
Bildegalleri

Eksklusiv og moderne hytte i Svivkollen hyttefelt, teikna og prosjektert av Snøhetta arkitektkontor.
- Omkostninger
- 0 kr
- Totalpris
- 3 490 000 kr
Pris på lån: fra 15 262 kr/mnd
Eff.rente 6,39 %. 2 094 000 o/20 år. Kostnad: 1 568 880 kr. Totalt 3 662 880 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Beliggenhet
- På fjellet
- Boligtype
- Hytte
- Eieform
- Eier (Selveier)
- P-plasser
- 2
- Primærrom
- 95 m²
- Bruksareal
- 95 m²
- Grunnflate
- 144 m²
- Soverom
- 3
- Sengeplasser
- 10
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Om eiendommen
Beliggenhet
Visningar
Ta kontakt for privat visning utover annonserte fellesvisningar
Om Svivkollen hyttefelt
Svivkollen hyttefelt ligg idyllisk til på Naurak i Nissedal kommune, på vestsida av Nisser. Frå hyttefeltet er det flott utsikt utover tuna på Naurak, Nisser og omkringliggande terreng og fjell.
Naurak har mykje å by på av opplevingar gjennom alle årstider. Frå hyttefeltet er det allereie merka turløyper og det er planlagt fleire løyper.
Vinteren 2018 kom det istand skiløyper som startar frå hyttefeltet og går om lag 4 km innover i terrenget, tråkka med tråkkemaskin. Det er også regulert inn område for skibakke med taugtrekk/skiheis i tilknyting til hyttefeltet.
I nærleiken av Naurak kan me anbefale Kronfjell, Allambergknatten og Langfjell som turmål. Frå toppane er det fantastisk utsikt utover Nisser, snaufjellet og Fyresdalsheiane. Er du heldig kan du skimte havet på klåre dagar.
Bare eit steinkast frå hyttefeltet ligg innsjøen Nisser. Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. På sommarstid er Nisser heilt fantastisk å opphalde seg ved. Nisser er den største innsjøen i Telemark, og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell.
Det er bryggjeanlegg med båtplassar til leige i umiddelbar nærleik til hyttefeltet.
Kort om Nissedal kommune - opplevingar
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Det er mange flotte oppmerka turløyper i kommunen. Blant anna arrangerer Topptur Nissedal eit svært populært toppturprogram i kommunen. Her kan ein bli med på fellesturar eller gå på eigen hand.
Om du likar å springe i bratt terreng så blir det arrangert fleire motbakkeløp i kommunen.
I Nissedal er det populært med terrengsykling, og det er fleire oppmerka sykkelstiar som kan nyttast.
Elles anbefalar me å sykle rundt Nisser. Turen er om lag fire mil og for å kome deg over Fjonesundet må du ta Fjoneferja. Fjoneferja er Norges minste kabelferje, og er ein attraksjon i seg sjølv.
Ein annan populær attraksjon er eit heilt naturleg badeland i Haugsjåsund. Her er det jettegryter og naturlege vassklier. Både i Nisser, Tjørull og Nidelva er det fint å bruke kano, kajakk og båt.
Elles finn du også flotte skiløyper på Fjone Høgfjell, Gautefall og Kyrkjebygdheia.
Generelt
Svivkollen hyttefelt tilbyr alt frå tomter til nøkkelferdige hytter i eit moderne hyttefelt. Hyttefeltet og hyttene er utvikla i samarbeid med Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset.
Dette er den populære Gapahuk hytta teikna av arkitektkontoret Snøhetta og levert av hytteleverandøren Rindalshytter. Bilda i annonsa er tatt av tilsvarende hytte i hyttefeltet.
Hytta er prosjektert på tomt 18, men kan også settas opp på andre tomter i feltet.
Pris kan variere noko ved valg av anna tomt.
Tomteprisar er frå kr 690.000,- pluss omk og kjem i tillegg.
Me har fleire andre hyttetyper som kan leveras som ei totalpakke med nøkkelferdig hytte og tomt i Svivkollen hyttefelt.
Målet til Svivkollen hyttefelt AS er å tilby draumetomter i eit naturleg landskap og moderne hytter med harmonisk og gjennomført stil.
For landskapets del er målet å gjere minimale inngrep slik at tomtene og terrenget blir mest mogleg naturleg. For å få til dette er det mellom anna regulert inn tre ulike hyttetomt-typer, der det kan byggast hytter som er tilpassa terrenget på kvar tomt.
Svivkollen hyttefelt AS har engasjert Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset for utarbeiding av ein spennande reguleringsplan, med eit gjennomført estetisk uttrykk.
For meir info sjå heimesida www.svivkollenhyttefelt.no og Svivkollen hyttefelt på facebook.
Ta kontakt for ein hytteprat og eit tilbud skreddersydd for deg.
Litt om Gapahuk og Snøhetta:
Gapahuk er resultatet av samarbeid mellom Rindalshytter og det internasjonalt anerkjente arkitektkontoret Snøhetta, og viser hvordan arkitektur kan være en hyllest til landskapet. Formen på hytta er skapt for å passe inn i et hvert terreng – ved sjøen, på fjellet, i skogen, og vendt mot himmelretningen du selv ønsker. Dette er ikke bare unikt for hyttemarkedet, det er arkitektur i verdensklasse.
Takket være vridningen på taket åpner Gapahuk seg i begge ender. Med flere høye vinduer fyller dagslyset hytta hele veien gjennom, fra morgen til kveld. Hytta er skapt for å tilbringe tid med dem man er glad i, med gode fellesrom, overdekte uteplasser og utsikt.
I hver eneste cm2 av Gapahuk ligger det en baktanke. Miljøhensynet, det enkle vedlikeholdet, kontrasten mellom det vidåpne og trygge, og med materialer som bare blir vakrere og vakrere år for år. Gapahuk skal vare i mange generasjoner.
Arkitektkontoret Snøhetta står bak prestisjebygg som Operahuset i Bjørvika, biblioteket i Alexandria og World Trade Center Museum i New York. Når Snøhetta slår seg sammen med Rindalshytter for første gang, står både naturen og kundene i sentrum.
Seniorarkitektene Anne Cecilie Haug og Andreas Joyce Nygaard er overbevist om at de har laget en hytte der man i langt større grad kan være til stede i øyeblikket.
— Vi var inspirert av det enkle livet i naturen, legge seg ned på bakken og så spenne et enkelt tak over for å skape ly for været, forteller Anne Cecilie Haug. Med den diagonale mønekammen som selve signaturen, har Snøhetta skapt en hytte som både er tradisjonell og nyskapende på samme tid.
Adkomst/Tomteforhold
Adkomst
Frå Treungen sentrum er det 7 kilometer til Naurak og Svivkollen hyttefelt. Køyr over Treungbrua og ta deretter til høgre mot Fjone. Sjå også vedlagt kart.
Tomteforhold
Tomtene er hovudsakleg naturtomter med lyng og blåbærskog. Tomtene ligg i eit relativt flatt terreng med flott utsikt utover ein av Noregs største innsjøar, Nisser.
Hyttetomtene er store, på omlag 1.000 m2 ++.
Innhold
Vindfang
VF er 2,1 m2 og er åpen inn til entre.
Bod
Bod er 3,8 m2 og har plass til skap og ekstra kjøl/fryseskap om ønskeleg. Dette fungerer også som teknisk rom med VV bereder og sikringsskap.
Entre
Entreen er 3,5 m2 og er godt utnytta med plass til garderobe.
Kjøkken/ stove
Kjøkkenet og stova er på 32,1 m2 og er samlingspunktet i hytta. Her er det rom for trivsel og rekreasjon i eit med naturen. Skiljet mellom inne og ute blir minimalt med store vindaugsflater i terrassedørene og vindauga. Det er godt med naturleg ljos i desse romma. Rommet har god plass både ved spisebord og i salongen. Frå kjøkken/ stove er det 2 utgangar, ein til terrassen og ein til uteplass på endeveggen.
Stove
I tillegg til kjøkken/stove er det ei mindre stove på 6,7 m2. Denne stova kan brukast som tv krok om ynskjeleg. Også her er det store vindauge som gjer at naturen kjem tett på.
Toalett/wc
I tillegg til bad er det eit eige toalettrom på 2,0 m2 med wc og handvask.
Bad
Badet er på 7,0 m2 og er ljost og romsleg med dusj, wc og baderomsinnreiing. På badet er det opplegg for vaskemaskin.
Soverom
Det er tre soverom i hytta, alle i nordenden av hytta. Størrelsen er på 6,5 , 7,0 og 9,1 m2. Det største soverommet på sørenden har god plass til dobbeltseng og garderobe. Dette rommet har og eit stort gavelvindauge.
Dei 2 andre soveromma er noko mindre, men dei har også god plass til soveromsmøblar.
Hems
Det er hems over bad og wc på om lag 9 m2 som ikkje er medrekna i arealet. Hemsen har god plass til oppbevaring, samt ein sovealkove med plass til ei 120 cm madrass. Det er tilkomst til hemsen frå den minste stova via ein hemsstige med glidebeslag. Veggen mot den minste stova er open med spilar
Inngangsparti/terrasse
Inngangsparti og terrasse er overbygd, samt at det er lagt terrasse med impregnerte golvbjelkar og 28x120 terrassebord. Terrasse har og ein integrert sittebenk.
Standard
Det er gjennomgåande moderne stil og høg standard på hytta. Alle veggar har brei panel frå Rindalslist.
Alle himlingar er kledd med same panel som på veggane.
Golvet på bad og vindfang er flislagt og har varmekablar. I bod og vindfang er det belegg. I resten av hytta er det parkett på golva.
Det er innlagt vatn, avløp og straum i hytta.
Konstruksjon
Hytta er oppført på isolert betongplate på mark som er fylt opp med pukk og steinmasser. Skilleveggar har bindingsverk av tre. Taket har saltakkonstruksjon med sperrer. Taksperrene avsluttast ved yttervegg slik at desse ikkje blir synlege under takutstikket. Det er god tetting i overgang mellom vegg og tak. Taket er tekt med royalimpregnert setersvart tretak. Ved takfoten er det spesialtilpassa takrenner innkledd med royalimpregnerte bord, slik at dei synast å vere ein integrert del av taket. Ytterveggar har royalimprignert setersvart dobbeltfalsa kledning. Det er ståande kledning i ytre veggsjikt, men liggande kledning med naturell royalolje i inntrekte veggparti ved terrasse. Inngangsparti og "kasser" i kvar enda av hytta er kledd med sementbaserte fasadeplater.
Oppvarming
Elektrisk og vedfyring. Det er montert vedomn i kjøkken/stovedel, og varmekablar i vindfang og bad.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nærområdet
Svivkollen Hyttefelt AS
Geir Pettersbakken
Jan Aarak
Lignende eiendommer til salgs


Innholdsrik hytte m/høy standard, nydelig uteområde, idyllisk utsikt og mye sol. Integrert garasje, 3 soverom og anneks.

Attraktiv familiehytte fra 2010 | Innerst i blindvei | Usjenert utsikt | Flotte turområder | 2 stuer, 2 bad & 4 soverom

Usjenert hytte m/flott utsikt, gode solforhold og fine uteplasser. Vakre omgivelser, med fiskevann og helårs turterreng.

Vrådal - stor duohytte med stor og usjenert uteplass| Helårshytte |Ski in/ ski out |3 soverom | Solrikt | Utsikt

Raudnes, en sjelden innlandsperle - Nøkkelferdig hytte og tomt, garasje, takterrasse, 4 soverom, 2 bad, innflyttingsklar
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.