Treungen - Moderne arkitekttegna hytte i Svivkollen hyttefelt

Svivkollen hyttefelt, 3855 Treungen

Prisantydning 2 990 000 kr
Beliggenhet
På fjellet
Boligtype
Hytte
Eieform bolig
Eier (Selveier)
Soverom
3
Bruksareal
80 m²
Grunnflate
101 m²
Tomteareal
1200 m² (eiet)
Sengeplasser
8
Ant p-plasser
2

Fasiliteter

  • Balkong/Terrasse
  • Bilvei frem
  • Båtplass
  • Garasje/P-plass
  • Offentlig vann/kloakk
  • Peis/Ildsted
  • Utsikt
  • Fiskemulighet
  • Innlagt strøm
  • Innlagt vann
  • Turterreng

Matrikkelinformasjon

Gårdsnr: 31
Bruksnr: 202

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Beliggenhet

Informasjon
Svivkollen hyttefelt tilbyr alt frå tomter til nøkkelferdige hytter i eit moderne hyttefelt. Hyttefeltet er utvikla i samarbeid med Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset.

Dette er ei ny arkitekttegna hytte til ein veldig god pris, kun tilgjengeleg i vårt hyttefelt.
Hytta er prosjektert på tomt 16, men kan også settas opp på andre tomter i feltet. Pris på tomt og hytte er frå kr 2.990.000,- pluss omk. Prisen vil variere noko ved valg av andre tomter. 

Me har fleire andre hyttetyper som kan leveras som ei totalpakke med nøkkelferdig hytte og tomt i Svivkollen hyttefelt. Har du ein hyttemodell sjølv som du ynskjer, gjer me deg gjerne eit tilbud på den som ein del av ei totalpakke også.

For meir info sjå heimesida www.svivkollenhyttefelt.no og Svivkollen hyttefelt på facebook.
Ta kontakt for ein hytteprat og eit tilbud skreddersydd for deg. 

Visningar
Ta kontakt for privat visning utover annonserte fellesvisningar

Om Svivkollen hyttefelt
Svivkollen hyttefelt ligg idyllisk til på Naurak i Nissedal kommune, på vestsida av Nisser. Frå hyttefeltet er det flott utsikt utover tuna på Naurak, Nisser og omkringliggande terreng og fjell.

Naurak har mykje å by på av opplevingar gjennom alle årstider. Frå hyttefeltet er det allereie merka turløyper og det er planlagt fleire løyper. 
Vinteren 2018 kom det istand skiløyper som startar frå hyttefeltet og går om lag 4 km innover i terrenget, tråkka med tråkkemaskin. Det er også regulert inn område for skibakke med taugtrekk/skiheis i tilknyting til hyttefeltet.
I nærleiken av Naurak kan me anbefale Kronfjell, Allambergknatten og Langfjell som turmål. Frå toppane er det fantastisk utsikt utover Nisser, snaufjellet og Fyresdalsheiane. Er du heldig kan du skimte havet på klåre dagar.

Bare eit steinkast frå hyttefeltet ligg innsjøen Nisser. Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. På sommarstid er Nisser heilt fantastisk å opphalde seg ved. Nisser er den største innsjøen i Telemark, og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. 
Det er bryggjeanlegg med båtplassar til leige i umiddelbar nærleik til hyttefeltet.

Kort om Nissedal kommune - opplevingar
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. 
Det er mange flotte oppmerka turløyper i kommunen. Blant anna arrangerer Topptur Nissedal eit svært populært toppturprogram i kommunen. Her kan ein bli med på fellesturar eller gå på eigen hand. 
Om du likar å springe i bratt terreng så blir det arrangert fleire motbakkeløp i kommunen. 
I Nissedal er det populært med terrengsykling, og det er fleire oppmerka sykkelstiar som kan nyttast. 
Elles anbefalar me å sykle rundt Nisser. Turen er om lag fire mil og for å kome deg over Fjonesundet må du ta Fjoneferja. Fjoneferja er Norges minste kabelferje, og er ein attraksjon i seg sjølv.
Ein annan populær attraksjon er eit heilt naturleg badeland i Haugsjåsund. Her er det jettegryter og naturlege vassklier. Både i Nisser, Tjørull og Nidelva er det fint å bruke kano, kajakk og båt.
Elles finn du også flotte skiløyper på Fjone Høgfjell, Gautefall og Kyrkjebygdheia.

Generelt

Målet til Svivkollen hyttefelt AS er å tilby draumetomter i eit naturleg landskap og moderne hytter med harmonisk og gjennomført stil.
For landskapets del er målet å gjere minimale inngrep slik at tomtene og terrenget blir mest mogleg naturleg. For å få til dette er det mellom anna regulert inn tre ulike hyttetomt-typer, der det kan byggast hytter som er tilpassa terrenget på kvar tomt. 
Svivkollen hyttefelt AS har engasjert Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset for utarbeiding av ein spennande reguleringsplan, med eit gjennomført estetisk uttrykk. 

For meir info sjå heimesida www.svivkollenhyttefelt.no og Svivkollen hyttefelt på facebook.
Ta kontakt for ein hytteprat og eit tilbud skreddersydd for deg. 

Adkomst/Tomteforhold

Adkomst
Frå Treungen sentrum er det 7 kilometer til Naurak og Svivkollen hyttefelt. Køyr over Treungbrua og ta deretter til høgre mot Fjone. Sjå også vedlagt kart.

Tomteforhold
Tomtene er hovudsakleg naturtomter med lyng og blåbærskog. Tomtene ligg i eit relativt flatt terreng med flott utsikt utover ein av Noregs største innsjøar, Nisser.
Hyttetomtene er store, på omlag 1.000 m2.

Innhold



Standard

Hyttefeltet
Svivkollen hyttefelt er eit høgstandard hyttefelt med straum, kommunalt vaten og avløp samt moglegheit for tilkobling til fibernett
Det er gjennomgåande moderne stil og høg standard på hytten i feltet. 

Hyttene
Dette er ei prosjektera hytte og kjøpar har store moglegheitar for å gjere endringar og sette sitt personlege preg på hytta. Endeleg leveranse og pris blir avtalt i eiga kontrakt. Hyttene blir levert i henhold til bustaoppføringslova.

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Ta kontakt med megler for komplett salgsoppgave

Svivkollen hyttefelt, 3855 Treungen

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Annonseinformasjon

FINN-kode 219073725
Sist endret 19. mai 2021 01:16

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.