Bildegalleri
Telemarksidyll i vakre Lårdal – utsikt mot Bandak, rolege omgjevnader og ekte sjarm
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Selveier
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 73 m²
- Byggeår
- 1940
- Tomteareal
- 1 459 m² (eiet)
- Boligselgerforsikring
- Ja
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Telemarksidyll i vakre Lårdal – utsikt mot Bandak, rolege omgjevnader og ekte sjarm
I hjartet av vakre Lårdal finn du denne sjarmerande eigedomen – omkransa av natur, stillheit og utsikt mot Bandak. Her kan du vakne til fuglesong, nyte morgonsola frå terrassen og finne roa i omgjevnader som innbyr til eit enklare og meir harmonisk liv.
Eigedomen ligg landleg og fritt til med gode solforhold og flott utsyn over det vakre Telemarkslandskapet. Dette er ein stad for lange sommardagar, vedfyrte vinterkveldar og naturopplevingar rett utanfor døra.
Bustaden frå 1940 går over to etasjar med kjellar og inneheld stove, kjøkken, bad og tre soverom. Huset har ein lun og autentisk karakter med mykje sjarm og potensial for den som ønskjer å skape sin eigen draumeplass.
På eigedomen finn du også eit anneks / utestoge frå 2018 – perfekt som gjestehus og ein fredeleg fristad for familie og vener. Her er eit soverom med 4 sengeplassar i eine delen og utestoge i andre delen med vedfyrt peis, sittegruppe og utsikt over fjorden. Her er og plass til høner / kaniner.
Den store terrassen og uteområda gir god plass til både avslapping og sosiale samankomstar. Her kan du nyte utsikta mot Bandak medan sola går ned bak fjella.
Hagen har mykje potensial og ei heilt eiga småbruksstemning. Her finn du både drivhus og ei koseleg utestoge/anneks som opnar for hobbydyrking, smådyrhald og lange sommarkveldar i fredelege omgjevnader. På eigedomen står også epletre, plommetre og pæretre, og Lårdal er kjent for svært gode dyrkingsforhold og eit lunt klima som eignar seg godt for hage og dyrking.
Dette er ein eigedom som inviterer til det gode livet på bygda – tett på naturen og med rom for både kvardagsro og draumar.
Fakta om eigedomen
Einebustad frå 1940
BRA bustad: 73 m²
Anneks: 21 m² BRA
Tomt på ca. 1459 m²
3 soverom inkl. annekset
Stor terrasse og gode uteområde
Drivhus
Hønsehus/kaninbur
Utestoge/anneks
Eple-, plomme- og pæretre
Offentleg vatn og avløp
Landleg og roleg plassering i Lårdal
Flott utsikt mot Bandak
Bustaden er jamleg vedlikehalden, men det må påreknast oppgraderingar og vedlikehald grunna alder og standard.
Ny varmepumpe montert hausten 2025
Vannmåler montert haust 2025
Det bur leigetakarar i bustaden per i dag. Bileta i annonsa er frå då eigedomen tidlegare var til salgs i 2024.
Eigedomen blir seld privat utan bruk av eigedomsmeklar. Interessentar blir oppmoda til å gjere eigne vurderingar før bodgiving.
Tilstandsrapport vedlagt.
Kontakt selgar for visning eller andre spørsmål.
Beliggenhet
Der er også campingplass med servering.
Vesentlige opplysninger
Bustaden er i dag utleigd og bilda i annonsa er frå 2024.
Ta kontakt med selger for komplett informasjon
Nyttige lenker
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.