Bildegalleri

Solgt

Idyllisk beliggande fritidseigedom 40 meter frå sjøen med tilhøyrande naust like ved

Kart med kartnålSkifjorden - Sandalen, 6958 Sørbøvåg
Prisantydning1 500 000 kr
Kommunale avg.
4 511 kr per år
Felleskost/mnd.
150 kr
Formuesverdi
492 000 kr
Verditakst
1 500 000 kr
Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Beliggenhet
Ved sjøen
Boligtype
Annet fritid
Eieform
Eier (Selveier)
Primærrom
36 m²
Bruksareal
37 m²
Tomteareal
574 m² (eiet)
Bruttoareal
42 m²
Byggeår
1976
Soverom
2
Rom
3
Energimerking
F - Rød

Les mer om bruksareal her

Om eiendommen

Eigedom

Skifjorden - Sandalen
6958 Sørbøvåg
Gnr. 4, bnr. 19, gnr. 4, bnr. 12.

Lokalitet

Fritidseigedom med optimal beliggenheit for deg som vil kombinere opplevingar til lands, fjells og til sjøs! Eit område for deg som søkjer komfort saman med friluftsinteressa.

Hytta ligg idyllisk til, ca. 40 meter frå sjøen i Sandalen, ca. 8,5 km frå Sørbøvåg i Hyllestad kommune.
Eigedomen ligg i framkant av eit utbygd område med fritidsbustadar og felleseigde nausttomter med båtplass, båtopptrekk og gjestebrygge. Sandalen hytter var faktisk ei av dei første reiselivsbedriftene som vart etablert i området.

Butikksenter med daglegvareforretning, bensinstasjon og servicehamn finn ein i Sørbøvåg, 8,5 km unna, så her har ein alt av naudsynte servicetilbod innan rekkjevidde.

Det viktigaste av alt er likevel alle friluftsmoglegheitane ein har innan ein halvtimes køyring. Hyllestad kommune er mellom anna kjend for dei mange- og flotte fjella. Gode eksempler er Lihesten og Gygrekjeften, som vart kjend over natta etter eit flott program frå 71 grader nord i 2016.
For dei som har båt (eller plan om å anskaffe seg) er det fantastiske skjærgårdområder med lune vikar og kort veg til ope hav. Alden og Norske Hesten ligg innan ein halvtimes båttur unna. Rett ut fjorden har ein også flotte krabbeplassar, det kryr av kamskjel, og her er gode vekstvilkår for blåskjel i Vågane. Sjøauren går inne i Skifjorden, men om ein ikkje vil i båt kan ein likevel tilbringe tida ved å fiske frå kaia ved hytta.
For dei som berre vil nyte live og slappe av, er det lang badestrand like ved.

Innhald

Eigedomen er utbygd med ei hytte, teikna og utforma av den annerkjende MNAL Arkitekt Truls Waage frå Bergen. Arkitekturen er spesiell og bygd i to modular med gang i mellom ei soveavdeling og ei opphaldsavadelig. Inneheld gangareal, to soverom, bad og mindre hems i soveavdelinga, og kjøkken og stove med utgang til romsleg veranda i trevirke i opphaldsavdeling. I tillegg er det utvendig bod, og eit vedskjul.
Tanken bak arkitekturen er at det skal vere mogeleg å utvide hytta i alle retningar etter behov.

Det høyrer til naust med loft oppført i 2007 på felles nausttomt, som ligg like ved eigedomen.
16 fots båt med årer og vestar som ligg i naustet, føl med ved sal.

Standard

Alle innvendige flater med unntak av baderom har laminat på golv, veggar av liggande panel og synlege bjelkar med panel i himling.
Baderommet har belegg på golvet og veggar av panel og dusjhjørne med respatexplater i 90x90 cm.

Hytta har to soverom, eit dobbeltrom og eit med køysenger. Begge er innreiia med skåp. På soverommet med køysenger er det mønt himling med stige til hems for fire ekstra soveplassar. Totalt har hytta åtte soveplassar.

Kjøkkenet er i opa løysing med stovearealet og vart oppgradert med ny innreiing frå IKEA i 2015. Her er det ventilator og integrerte kvitevarer beståande av induksjonstopp, steikeomn, oppvaskmaskin og kjøleskuffer. Det er montert kitchenboard mellom laminat benkeplate, og overskåp.
Plass til spisebord melom kjøkken og stove.
Stovearealet har utgang til treterrassen og utomhusareal. Det er montert peisomn med stålpipe frå byggjeår. Mønt himling med overlysvindauge i medvit frå arkitekt for betre romkjendsle, lys og og luft.

Hytta har elles ei utvendig bod med tilkomst frå terrassen. Her er varmtvassberedaren og sikringsskåpet plassert.
Det er også oppført vedskjul bak hytta.

Dei andre nærliggjande hyttene var i utgangspunktet make til denne hytta, men dei som har kjøpt har modernisert, bygd på og ført opp anneks på sine eigedomen. Moglegheitene er med andre ord mange!

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Det er nyleg kome tilbod om trålaust breiband.

Byggjemåte

Søyler er gravd ned på antatt faste massar. Det er montert dragarar på søylene med bjelkelag og tregolv.
Reisverk med forhudningspapp som vindtetting og liggande spaltekledning med ca 10 til 15 mm opning.
Vindauge med isolerglas i trekarm. Dører i furu.
Tak har sperrkonstruksjon med yttertak av torv. Yttertak er oppbygd av papp med eternitt der det er lagt knastepapp med torvtekking.
Flatt tak på mellombygg med papptekking skifta i 2015 grunna lekkasje.
Det elektriske anlegget er ope.

Naustet har grunnmur av betong på ut utplanerte, antatt faste massar.
Golv av betong.
Veggar av tre stendarar med liggande kledning.
Trebjelkelag og tregolv på hems.
Yttertak av aluminiumsplater på sperrekontruksjon.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Ketil Nævdal, datert 20.05.2017

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 36 kvm, Bruksareal: 37 kvm, Bruttoareal: 42 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

Hytte:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 37 kvm

Naust:
BRA pr. etasje:
1.etasje: 47 kvm
Lager/hems: 11 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Parkering på tomta.

Tomt

Areal: 574 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med plen, bed med blomster, bærtre og terrassar.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen er regulert til fritidsbustadar.

Veg, vatn, avløp

Felles, privat veg.
Det er innlagt vatn frå privat, felles vassverk.
Avløpet går til felles septiktank.

Det er i tillegg felles søppelkontainarar ved nedkjørsla til hyttefeltet som vert tømde ein gang pr. veke.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter F
Det er ikkje krav til energimerking

Tilkomst

Frå Sørbøvåg køyrer ein ca. 6 km vidare til ein kjem til vegkrysset Eide. Her køyrer ein ned bakken til venstre og forset ca. 900 m før ein tek av ved eit gammalt skilt merka "Sandalen". Her føl ein grusvegen ca. 1,3 km før ein tek til høgre ved nokre postkasser og eit skilt som står Sandalen på.
Hald rett fram og hytta kjem så på venstre hand etter ca. 300 meter, merka med blå "Til sals- plakat".
Kontakt elles meklar for vegbeskrivelse eller sjå kart på t.d. finn.no.

Oppvarming

Elektriske panelomnar og peisomn i stova.

Kommunale avgifter

Kr. 4 511 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Faste kostnader

Kr. 1 800,- pr. år til Sandalen Vel for felles avgifter til vedlikehald av veg, borehull for vatn med straum til pumpehus, vaktmeisterteneste og opptaking av gjestebryggje på hausten. Det er pliktig medlemsskap i velforeninga og samtlege bistår nokre dugnadstimar pr. vår, sjå vedtekter for Sandalen Vel i nedlastbar salsoppgåve.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 492 000 per

Ferdigattest

Eigedomen er registret som "tatt i bruK" i matrikkelen.
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Hyllestad kommune, då det ikkje var krav til dette på det tidspunktet.

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode97992351
Sist endret23. juni 2017 14:34
Referanse2170173

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.