Bildegalleri

Landbrukseigedom på Byrkjeland i Naustdal
Pris på lån: fra 2 355 kr/mnd
Eff.rente 6,66 %. 350 000 o/25 år. Kostnad: 356 500 kr. Totalt 706 500 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Boligtype
- Gårdsbruk/Småbruk
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 0
- Bruksareal
- 90 m²
- Byggeår
- 1900
- Energimerking
- G - Rød
- Tomteareal
- 349 500 m² (eiet)
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beliggenhet
Landbrukseigedom som ligg på Byrkjeland i Naustdal. Området har spreidd busetnad knytt til landbrukseigedommar og enkelte frittliggande bustadeigedommar.
Det er ca. 2 km til nærbutikk på Kalland. Det er ca. 13 km til Naustdal sentrum med barnehage, barne- og ungdomsskule, butikk og diverse andre service- og fritidstilbod. Til kommune- og regionsenteret Førde er det om lag 25 km.
Beskrivelse
Landbrukseigedom som lhar jordbruksareal, skog og utmark med jaktrett, elveland med fiskerett i den aureførande delen av Nausta og støl med eit enkelt eldre sel.
I tunet er det bustadhus, driftsbygning, vedhus og eit lagerbygg, men desse bygningane står til nedfalls og er vurdert som rivingsobjekt.
Eigedommen er registrert med 4 teigar:
Teig 1 består av fulldyrka jord, skog, myrområde og tun med bygningar som står til nedfalls. Teig 2 ligg sør for Naustedalsvegen og består av skogsmark og eit mindre areal som er registrert som innmarksbeite. Teig 3 er ein skog og utmarksteig i lia på sørsida av dalen. Teig 4 er stølskvia på Byrkjelandsstølen. Det meste av jordbruksarealet ligg i normalt lettdrive terreng, men har nokre bratte reiner nord og vest for tunet. Skogsmarka er fordelt på alle teigane. Skogsmarka som ligg i teig 1, mellom Naustedalsvegen og Nausta, har delvis tilkomst frå utmarksvegen som går inn mot Buneset og grensar i sør til fylkesvegen. Teig 2 ligg langs Naustedalsvegen.Teig 3 har tilkomst til sørleg del av teigen frå utmarskvegen til Byrkjelandsstølen, men ligg delvis i brattlendt tungdrive terreng. Teig 4 er stølskvia som ligg med kort avstand til enden av stølsvegen.
Adkomst
Det er i dag ein grusveg frå fylkesvegen og fram til gardstunet, som går over bnr 534 bnr 15. Det er omstridt om dette er ein vegrett, sjå takst med nærare opplysningar om tidlegare jordskiftesak mv.
Vesentlige opplysninger
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Nærområdet
Sunnfjordadvokatane
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.