Bildegalleri

Fasade mot veg

DEKNEPOLLEN / Degnepoll

Romsleg einebustad med garasje, 4 soverom og godt potensial på Deknepollen

Prisantydning2 150 000 kr
Totalpris
2 220 740 kr
Omkostninger
70 740 kr
Kommunale avg.
27 000 kr per år

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Selveier
Soverom
4
Internt bruksareal
157 m² (BRA-i)
Bruksareal
211 m²
Eksternt bruksareal
54 m² (BRA-e)
Byggeår
1971
Tomteareal
593 m² (eiet)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Peis/Ildsted
Bredbåndstilknytning
Aircondition
Hage
Offentlig vann/kloakk
Ingen gjenboere
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Om bustaden

Her får du ein romsleg og innhaldsrik einebustad med 4 soverom, garasje og gode uteområde i eit roleg og familievennleg område på Deknepollen. Bustaden er fullt bebugeleg slik han står i dag, samstundes som han gir rom for å modernisere og setje sitt eige preg over tid. I tillegg byr eigedomen på fleire fleksible areal og spennande moglegheiter for vidare utvikling.

Om tomten

Eigedomen ligg i lett skrånande terreng frå nord mot sør, noko som gir eit lunt og skjerma tunmiljø. Garasje og lager er delvis innbygde i terrenget og gir eigedomen eit praktisk og funksjonelt preg. Tomta er opparbeidd med tun, støttemurar, plenareal og noko beplanting, og gir gode rammer for både leik, uteopphald og enkle hageprosjekt.

Uteområdet har ein triveleg karakter og gir plass til både kvardagsliv og sosiale samlingar i skjerma omgjevnader.

Tilstand / Generelt

Bustaden er fullt ut bebugeleg slik han står i dag, og har vore ein god og funksjonell heim over tid. Her kan ny eigar flytte rett inn og ta eventuelle oppgraderingar i eige tempo. Samstundes ligg det godt til rette for å modernisere bustaden med relativt enkle grep, særleg gjennom oppgradering av overflater og uttrykk.

Med fleire rom, god planløysing og praktiske tilleggsareal får ein her ein eigedom med fleksible bruksmoglegheiter. Mellom anna har bod/rom bak garasjen eit spennande potensial for vidare utnytting, for den som ønskjer å sjå nærare på moglegheita for innreiing og ei tettare kopling mot bustaden.

Dette er ein eigedom med eit solid utgangspunkt, der ein både kan bu godt frå første dag og vidareutvikle bustaden over tid etter eigne ønskje og behov. Den tekniske rapporten bør lesast for nærare informasjon om tilstand og vurderingar.

Beliggenhet

Eigedomen ligg fint til i Ulvesundvegen på Deknepollen, i eit etablert og roleg bustadområde berre eit par kilometer frå Måløy sentrum. Her får du ein bustad med praktisk plassering i kvardagen, med kort veg til daglegvare, barnehage, skule og idrettsanlegg.

Området er godt eigna for familiar og for deg som ønskjer å bu skjerma, men likevel sentralt. I nærmiljøet finn du både sjø, natur og fine turmoglegheiter, samstundes som sentrum med butikkar, servicetilbod og kultur ligg lett tilgjengeleg.

Annet

Visning etter avtale. Selgar har tegna eigarskifteforsikring og anbefalar kjøpar å gjere det same

Omkostninger

15 900 kr (HELP boligkjøperforsikring (valgfritt))
53 750 kr (Dokumentavgift)
545 kr (Tinglysing av pantedokument)
545 kr (Tinglysing av skjøte)

---

70 740 kr (Omkostninger totalt)

---

2 220 740 kr (Totalpris inkl. omkostninger)

NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses én låneobligasjon og at eiendommen selges til prisantydning.

Det tas forbehold om endringer i offentlige og private gebyrer.

Selger er selv ansvarlig for følgende gebyr:

545 kr (Panterett med urådighet)

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Se komplett salgsoppgave

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode426880214
Sist endret16. mai 2026 06:45

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.