Bildegalleri

Utsikt over garden

Inaktiv

Finnabotten, Norges minste fjordarm til sals!!! Stor eigedom eller leilegheit!!

Prisantydning500 000 kr
Formuesverdi
1 000 000 kr
Verditakst
12 000 000 kr

Nøkkelinfo

Beliggenhet
Ved sjøen
Boligtype
Leilighet
Primærrom
536 m²
Bruksareal
684 m²
Tomteareal
759 615 m² (eiet)
Soverom
11
Sengeplasser
22
Energimerking
C - Rød

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Båtplass
Utsikt
Fiskemulighet
Innlagt strøm
Innlagt vann
Strandlinje
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Om eiendommen

Finnabotten AS har besluttet å «selge» 10 leilegheiter, og eit nytt Fritidshus i Finnabotten. Leilegheitene og huset blir ikkje seksjonert ut frå eigedommen, men blir solgt som aksjar i aksjeselskapet. Alternativt kan ein få kjøpt heile eigedommen.

Fellesareal i Gjestgiveriet:
Eit stort kjøkken på ca. 40 m2, serveringssal på ca. 70 m2, og salong med bar og toalett på ca. 70 m2.
Alt som trengst av inventar, kjøkkenutstyr og serveringsutstyr.
Ein stor kjøl, brannvarslingsanlegg, sløkkeutstyr osv.

Fritidshuset manglar ein del inventar og utsyr.

Sjå bilete og få meir informasjon på heimesida: finnabotten.no,
eller facebooksida vår: finnabotten.
Dersom spørsmål ring 90725678.
Alternativ 1, med prisantydning på kr. 500 000,-:
Leilegheit som består av soverom, bad med dusj og toalett med hotellstandard på ca. 20m2. Utsikt oppover. ( 5 stk.)

Alternativ 2, med prisantydning på kr. 600 000,-:
Leilegheit som består av soverom, bad med dusj og toalett med hotellstandard på ca. 20m2. Utsikt ut over sjøen. (3 stk.)

Alternativ 3, med prisantydning på kr. 1 200 000,-:
Ein leilegheit som består av soverom, bad med dusj og toalett, pluss ein stovedel med hotellstandard på ca. 50 m2. Utsikt oppover frå soverommet, og ut over sjøen frå stova.

Alternativ 4, med prisantydning på kr. 1 000 000,-:
Toppleilegheit som har alt tilrettelagt for å lage eige kjøkken, stove, soverom og bad på ca. 60 m2, men her gjenstår ein del arbeid.
Utsikt oppover og nedover.

Alternativ 5, med prisantydning på kr. 2 000 000,-:
Huset har kjøkken, 2 stover, 2 soverom, eit ferdig bad i første etasje og eit tilrettelagt bad i andre etasje. Grunnflata er på 90m2. Platting/veranda nedover i begge etasjane.

- Alle har eigen båtplass(flytebrygge) på ca. 10 meter, og det
vil bli innreia med eigne kott til alle i kjellaren under huset.
- Det er ein stor platting på ca. 90-100 m2, på nedsida av
Gjestgiveriet.
- Det er ei lita jakthytte på fjellet.
- Dersom ein ynskjer det kan ein få sin eigen kjøkkenhage.

Når leilegheitene og huset er «solgt» vil det bli satt opp eit større naust som alle kan nytta. Det vil ikkje bli nokon ekstra kostnad på oppføringa av naustet, då inntekter frå sala vil bli nytta til dette.
Det var i fjor tildelt 6,5 hjorteløyve på eigedommen, så kvart år vil alle vil kunne søke og få tildelt løyve innad i aksjeselskapet. Det er i tillegg kvart år mogeleg å søke på eitt reinsløyve på eigedommen.
Fram i tid kan ein fikse opp selet på heimstølen, og sette opp hytte på fjellet. Dette vil også bli fellesareal, men vil vere ein ekstra kostnad dersom ein ynskjer å gjennomføre det.

Når prosjektet er ferdig vil eigedommen vere gjeldsfri, og kr. 500 000,- av overskotet vil gå inn som eigenkapital i selskapet!!!!

Alternativ 6, med prisantydning på kr. 6 000 000,-:
Sal av heile eigedommen med Gjestehuset og huset, og då som sjølveige.

Det blir visning søndag 10 og søndag 17 juni kl. 13.00.

Lørdag 23. juni blir det budrunde frå kl. 13.00 på melding/e-post eller pr. telefon.
Tlf. 907 25 678 eller e-post. kes@sogn.no.

Beskaffenhet

Eitt gårdsbruk utan bu og driveplikt, men kunn vedlikehaldsplikt. Gårdsbruket er på 760 dekar innmark, og ca. 15000 dekar med utmark. På gården er det satt opp eitt nydleg Gjestgiveri med 9 dobble rom, spisesal, storkjøkken, bar med sittegrupper (2006/2011), eitt fritidshus/bustadhus (2011), moglegheit for å restaurere 2 stk. stølshus på heimestølen og på fjellet. 50 meter med flytebrygge som tilsvarer 104 meter med båtplass. Veglaust. 6 hjorteløyver.

Standard

Gjestgiveriet består av 9 hotellstandard gjesterom med heilflisa bad (dusj og toalett), malte flater på vegger og tak, laminatgolv. Storhusholdningskjøkken med fliser på golv og vegger, kjølerom, stål storkjøkken med det meste av utstyr. Spisesal med sitteplass til 40-50 personer, malte flater på vegger og tak, laminatgolv. Bar/salong i kjellar med skiferfliser på golv, gråsteinmur/furupanel på veggene, furupanel i tak, innredd bar, toalett. Teknisk rom + moglegheit for å lage ein nydeleg leilegheit på loftet.
Fritidsboligen består av gang, bad, stove/kjøkken i hovudetasjen. loftstove, 2 soverom i andre etasje. Balkong med nydeleg utsikt i begge etasjer. Kjeller i underetasjen.

Ta kontakt med selger for komplett informasjon

Nærområdet

Profilinfo

Annonseinformasjon

FINN-kode91282261
Sist endret20. juni 2018 00:32

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.