Bildegalleri

Inaktiv

Ny hytte frå BoligPartner med urnorsk bærekraft! Med hytta V1 går me tilbake til våre solide byggeskikkar, med malmfuru!

Kart med kartnålVik Fjellandsby, 6893 Vik i Sogn
Prisantydning2 464 000 kr
Omkostninger
23 620 kr
Totalpris
2 487 620 kr
Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Bruksareal
63 m²
Tomt
Eiet
Soverom
1

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Kabel-TV
Fiskemulighet
Offentlig vann/kloakk
Peis/Ildsted
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Bademulighet

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Om eiendommen

Beskrivelse

Slik våre forfedre valde ut sine beste malmfurutre, løftar me dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur. Så ekte og nært. Så solid og tradisjonsrikt.

I konsept V går me tilbake til våre solide byggeskikkar, og vel den miljøvenlege malmfurua til våre hytter. Her sørger naturen si ega impregnering for at du slipp kunstig overflatebehandling.

Malmfurua har ein høg andel av den feite kjerneveden som gir naturen si eiga impregnering mot vatn og sopp. Og du får ei tilnærma vedlikeholdsfri og solid kledning på hytta.

Trematerialet har ulike fargenyansar i seg og på dei mest værutsatte delane av hytta blir fasaden ulik enn på meir beskytta områder. Over tid skapar naturkreftene denne sølvgrå fargen som spelar så fint i harmoni med omgivnadane rundt hytta.

Me er stolte av å trekke kulturhistoria med oss inn i notida. Difor byggjer me med tanke på framtida og gir deg Konsept V - med naturen si ega motstandsdyktigheit.


V1 gir eit lite fotavtrykk på tomta, og opnar opp for ei kreativ og kanskje minimalistisk innreiing for maksimal komfort. Korleis hytta skal nyttast, ynskjer me at skal vere opp til deg. Våre arkitektar har skapt løysingar som er dimensjonert til å romme mykje - akkurat kva bestem du.
Inngongspartiet til V1 er romsleg med ein god garderobeplass. Takhøgda på over fire meter og mange, store vindaugsflater skapar ei lys og luftig kjensle i hytta sitt største opphaldsrom. Du finn eit stort og godt bad samt eit større soverom som kan innreiast på ulike måtar. Via trapp kjem du opp til hemsen med eit areal på 30 kvadratmeter som gir deg ein ekstra fleksibilitet, enten dette er soveplass til gjester eller generell lagringsplass. Ditt val.

Arealer (kvm):
Bruksareal hytte: 51
Tilleggsareal utvendig: 12,
Totalt bruksareal: 63,1
Bebygd areal (BYA): 75

Innhold

Hovudplan:
Stove/kjøken, soverom, entrè og bad.
+ Hems

Standard

Leveransebeskrivelse:
Hytta vil bli levert innflyttingsklar! Det vil seie at me leverer og setter opp ferdig hytte der òg betongleveranse, røyrleggjar, elektro, flis-legging, kjøkeninnreiing og ildstad er inkludert i vår totalleveranse. Nedanfor ser du ei detaljert liste over kva leveransen inneheld. Me tek oss av heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad kr 945 000,-, samt opparbeiding tomt (ca kr 300 000,-) og omkostningar kjem i tillegg.

Overflater:
- Utvendig kledning i malmfuru
- Innvendig panel er ståande sprekkpanel 14x120mm beisa i standardfarge
- Taktekking er Royalbehandla klar
- Innedører i valfri NCS farge
- Vindauga blir levert med karm og ramme målt i farge NCS 7500 S
- Utforingar måla i dør- og/eller vindaugsfarge, eller beisa i list- eller panelfarge
- Trapp med spieler, handrekke, vangar og trinn i lakkert furu
- Innvendig belisting beisa i standard farge
- Baderomsplater på vegg i bad Marcato 7976 SC Rough Wood F00
- Impregnert plattning framfor inngang og under overbygd terasse
- Ytterdør spesialdesign PT 300 G i NCS 7500 S

Elektro:
- NEK 400
- Elektriske avtrekksvifter frå bad
- Varmekablar der det er flis på golv
- Utelampe
- Taklamper på soverom, bod, hems. Armatur under overskap kjøken

Røyrleggjar:
- Innvendig røyrleggjararbeid
- Varmtvannsberedar
- Kjøkenarmatur
- Baderomsinnreiing med servant og armatur
- Golvståande toalett
- Dusjvegger
- Røyr-i-røyr skap
- Konsoll for vatnmålar
- Utekran
- Automatisk vatnstoppar med 1 følar

Flis/mur:
- Bad: flis 20x20 på golv,
sparkla for fall og sokkelflis
- Entrè: 30x60 flisar på golv

Parkett:
- 3stavs lysekvit eikeparkett stove/kjøken, soverom, gang og hems

Ildstad:
- Peisomn med stålpipe

Kjøken:
- Verdikort fra JKE Design Førde på kr 75 000,-. Kvitevarer kjem i tillegg.

Tilval:
For detaljar rundt dei konkrete tilvalsløysingane vil me anbefale å ta kontakt med vår hyttekonsulent. Løysingane er presentert i konseptbrosjyren.

Beskaffenhet

Faste kostnadar ifm tomt:
Ca kr 750,- pr mnd som dekker bla. brøyting av veg, eitt skikort til skitrekk, vedlikehald av felles veg samt vatn- og kloakkanlegg. Fellesutgiftene blir fakturert og administrert av Vik Fjellandsby.
Sjå www.vikfjellandsby.no for nærare informasjon.

Beliggenhet

Ca 1 time frå Voss ligg Vik Fjellandsby. Her er det flott utsikt mot Vikøyri og Sognefjorden med nydeleg turterreng like utanfor hyttedøra. Med Vik Skisenter like ved og Myrkdalen ein 30min bil tur vekke, er det gode ski-moglegheitar i området.

Nede på Vikøyri er det mogelgheit for å kjøpe eller leige båtplass i Vik båthavn. Her ligg det òg lokale butikkar, vinmonopol, pub, hotell, kafèar og badestrand.

Det er moglegheit for å fiske etter aure eller gå på merka turstiar på Vikafjellet, ca 10-15 min i bil frå Fjellandsbyen.

Sjå heimesida til Vik Fjellandsby for meir informasjon og bilete av tomtene.

Adkomst

Vik Fjellandsby ligg ved rv13 i Vik i Sogn, like ved Vik Skisenter.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode146251985
Sist endret05. okt. 2020 13:48
Referanse256-19-00015

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.