov kan leigetakar disponere eit lagringsrom i kjellar, men det er god oppbevaringsplass i kotta i 2.etg. Det er mogleg å lade bil viss det trengs (lader inngår ikkje).

Det er ynskjeleg med langstidsleige. Ved langtidsleige kan leigetakar også søke om «Votnakraft». Eit særtilbod som gir rimlegare straum enn vanleg marknadspris. Straum inngår difor ikkje i leiga. Boligen er møblert og WiFi og tv-abonnement er inkludert.

Det ligg eit hus til på same bruk, men dei er avskilt med tun og beplanting, og begge har kvar sin hage.


Hund eller katt, evt. etter avt.

Leveld er ei bygd med omlag 300 innbyggarar og er eit av få utvalgte kulturlandskap i Norge. Bygda kan skilte med svært gode turmoglegheiter, sommar som vinter, og er med sin vakre natur og ro kjent for å ha inspirert mang ein kunstnar. Her ligg også Leveld Kunstnartun som har besøkande kunstnarar frå heile verda på opphald. Kunstnartunet har også nokre sosiale arrangement som er open for alle.

Det kan ellers nemnast at bygda høyrer til i Nordbygdene, som er ei fellesnemning på dei tre bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Nordbygdene har mange gode kulturarrangement, mellom anna i regi av Operalåven, og fleire aktivitetstilbod for både ungar og vaksne gjennom Fjellet Idrettslag, Ål Skisenter og Skarslia Ski- og Akesenter. Leveld har lysløype om vinteren og milevis med skiløyper innover snaufjellet. Bygda er roleg og ligg i høveleg avstand til Ål Sentrum (Sundre) med ca. 15 min å køyre.

Litt om kommunen: Ål er ei arrangement- og kulturkommune med høve til å delta på mange gode opplevingar gjennom året. Ål Kulturhus har i tillegg til kino, teater, kunstutstillingar og konsertar ei attraktiv kulturskule. På Sundre ligg også Ålingen kjøpesenter med butikkar for det du treng. Ål er kjent for gode og allsidige fritidstilbod for ung og vaksen, og har i tillegg svært mange lag og foreiningar ein kan engasjere seg i. Hallingdal Sjukestugu er også lokalisert på Ål, med mange arbeidsplassar og eit svært godt helsetilbod. Generelt finst det mange attraktive arbeidsplassar i kommunen.

Send gjerne melding her på Finn om du har spørsmål eller ynskjer visning.

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Profilinfo

Trenger du en kontrakt?

  • Sjekkmerke
    Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Sjekkmerke
    Digital signering
  • Sjekkmerke
    Gratis tjeneste
  • Sjekkmerke
    Godkjent av Forbrukerrådet

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode403925795
Sist endret05. jan. 2026 12:41

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.