Bildegalleri

Kvammin – sjarmerande hyttetun i Åsdalen, Svartdal

Åsdalen

Sjarmerande hyttetun, Kvammin, i Åsdalen, Svartdal, Seljord

Prisantydning850 000 kr
Totalpris
850 000 kr

Nøkkelinfo

Beliggenhet
På fjellet
Boligtype
Hytte
Eieform
Selveier
Tomteareal
1 000 m² (festet)
Festeavgift
1 350 kr
Soverom
2
Sengeplasser
5
Meter over havet
792

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balkong/Terrasse
Bilvei frem
Fiskemulighet
Peis/Ildsted
Turterreng
Utsikt

Visning

søndag, 05. juli
15:00 – 16:00

Om eiendommen

Velkomen til Kvammin – eit spesielt flott hyttetun i Åsdalen i Svartdal, fint plassert i fredelege og vakre omgjevnader med ein sjarmerande bekk like ved hytta og gode solforhold frå morgon til kveld.

Eigedomen er ein gamal staule, med hovudhytte, anneks og uthus samla på tunet, noko som gjev staden mykje sjel og særpreg. Her er det torvtak, bekkesus, peiskos, handsmidde detaljar og fleire gode uteplassar som skaper ei heilt eiga hytteoppleving.

Hovudhytta inneheld stove med peis og vedovn, kjøkken, soverom og vindfang med bod. I tillegg kjem anneks med ekstra soveplassar og uthus med vedfyrt dusjløysing, utedo og bod. Totalt er det 5 sengeplassar – 3 i hovudhytta og 2 i annekset.

Det som verkeleg gjer Kvammin spesiell, er uteområda. Her er det fleire lune plassar å nyte hyttelivet, både på terrassen, i glasverandaen og nede på plattingen ved bekken. Bekken gjev liv og stemning til eigedomen, og saman med den fredelege plasseringa og det grøne tunet skaper dette ei sjeldan fin ramme rundt hyttelivet.

Hytta ligg i eit område med fine moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er oppkøyrde skiløyper i nærleiken, og eigedomen har også fiskerettigheiter via hyttevelforeininga. Parkering er på felles parkeringsplass under 100 meter frå hytta, og det er mogleg å køyre opp for avlessing av varer og utstyr.

Hytta har 12V solcelleanlegg, og vatn blir henta frå bekk. Dette er ikkje ei moderne fullstandardhytte, men ei lun, sjarmerande og autentisk fjellhytte for deg som set pris på det enkle hyttelivet, naturen og den gode stemninga.

BELIGGENHET

Hytta ligg på Kvammin i Åsdalen i Svartdal, Seljord kommune, i vakre og fredelege omgjevnader med skog, bekk og flott natur rett utanfor døra. Her får du ei roleg plassering med mykje privatliv og ei ekte hyttekjensle, samtidig som området byr på fine moglegheiter for turar og naturopplevingar gjennom året.

Frå hytta er det kort veg til du er inne i Brattefjell- Vindeggen landsvernområdet, på ein slik tur er det god sjangs til å treffe på villrein som vandrer rundt i terrenget.

INNHOLD

Eigedomen består av hytte, anneks og uthus.

Hovudhytte

  • Vindfang med bod

  • Stove, peis og vedovn

  • Kjøkken

  • Soverom

  • 3 sengeplassar

Anneks

  • Liten gang

  • Soverom, vedovn

  • 2 sengeplassar

Uthus

  • Vedfyrt dusjløysing

  • Utedo

  • Bod

STANDARD

Hytta har ein enkel og tradisjonell standard, med mykje treverk, lune rom og eit gjennomført hyttepreg. Dette er ei hytte for deg som ønskjer ei autentisk fritidsoppleving med nærleik til naturen, framfor ein moderne fritidsbustad med full standard.

Hytta har 12V solcelleanlegg. Det er ikkje innlagt vatn, og vatn blir henta frå bekk.

ADKOMST

Det er mogleg å køyre fram til hytta for avlessing av varer og utstyr. Parkering skjer på felles parkeringsplass under 100 meter frå hytta.

TOMT

Hytta ligg på festetomt med låg årleg kostnad.

Ta kontakt med selger for komplett informasjon

Nærområdet

Profilinfo

Annonseinformasjon

FINN-kode467795098
Sist endret25. juni 2026 18:52

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.