


Landbrukseigedom som ligg fantastisk til i Ervika på Stadlandet
Ervikbygdvegen 267 6750 Stadlandet
2011
4
Oppvarmingskarakter Lys grønn - Energikarakter C
Kr. 6 200 000
Kr. 654 581,-
Kr. 12 220,-
171 kvm
254000 kvm
Landbrukseigedom med nyare bustadhus, driftsbygning og naust i
Ervika på Stadlandet.
Beliggenheita er kystnær og open mot havet, og området er
kjent for å vere værhardt.
Bustadhuset ligg fint til i bygda med spreidd busetnad og
med fin utsikt til nærområdet.
Området er kjent for Ervikstranda, som er ei populær og
nasjonal kjent strand.
Eigedomen driv i dag med grasproduksjon med
sal av rundballar.
Eigedomen utgjer:
Fulldyrka jord 67,2 daa
Innmarksbeite 40,3 daa
Produktiv skog 0,6 daa
Anna markslag 141,6 daa
Bebygd 4,8 daa
Eigedomen har andelar i uregistrert jordsameige. Andel er
ikkje opplyst.
Eigedomen har ca. 185 m strandlinje.
Delar av eigedomen ligg i aktsemdsområde for snøskred og flom.
Ei mindre del av jorda er berørt av aktsemdskart for kvikkleireskred.
På eigedomen er det oppført bustadhus og driftsbygning.
Naust i hamneområdet.
Bustaden har normal god standard ut frå alder/konstruksjon.
Bygget er jamleg vedlikehalde.
Tilkomst på privat, grusa veg før offentleg veg.
Gbnr. 245/79 og 80 har tinglyst vegrett for tilkomst til sine
eigedomar.
Jakt og fiske
Det føreligg felles jaktrett saman med nærliggande gardar.
Eigedomen har fiskerett i Lakseelva.
Eigar kan gje nærmare opplysingar om rettane.
Konsesjon
Eigedomen er konsesjonspliktig og det er lovpålagt buplikt. Nærmare opplysingart
om dette kan du lese i verditaksten på side 6.
Kulturminne
Langs jordbruksteigen mot vest grensar eigedomen direkte til eit
automatisk freda kulturminne.
Kulturminnet er ein gravhaug frå jarnalder godt synleg i terrenget
med ca. 10 m diameter og ca. 1 m høgde.
Tiltak i eller nær kulturminne er underlagt strenge restriksjonar
og krev godkjenning frå kulturmyndigheiter.
Nabovarsel
Det er motteke nabovarsel for påbygg av bustad på
gnr. 245 bnr. 80.
1.etg.: Hall m/trapp, kjøkken, stove, soverom, bad og teknisk rom.
Loft: Gang/trapperom, 3 soverom, bad og 2 boder.
Treterrasse på mark med utgang frå stova.
Lakkert tretrapp med måla vanger og rekkverk.
Himlingar med måla MDF-plater.
Veggane har måla MDF-plater.
Golv av furu og fliser.
Måla trevindu med 2-lags glas frå byggeår i hovedbygg
og aluminiumsvindu med 3-lags glas i tilbygget frå 2019.
Innerdører som måla, profilerte dører og skyvedører.
Overbygd, måla hovedytterdør. Balkongdør frå stova.
Kjøkkenet har innreiing med profilerte frontar og benkeplate
i heiltre. Kjøleskåp, oppvaskmaskin, komfyr og platetopp.
Kjøkkenventilator med avtrekk ut.
Bad hovedetasje: Innreiing med nedfelt servant, toalett og
dusjveggar/hjørne. Balansert ventilasjon.
Bad loftsetasje: Innreiing med nedfelt servant, toalett,
badekar og opplegg for vaskemaskin. Balansert ventilasjon.
2019 - Tilbygg med utviding av stove og soverom i 1.etg. Bod i loftsetasje.
2025 - Bustaden vart måla. Skifta enkelte lokale kledningsbord.
Byggegrunn av lausmasser. Grunnmur i isolerte element. Det er
stripefundament av betong under grunnmur.
Etasjeskille er av betongdekke, med antatt oppfora tregolv over
betongplata. Etasjeskille mellom hovedetasje og loftsetasje av tre.
Veggar av bindingsverkskonstruksjon. Fasade/kledning har liggande
bordkledning.
Tilbygget har pussa overflater. Veggar av antatt prefabrikerte, isolerte
kassettar med betong i kjerna.
Takkonstruksjonen har A-takstolar i tre.Taktekking er av betongtakstein.
Taknedløp og beslag av aluminium.
Bustaden har isolert stålpipe, murt ildstad med peisinnsats og sotluke/
feieluke.
Innvendige vassleidningar er av plast (rør-i-rør system). Avløpsrør av plast.
Utvendige avløpsrør av plast. Det er privat avløp til septiktank med slamavskiller.
Septiktank i glasfiber frå 2011.
Varmtvasstank på 194 liter.
Sikringsskåpet er plassert i teknisk rom.
Det føreligg godkjente og byggemeldte teikningar, som stemmer med dagens bruk.
Takstingeniør sitt samandrag av bustaden sin tilstand TG3 (Store eller alvorlege
avvik og TG 2 (Avvik som kan krevje tiltakt):
TG3
- Nedløp og beslag
- Vindu
TG2
- Veggkonstruksjon
- Takkonstruksjon/loft
- Balkonger/terrasser
- Vassleidningar
- Dører
- Overflater
- Etasjeskille/golv på grunn
- Pipe/ildstad
- Ventilasjon
- Varmtvasstank
- Bad
Interessentar vert oppmoda til å sette seg grundig inn i tilstandsrapport og
verditakst for landbrukseigedom.
Driftsbygning
Byggeår antatt i 1977 med BTA på 550 m2.
Bygningen er oppført som sauefjøs, men det er ikkje aktiv husdyrdrift
i dag.
Framstår godt vedlikehalde utvendig der taktekking er skifta og store
deler av fasadane er utbetra eller fornya i 2023.
Bygningen har gjennomgåande enkel standard og har behov for
innvendig vedlikehald og utskiftningar.
Vert i dag nytta som lager.
Bygningen er ikkje tilstandsvurdert.
Naust
Naustet er gjenoppbygd i 2021 og er på 51 m2.
Ligg i hamneområdet og er i meget god teknisk stand.
Bygningen er ikkje tilstandsvurdert.
Balansert ventilasjon utanom tilbygget.
Bustaden har jordvarmeanlegg med vassboren varme i hovedetasjen
og på badet i loftsetasjen.
Varmepumpe/sirkulasjonspumpe frå ca. 2019. Det er gjort utskiftningar
på deler av anlegget med blandt anna nye, trådlause termostatar.
Vassforsyning frå privat, bora brønn. Naboeigedomane gbnr. 245/79 og 80
har rett til å bruke vatn frå same borehol så lenge det er vatn i brønnen.
Avløp til septiktank av glasfiber på 4m3 frå 2011. Siste tømming var i 2025.
Septiktanken til gbnr. 245/79 ligg på bnr. 2 og har avtale om tilkomst
for tømming av denne.
6 200 000,-
Kr. 12 220 pr. år
Kommunale avgifter for feiing, tilsyn spreidd avløp og eigedomsskatt kr 7.039,-. Renovasjon standard abonnement NOMIL kr 5.181,-.
Eiendommen selges etter reglene i avhendingsloven.
Eiendommen skal overleveres kjøper i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøper setter seg grundig inn i alle salgsdokumentene, herunder salgsoppgave, tilstandsrapport og selgers egenerklæring. Kjøper anses kjent med forhold som er tydelig beskrevet i salgsdokumentene. Forhold som er beskrevet i salgsdokumentene kan ikke påberopes som mangler. Dette gjelder uavhengig av om kjøper har lest dokumentene. Alle interessenter oppfordres til å undersøke eiendommen nøye, gjerne sammen med fagkyndig før bud inngis. Kjøper som velger å kjøpe usett kan ikke gjøre gjeldende som mangel noe han burde blitt kjent med ved undersøkelsen.
Dersom det er behov for avklaringer, anbefaler vi at kjøper rådfører seg med eiendomsmegler eller en bygningssakyndig før det legges inn bud.
Hvis eiendommen ikke er i samsvar med det kjøperen må kunne forvente ut ifra alder, type og synlig tilstand, kan det være en mangel. Det samme gjelder hvis det er holdt tilbake eller gitt uriktige opplysninger om eiendommen. Dette gjelder likevel bare dersom man kan gå ut i fra at det virket inn på avtalen at opplysningen ikke ble gitt eller at feil opplysninger ikke ble rettet i tide på en tydelig måte. En bolig som har blitt brukt i en viss tid, har vanligvis blitt utsatt for slitasje og skader kan ha oppstått. Slik bruksslitasje må kjøper regne med, og det kan avdekkes enkelte forhold etter overtakelse som nødvendiggjør utbedringer. Normal slitasje og skader som nødvendiggjør utbedring, er innenfor hva kjøper må forvente og vil ikke utgjøre en mangel.
Boligen kan ha en mangel dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk areal, forutsatt at avviket er på 2% eller mer og minimum 1 kvm.
Ved beregning av et eventuelt prisavslag eller erstatning må kjøper selv dekke tap/kostnader opptil et beløp på kr 10 000 (egenandel).
Dersom kjøper ikke er forbruker selges eiendommen som den er , og selgers ansvar er da begrenset jf. avhl. § 3-9, 1. ledd 2. pktm. Avhendingsloven § 3-3 (2) fravikes, og hvorvidt en innendørs arealsvikt karakteriseres som en mangel vurderes etter avhendingsloven § 3-8. Informasjon om kjøpers undersøkelsesplikt, herunder oppfordringen om å undersøke eiendommen nøye, gjelder også for kjøpere som ikke anses som forbrukere. Med forbrukerkjøp menes kjøp av eiendom når kjøperen er en fysisk person som ikke hovedsakelig handler som ledd i næringsvirksomhet.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Om slik løysing blir brukt er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er nødvendig og mogleg, informere dei involverte i bodrunda skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunda. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftleg til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 1 time frå bodet vert gjeve med mindre meklar har opna for at det kan gis ein kortare frist.
Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter kontortid (kl. 08-15.30) vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komen i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunda er avslutta.
Eigedomen ligg i LNFR-område.
Ferdigattest for bustadhus av 15.02.2011. Ferdigattest for tilbygg av 07.12.2018.
For tekniske opplysningar elles blir det vist til tilstandsrapport og verditakst for landbrukseigedom utarbeidd av takstmann Nordfjord Takst Consulting AS av 04.02.26
Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen
Se komplett salgsoppgave
Ervikbygdvegen 267
på annonsen
prisantydning per kvadratmeter
Pris per m² ligger 15 257 kr over snittet for gårdsbruk/småbruk i Stad.
Grafen viser antall gårdsbruk/småbruk solgt i Stad siste året fordelt på pris per m² - totalt 7 gårdsbruk/småbruk
Antall boliger
Kvadratmeterpris tilsvarer prisantydning pluss fellesgjeld per kvadratmeter (p-rom eller BRA-i). Prisene i grafen er avrundet til nærmeste 1000 kr.












| FINN-kode | 459184228 |
|---|---|
| Sist endret | 30. apr. 2026 11:59 |
| Referanse | 97260010 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.