Bildegalleri

Inaktiv

Storslagen draumehytte med fem soverom i Vik Fjellandsby!

Kart med kartnålVik Fjellandsby, 6893 Vik i Sogn
Prisantydning3 600 000 kr
Omkostninger
24 870 kr
Totalpris
3 624 870 kr
Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Bruksareal
152 m²
Tomt
Eiet
Soverom
5
Sengeplasser
10

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Barnevennlig
Kabel-TV
Fiskemulighet
Offentlig vann/kloakk
Peis/Ildsted
Turterreng
Utsikt
Bredbåndstilknytning
Bademulighet

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Om eiendommen

Beskrivelse

Storstuggu er ei storslagen draumehytte tilpassa flate tomter med eit totalt bruksareal på 148 kvadratmeter, fem soverom og inntil 10 sengeplassar. I tillegg til soverom, inneheld Storstuggu entrè, bad/vaskerom, og ei open stove-kjøkkenløysing med store vindaugsflater og utgang til solveggen via terassedøra. Hytta har òg fire innvendige boder, og to av dei kan enkelt innreiast som badstove og eit ekstra bad dersom det er ynskjeleg. Det er stove- og kjøkkenløysinga som har gitt Storstuggu namnet sitt - for hytta har ei storstove av dei sjeldne! På 61,9 kvadratmeter kan ein samle gode vener til peiskos og lange måltid.

Arealer (kvm):
Hovedplan: 147,7
Tilleggsareal utvendig: 4,4
Bruksareal hytte: 147,7
Totalt bruksareal: 152,1
Bebygd areal (BYA): 170,0

Innhold

1. etasje / Hovudetasje:
5 soverom, bad/vaskerom, 4 bodar (evt. badstove, bad..), gang, entrè m/garderobe og stove/kjøkken.

Standard

Leveransebeskrivelse:
Storstuggu blir levert innflyttingsklar, og prisen inkluderar betongleveranse, røyrleggjar- og elektrikarleveranse samt overflater og utstyr iht leveransebeskrivelsar/romskjema. Me tek av oss heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad kr 995 000,-, samt opparbeiding tomt (ca kr 300 000,-) og omkostningar kjem i tillegg.

Kjøkken:
Du får med eit verdikort frå JKE Design Førde på kr 75 000,- slik at du står fritt til å velje det kjøkkenet du likar best.
Blandebatteri og opplegg for oppvaskmaskin er inkludert, kvitevarer kjem i tillegg.

Bad:
Flis av typen Demireks Exil Grey 20 x 20 på golv.
Baderomsplater av typen 3091-F23 HG Denver White Fortissimo på vegg.
Blir levert med bl.a. blandebatteri, dusjgarnityr, dusjdørar, baderomsdisk med spegel og lys, golvmontert toalett.

Dør:
Til Storstuggu vert det levert dørtypen BP 211-S1 med karm i samme farge som dørblad. Farge iht. leverandøren sine standard fargar og utforing MDF kvitmalt. Ytterdør med hardved terskel, låskasse med sylindar og handtak, forkromma og matt iht. fasadeteikningar.

Til bod vert det levert isolert dør og karm med samme farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.

Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.

Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med 3 speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Grunna transparang utvendig kledning iht. teikning 1:100. Panelender og baksider samt synlege spikarhovud vert ikkje behandla. Kledning er mogleg å få levert med eit mellomstrøk som tilval. I Karakter-serien vert det nytta panel av typen dobbelfalset liggende 19 x 148, ny type.

Innvendig kledning vegg:
Som standard leveres stående kledning 14 x 145 mm skygge skrå furu, natur ubehandlet.

Taktekking:
Pappshingel type mørk skrå vert levert som standard. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Himlingskledning:
Beisa faspanel i furu 12 x 120.

Golv:
Laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom.

Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, kvitmåla. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister, i kvitmåla profilert type 15 x 70. Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapper:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring. Spiler, håndrekke, vanger og trimm i lakkert furu. Hemsstige levert i lakkert furu. Som tilval kan spiler, håndrekke og vanger leverast som fabrikkmalt kvit med trinn i lakkert eik. Sambatrapp kan også leverast som tilval.

Oppvarming:
Komplett leveranse på Ovn Uno 5 Nordpeis med svart stålpipe.
Varmekablar på bad/vask og i entrè.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Hyttetomt i Vik Fjellandsby 39/127 kr 995 000,-. Omkostningar og opparbeiding av tomt kjem i tillegg. Opparbeiding tomt er stipulert til ca kr 300 000,-.

Beskaffenhet

Faste kostnadar ifm tomt:
Ca kr 750,- pr mnd som dekker bla. brøyting av veg, eitt skikort til skitrekk, vedlikehald av felles veg samt vatn- og kloakkanlegg. Fellesutgiftene blir fakturert og administrert av Vik Fjellandsby.
Sjå www.vikfjellandsby.no for nærare informasjon.

Beliggenhet

Ca 1 time frå Voss ligg Vik Fjellandsby. Her er det flott utsikt mot Vikøyri og Sognefjorden med nydeleg turterreng like utanfor hyttedøra. Med Vik Skisenter like ved og Myrkdalen ein 30min bil tur vekke, er det gode ski-moglegheitar i området.

Nede på Vikøyri er det mogelgheit for å kjøpe eller leige båtplass i Vik båthavn. Her ligg det òg lokale butikkar, vinmonopol, pub, hotell, kafèar og badestrand.

Det er moglegheit for å fiske etter aure eller gå på merka turstiar på Vikafjellet, ca 10-15 min i bil frå Fjellandsbyen.

Sjå heimesida til Vik Fjellandsby for meir informasjon og bilete av tomtene.

Adkomst

Vik Fjellandsby ligg ved rv13 i Vik i Sogn, like ved Vik Skisenter.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ynskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode144845756
Sist endret05. okt. 2020 13:48
Referanse256-19-00006

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.