Bildegalleri

Småbruk på Nordfjordeid, Stad kommune
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 5
- Bruksareal
- 231 m²
- Etasje
- 2
- Byggeår
- 1850
- Energimerking
- G - Rød
- Tomt
- Eiet
Visning
Beliggenhet
Eigedommen ligg på Haugstad på Nordfjordeid i Stad kommune på sørsida av Nordfjorden med fin utsikt over fjorden. Beliggenheita gjer at det er solmørkt på eigedommen på vinterstid. Det er ca. 12 km til Nordfjordeid sentrum og skular og der ein finn sentrumsfasilitetar som butikkar, operahus/kulturhus, idrettshall og svømmehall.
Beskrivelse
Lite småbruk som ligg på Haugstad på Nordfjordeid i Stad kommune, ca 12 km til Nordfjordeid sentrum. På bruket er det eit eldre lite våningshus, driftsbygning, stabbur, garasje, eit forfalle skur/verkstad. Bygningsmassen har ikkje vore vedlikehalde og det er stort behov for renovering av alle bygningar. Det er pr. i dag ca. 25 vinterfora sauer på garden, men jf. takst er ikkje driftsbygningen eigna til moderne dyrehald. Garden har leigd andre områder for å ha nok areal til grasproduksjon og beite. Skog på eigedommen består hovudsakleg av lauvskog og noko mindre områder med barskog, men skogen ligg i bratt og vanskeleg terreng. Det har ikkje vore tatt ut anna skog enn til eige bruk.
Våningshuset består av hovudetg. (121 m2) og loftsetg. (110 m2) og inneheld entrè/trapperom, 2 stover, vaskerom, kjøken, bad gang/trapperom og kontor. Loftsetg. inneheld: Gang/trapperom, 5 soverom, gang/trapperom og 2 boder. Kjellaretg. er uinnreia og har varierende høgd rundt 170 cm.
Våningshuset har grunnmurar natursteinmurer med mørtel. Kjellar har betonggolv.
Over grunnmurar er det tømmerkonstruksjon med utvendig slitt trekledning. Noko av konstruksjonen er av reisverk. Lite eller ingen isolasjon i bygget. Kledning må skiftast.
Etasjeskillar av trevirke med truleg lite eller ingen isolasjon. Bratte tretrapper. Eldre 2 lags vindauge og kopla/enkle glas. Eldre slitte ytterdører. Takvindauge på loft av støypejern.
Vindauga bør skiftast ut. Taksperrer med tekking av skifertakstein. Over utbygg ved vaskerom er det tekking av shingel papp. Det manglar stein enkelte plassar og det er tegn til råteskader.
Det bør leggast ny taktekking. Det må påreknast utskifting av undertak/takro og mogleg bærande trekonstruksjon.Bad og vaskerom: Bør renoverast. Eldre bad i hovudetg. med belegg på golv, baderomsplater på veggar. Toalett på golv, dusjkabinett, stråleomn på vegg. Vaskerom har belegg på golv, måla veggar, eldre innreiing. Jf. takst går avlaup ofte tett. Intern brannsentral plassert på vaskerom som er tilknytt driftsbygning. Ved renovering av våtrom bør også tekniske anlegg som elektro og VA rør/sluk legges nytt.
Kjøken: Eldre kjøkken med laminert benkeplate, finer frontar. Det er problem med frost på vassrøyr i benkeskap på vinterstid.
Innvendige overflater: Eldre overflater med varierande slitasje.
Oppvarming med ved Det er 3 piper av truleg teglstein. Det er fyringsforbod på ei av dei. Pipene bør rehabiliterast med nye innvendige stålrøyr.og elektrisitet. Jf. takst er det truleg at huset er for energikrevjande til å halde på varmen vinterstid.
Piper: Det er 3 piper av truleg teglstein. Det er fyringsforbod på ei av dei. Pipene bør rehabiliterast med nye innvendige stålrøyr.
VVS: Vassrøyr av eldre koparleidningar, avlaup truleg av støypejern, ca 200 liter vv-bereidar som er plassert i kjellar.
Elektrisk anlegg: El-skapet er plassert i gang/trapperom loft, automatsikringar. Hovudsakleg eldre opent el-anlegg. Jf. takstmann er ikkje el-anlegget kontrollert og bør kontrollerast av godkjent bedrift eller det lokale el-tilsyn for eventuelle feil og manglar
Driftsbygning: Byggjeår 1857, 1966 og 1984, areal 250 m2. Driftsbygning er SEFRAK registrert med gul trekant. Det vert opplyst i miljøatlas at bygget vart oppført på 1800 talet. Bygget er oppført i 3 byggetrinn. Eldste er ikkje er i bruk, her er bygningsmassen av dårleg forfatning. Delen frå 1984 nyttast i dag som sauefjøs, Grunnmur av stabla naturstein, betong og betongblokk. Golv av betong. Etasjeskiller av trevirke og betong. Yttervegger av murte trekonstruksjoner og trevirke med utvendig trekledning. Sperretak med tekking av platetak og eternittplater.
Garasje: Byggjeår ca. 1980 areal 48 m2. Garasjen er oppført rundt 1980 - betonggolv, e-vegg av betongblokk, trevegger av bindingsverk med utvendig trekledning. Sperretak med stålplatetak og 2 manuelle treporter.
Skur/verkstad: Ukjent byggjeår, areal 66 m2. Bygget bør kondemnerast. Grunnmurar av stabla naturstein. Yttervegger av bindingsverk med utvendig trekledning. Ved sanering må ny eigar pårekne kostnadar til riving.
Jordbruksareal : Totalt 99,7 daa herav innmarksbeite 41,5 daa, fulldyrka jord 10,4 daa, skog av særs høg bonitet 31,2 daa, skog av høg bonitet 13,2 daa
Anna: Eigedommen har felles jakt med andre nærliggande gardar. Det er ikkje inntekt på jakta, jakta er sett bort mot betaling av grunnavgift. Eigedommen har part i uregistrert jordsameige. Det er ulike eigardelar i skogsveg, og eigardelar skogsbilvegar. Det vil kome kostnadar knytt til vedlikehald av dette vegnettet.
Odel, bu- og driveplikt: Eigedommen oppfyller ikkje arealkrav jf. Odelslova § 2. Eigedommen er konsesjonspliktig. Det er ikkje lovpålagt buplikt ved eit konsesjonsfritt sal (innan definert familie), men kan påleggast buplikt etter konsesjonslova § 11 ved eit konsesjonspliktig (fritt) sal. Det er ikkje priskontroll jf. § 9 a. Det er driveplikt på jordbruksareala i hht jordlova § 8, driveplikta gjeld for heile eigartida til ein eigedom.
Takst: Med omsyn til påviste manglar ved eigedomen føreset eit ev. kjøp at kjøparen har lest føreliggande verditakst datert 17.11.2022. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten før det vert lagt inn bod på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Adkomst
Eigedommen har tilkomst via privat grusa veg frå offentleg veg. Her kan stigninga by på utfordringar vinterstid.
Utfyllende informasjon om fellesgjeld og felleskostnader
Annen info 1
Annen info 2
Annen info 3
Annen info 4
Annen info 5
Vesentlige opplysninger
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.






