Bildegalleri
HEGGMYRANE - Smart 6, innhaldsrik hytte frå Saltdalshytta, med fantastisk beliggenheit i Solsida hyttefelt
6869 Hafslo- Omkostninger
- 16 342 kr
- Totalpris
- 3 846 342 kr
Pris på lån: fra 16 741 kr/mnd
Lånekalkulator fra 16 741 kr/mndEff.rente 6,39 %. 2 298 000 o/20 år. Kostnad: 1 719 840 kr. Totalt 4 017 840 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Beliggenhet
- På fjellet
- Boligtype
- Hytte
- Bruksareal
- 111 m²
- Tomteareal
- 670 m² (eiet)
- Soverom
- 3
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Om eiendommen
Beliggenhet
Solsida hyttefelt ligg fantastisk til like ved Sogn skisenter, med flott utsikt og gode solforhold. Her kan du ta på deg langrennskia utanfor hytteveggen, og skli ned i langrennsløypa som ligg 100m ned i bakken. Går du 500m lenger så er du kommen til Sogn Skisenteret med kafe og skiheisar. Prisen sm er oppgitt gjelder for tomt 24, det tas atterhald om tilgjengelege tomter. Det er mogleg å velja andre tomter, men då vil prisen variera frå oppgitt pris.
Generelt
Saltdalshyttas populære SMART-serie består av fleksible og arealeffektive hytter med smarte løysningar som bidreg til å gjere hyttelivet enda betre. Blant annet er SMART utstyrt med eit romsleg loft i heile hyttas lengde.
Smart 6 er en klassisk, fin og prisgunstig arkhytte med overbygd terrasse og stort opphaldsrom. Stove og kjøkken dannar ein vinkel som gir utsyn i flere retningar, og som har ildstaden strategisk plassert midt mellom. Hytta har eit soverom på hovudplanet og to soverom oppe, på kvar sin side av den sjarmerande loftstova som strekkjer seg framover i arken. I tillegg har SMART 6 bad med sauna, og flere bodar og kott.
Denne hytta kan ein få med 30 grader og 35 grader vinkel på taket. Me har her valgt hytta med 35 grader, noko som gir større takhøgde på hemsen, og eit større bruksareal på hytta.
Adkomst/Tomteforhold
Innhold
Prisen er for nøkkelferdig hytte av typen Smart 6 med 35 grader takvinkel, inkludert tomt, grunnarbeid og betong. Det må tas atterhald om at tomten er tilgjengeleg. Prisen er justert pr. mai 2023.
Hytta Smart 6 er kun eit forslag til hytte på tomta. Er det andre hytter frå Saltdalshytta ein heller vil ha på tomta, så lagar me til ein pris til deg på det, her er det mange moglegheitar. Me er og fleksibel på grad av eigeninnsats. Me kan leverer byggesett, ferdig montert råbygg, El-klar og Nøkkelferdige hytter. Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg og uforpliktande hytteprat!
Standard leveranse:
Grunn og utomhus arbeider: Adkomst frå veg mot biloppstillingsplass leverast med grusa overflate. Tomten blir planert med stedlige massar, og det blir lagt på jord slik at det er klart til såing. Betongplate og ringmur isolerast etter gjeldende forskrift.
Innvendige overflater: Alle innvendige overflater er prisa med veggar og himlingar av ubehandla sprekkpanel, liggande på vegg og i møneretning i tak. Gerikter, foringar, tak- og vegglister leverast i samme farge som panelen. Veggar på bad leverast med våtromsplater av typen Fortissimo Denver White 60x40 fliser. Golv i bad, wc og sauna leverast flislagt, std str flis 20x20cm Arc Grey. Golv i vf leverast flislagt med flis str 30x60cm. Boder leverast med betonggolv. Øvrige golv er prisa med 3-stavs eikeparkett, kvit concerto. Innerdørane er kvite mens trapp og rekkverk er ubehandla.
Ytterveggar og tak: Yttervegger med ståande låvepanel med gråfarga grunning. Vinduer, ytterdører og verandadører leverast ferdig overflatebehandla etter Tek 17. Farge S0502-Y Tak tekkast med Isola takshingel. Takrenner, nedløp og pipebeslag leverast i svart lakkert stål.
Innerveggar: Leverast med 73mm isolert bindingsverk, panelast på beigge sider. Teknisk veigg utførast med 198mm bindingsverk. Bærevegger utføras med 98mm bindingsverk. Utvendig bod leverast uisolert.
Ildstad og varme: Std Jøtul ventilert stålpipe. Std Jøtul F163 ovn.
Elanlegg: El-anlegg med omfang i henhold til forskrift NEK 400. Det leverast 2 utvendige lysarmaturer og 2 utvendige stikk. Flislagte golv leveres med varmekablar (ikkje i sauna).
Rørleggerarbeider: Sanitæranlegg med omfang som på planteikningar. Det leverast utvendig frostsikker kran.
Kjøkken- og badeinnreiing: Leveranse og montering er prisa inn med eit verdikort på kr45.000,-. Ved nøkkelferdig leveranse så har me vår faste leverandører Sigdal på kjøkken og bad.
Standard
Vesentlige opplysninger
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Beliggenhet
Nordbohus - Sogn AS
Annonseinformasjon
FINN-kode | 183475368 |
---|---|
Sist endret | 20. juni 2023 09:50 |
Referanse | Heggemyrane tomt 10 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.