Bildegalleri

Fritidsbustad i Bøanedsetra Hyttefelt i Stryn

Prisantydning9 800 000 kr
Omkostninger
246 090 kr
Totalpris
10 046 090 kr
Formuesverdi
571 000 kr
Verditakst
9 800 000 kr

Nøkkelinfo

Beliggenhet
På fjellet
Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Tomteareal
1 971 m² (eiet)
Byggeår
2010
Soverom
5

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Alpinanlegg
Balkong/Terrasse
Bilvei frem
Garasje/P-plass
Peis/Ildsted
Utsikt
Turterreng

Visning

Etter avtale med meklar

Om eiendommen

Beliggenhet

Fritidseigedommen ligg i attraktivt og populært hyttefelt i Bøanedsetra hyttegrend i Stryn kommune. Hytta ligg like ved Stryn Vinterski sine alpine skiløyper med moglegheit for ski in – ski out . Eigedommen er vel eigna for både familiebruk og til utleige, både sommar og vinter, då den ligg i eit av dei mest etterspurde hyttefelta i regionen med kort avstand til flotte turløyper/skiløyper og fine turmål i nærområde. Det er ca 4 km til Stryn sentrum. Eigedommen ligg sørvendt med gode solforhold og fantastisk utsikt mot fjorden og fjellheimen rundt. 

Generelt

Hytta vart oppført i 2010 og er moderne og romsleg med gjennomgåande høg standard og gode planløysingar. Det er til saman 5 soverom og 3 stover i fritidsbustaden. Det vart i 2023 oppført eit tilbygg mot aust som bl.a inneheld stor romsleg garasje, eit flott moderne bad med badstove, stove med kjøkken.  

REGULERINGSTILHØVE: Eigedommen ligg innanfor reguleringsplan med plannamn “Samla plan for Bøanedsetra – mindre endringar” og er regulert til arealformål “Fritidsbebyggelse – frittliggende”. Feltbetegnelse: F20 Planidentifikasjon: 2011009. Reguleringsbestemmelsane tillet oppføring av fritidsbustad med tilhøyrande anlegg i henhold til gjeldande plan og kommunale retningslinjer.

VATN – AVLØP: Eigedommen er tilknytt privat vassforsyning i området. Vassforsyninga er etablert i samsvar med gjeldande krav for fritidsbygg og tilknytinga skjer via felles leidningsnett i feltet. Avløp er tilknytt felles privat avløpsanlegg for området. Anlegget vert drifta i fellesskap mellom eigedommane innanfor feltet og tilfredsstiller krav til utslepp for fritidsbygg.

ANNA: Salet skjer gjennom Sogn og Fjordane tingrett som eit tvangssal etter tvangsfullbyrdingslova av 1992, Jf. særskilt kap.11.Advokat Thore Heggen er av tingretten oppnemnd som medhjelpar ved tvangssalet. Det føreligg tilstandsrapport på eigedomen som følgjer vedlagt til salsprospektet. Vi føreset at rapporten vert gjennomgått før evt. bod vert gjeve på eigedommen. 

Med omsyn til påviste manglar ved eigedomen føreset eit ev. kjøp at kjøparen har lest føreliggande tilstandsrapport datert 09.10.2025 utarbeidt av Nordfjord takst consulting AS ved sertifisert takstingeniør Jon-Aage Bjørnholt. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. 

Feil og manglar: Som hovudregel skal ein eigedom kjøpt på tvangssal overtakast i den stand den er i. Lov om avhending av fast eigedom vert ikkje lagt til grunn. 

Bod: Bod vert gjeve i hovudsak som ved ordinær eigedomsmekling. Ein vesentleg forskjell er at eit bod for å kome i betraktning må vere bindande for bydaren i minst 6 veker. Dette kan mellombels etter avtale mellom partane kortast ned til minimum 2 veker. I praksis vil dette vere for lite. Ved sal av andelsleilegheiter er fristen 3 veker. Bod som inneheld atterhold om finansiering vil normalt ikkje bli anbefalt godkjent før finansieringa er ordna. Bodgjeving skal skje skriftleg på vedlagt bodskjema til meklar. Ved ev. høging av bodet kan dette skje på e-post eller pr. telefon.

Anbefaling av bod: Medhjelparen kan etter lova ikkje akseptere eit innkome bod. Han legg fram bodet for saksøkjaren og andre rettshavarar, og ber om at saksøkjaren krev bodet stadfesta.

Adkomst/Tomteforhold

Eigedommen har tilkomst frå privat veg med tilknyting til offentleg vegnett via Nedsætrevegen. Vegen er framkommeleg heile året og blir normalt vinterbrøyta. Tilkomsten er godt opparbeidd med asfaltert dekke og tilfredsstillende standard for personbiltrafikk.

Eigartomt med tomteareal på 1971,1 m². Tomta ligg i naturskjøne omgjevnadar med gode solforhold og utsikt mot omkringliggande fjellterreng. Den ligg i eit roleg og lite trafikkert del av området. Tomta er delvis opparbeidd med tun og naturleg vegetasjon. Terrenget er svakt skrånande. Det er tilrettelagt for parkering på eigengrunn. Eigedommen framstår som godt tilpassa omgjevnadane og omkringliggande hytter elles i området. Det er opparbeidd innkøyrsel med flotte natursteinsmurar og asfaltert dekke.

Innhold

Fritidsbustaden består av hovudetasje og loftsetasje i den først oppførte delen oppført i 2010, samt eit tilbygg som vart oppført i 2023. I hovuddelen er det kjøkken/spisestue, stove/gang, entre, garderobe, vaskerom, bad med badstove, 2 soverom, utvendig sportsbod. Det er lakkert tretrapp til loftsetg, her er stove/gang 3 soverom, bad med dusj, gang og bod. 3 Tilbygget inneheld: Stove m/lite kjøkken, garderobe/gang, stort flott bad m/badstove, gang og stor garasje. Internt bruksareal er av takstmann opplyst til å vere va. 277m2.

Standard

UTVENDIG BESKRIVELSE: Fritidsbustaden er bygd på fjell og fylling. Grunnmur av isolerte element og betongveggar mot terreng. Taktekking er av torv som vart lagt på i 2010 og 2023. Takrenner og nedløp er av aluminium. Veggane har bindingsverkskonstruksjon frå byggjeår og tilbyggingsår. Fasade/kledning består av liggande villmarkspanel samt noko dekorflis/skifer. Takkonstruksjonen har sperrekonstruksjon og prefabrikerte takstolar. Måla trevindauge med 2 og 3-lags glas frå byggjeår og tilbyggingsår. Måla hovudytterdør og elles måla dører og balkongdører med glas. Skyvedører i tilbygg. Garasjeport av ledda aluminium med portopnar. Store uteområde med terrasser av trevirke, rekkverk av trevirke og glas i aluminiumsrammer. Terrasse med utgang frå loftsstove i loftsetasje, rekkverkshøgde er 92 cm (som pr. dagens standard er for lågt).

INNVENDIG BESKRIVELSE: Innvendig er det golv av laminat, betong og flis. Det er trepanel på veggar og tak innvendig. Etasjeskiller er av trebjelkelag. Golv mot grunn er av betong og har flytande golv. Det er opplyst at bygget er utført med radonsperre. Hytta har elementpipe og vedomn som er innebygd med omkringliggande steinflis. I loftsetasjen er det ein enkel vedomn. I tilbygget er det gasspeis. Lakkert tretrapp, furu fyllingsdører inne i hovedhytta, tilbygget har formpressa profilerte dører. Branndør mellom bustad og garasje.

Vaskerom: Veggane har panel/tømmer. Taket har panel. Golvet er flislagt. Rommet har elektriske varmekablar. Rommet har opplegg for vaskemaskin, utslagsvask, varmtvassbereidar og røyr-i røyr-skap. Det er ingen ventilering på vaskerommet.

Bad 1 med badstove i hovudhytta: Her er flis på veggane og på golvet, panel i taket. Rommet har elektriske varmekabler. Baderomsinnreiing med nedfelt servant og veggmontert toalett, steamdusj, prefabrikkert badstove med infrarød varme. Elektrisk styrt vifte.

Bad 2 med badstove i tilbygg: Badet er nytt frå 2023. Veggane her har flis og panel/tømmer. Panel i taket og flis på golv. Rommet har elektriske varmekablar. Baderoms-innreiing med nedfelt servant, veggmontert toalett og dusjveggar/hjørne, nedsenka dusjsone. Badstove med badstoveomn. Glasvegg og glasdør mellom badstove og bad. Elektrisk styrt vifte.

Bad i loftsetasje: Badet har flis på veggar og på golv, panel i taket. Rommet har elektriske varmekablar. Baderomsinnreiing med nedfelt servant, veggmontert toalett og dusjkabinett. Det er installert en elektrisk styrt vifte. 

Hovudkjøkken: Kjøkkenet har innredning med profilerte frontar av heiltre (Hjelle snekkerverksted). Benkeplata er av laminat. Det er oppvaskmaskin, induksjonstopp, micro og steikeomn. Det er ikkje montert komfyrvakt eller vasstoppeventil.

Lite kjøkken på stove i tilbygg: Kjøkkenet har innreiing med glatte frontar. Benkeplata er av kompositt el.l. Det er vask, kjøleskap, vinskap og vasstoppsystem.

TEKNISKE INSTALLASJONAR: Innvendige vassleidningar av plast (røyr i røyr). Røyr i røyr skap ved vv-bereidar og vassinntak i tilbygg (2023). Det er avløpsrøyr av plast frå byggjeår og tilbyggingsår. Hytta har naturleg ventilasjon, avtrekk på våtrom, 2 vv-beredarar på ca 200 liter. Elektrisk anlegg frå byggjeåret og tilbyggingsåret. Inntaksskåpet er plassert på garderobe i eldste del av hytta. Fordelerskåp i tilbygget. Hytta har skjult el-opplegg. Brannvern: Det er handslukkar og batteridrevne røykvarslarar.

TILSTAND: Hytta har god standard og er godt vedlikehalden. Det føreligg tilstandsrapport dater 09.10.2025 som ein ber om vert lest nøye gjennom då dette er eit tvangssal med avgrensa høve for å gjere gjeldande mangelskrav.

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Se komplett salgsoppgave

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode451322585
Sist endret16. feb. 2026 12:43

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.