Bildegalleri

Solgt

Bud mottat - Bustadeigedom og campingplass i fantastiske omgjevnadar

Kart med kartnålNissedalsvegen 890, 3854 Nissedal
Prisantydning3 200 000 kr
Totalpris
3 281 222 kr
Omkostninger
81 222 kr
Formuesverdi
325 779 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
4
Primærrom
143 m²
Bruksareal
189 m²
Byggeår
1919
Energimerking
G - Oransje
Renovert år
1960
Tomteareal
6 000 m² (eiet)

Les mer om bruksareal her

Om eigedomen

Eigedomen er ein kombinera bustadeigedom- og campingplass med eit samla areal på om lag 6 daa. Eigedomen ligg svært idyllisk og solrikt til på eit nes med lang strandlinje mot den store innsjøen Nisser. Sjølv om eigedommen ligg sentralt, opplevast den skjerma frå sentrum og riksvegen.

På eigedomen er det bustadhus, servicebygg/sanitæranlegg, stabbur, fire utleigehytter og bryggjeanlegg.

Det er om lag 23 plassar til campingvogner, bubilar eller telt. For tida er det 7 campingvogner som har fast plass og to av hyttene er fast utleigd. Oppstillingsplassane er tilrettelagt med straumuttak.

Sjølve tomta er flat og opparbeida med plenareal og ulike soner for telt, campingvogner og hytter. 

Opphaveleg var eigedomen eit småbruk/landbrukseigedom. Av historie kan det nemnast at bustadhuset tidlegare har vore både post, bank og kafé. På 1960-tallet blei bruken av utearealet lagt om til campingplass med utleigehytter.

Delar av ei strand som kallast Framnesbukta høyrer til campingplassen, medan resten av denne stranda er friområde. Stranda er ei svært populær, langgrunn og barnevenleg sandstrand.

På campinga er det både årsleige, sesongleige og døgnleige av plass. Sommarsesongen er frå 1. mai til 1. oktober.

I følgje eigar varierer driftsresultatet noko frå år til år, men det er gode inntektsmoglegheiter for eigedomen.  Juli månad har nesten alltid vore fullbooka, og med god marknadsføring, oppfølging og eigeninnsats er potensialet stort også for andre tider av året.

Sidan 2016 har eigar redusert antall utleigehytter og omsetninga har dermed gått noko ned frå vel kr 300 000 til kr 240 000 inkl. mva.

Om Nissedal

Kyrkjebygda har eit trivelig lite sentrum der du mellom anna finn Nissedal landhandel med post og bensin/diesel, Subins Gatekjøkken med god thai-mat, ein lokal smed/rustningmakar, Oppvekstsenter med skule- og barnehage, samt Nissedal kyrkje.

I tillegg til sandstranda er det fotballbane, volleyballbane, ballbinge, skatepark, leikeapparat og aktivitetsløype rett i nærområdet.

Nisser er den største innsjøen i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. I Nisser kan ein få både aure og sik. Det er også mykje fisk i heivatna rundt om i kommunen.

Om du vil ta deg ein tur til Fjone kan du enten køyre om Treungen eller ta vesle kabelferja MF Nissen. Fjoneferja har plass til 3 bilar og er ei oppleving i seg sjølv.

Det er også mange flotte turløyper i nærområdet, som til dømes Folkestien - ei ca. 5 kilometer lang turløype med både opp- og nedstigning.
Elles kan Nissedal by på mange andre turløyper. Meir informasjon finn du på Nissedal kommune si nettside om du søkjer etter Topptur Nissedal, eller plukkar med deg ei brosjyre på butikken.

Nissedal ein heilårsdestinasjon. På vinterstid er det flotte skiløyper og skisenter på Kyrkjebygdheia, på hausten kan du plukke bær og sopp, på våren kjem vårsola og naturen vaknar opp.

Som ein skjønar er det nydelege naturområde i Nissedal der ein kan nyte ro, rekreasjon, friluftsliv eller sportslege aktivitetar.

Treungen er kommunesentrum i Nissedal kommune. Treungen er eit fint sentrum med sørlandspreg med fleire bygningar i jugendstil. På sommarstid og i feriehøgtider er det eit yrande folkeliv der. Det er fleire forretningar i Treungen som sel mellom anna interiør, klede, byggevarer, sportsvarer og blomster. I tillegg finn du Prix, Spar, bakeri og kafé, gjestegiveri, helsetenester, bibliotek, fleirbrukshus og kommunehus.

Adkomst

Utfyllende informasjon om fellesgjeld og felleskostnader

Annen info 1

Annen info 2

Annen info 3

Annen info 4

Annen info 5

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Se komplett salgsoppgave

Beliggenhet

Kart med kartnålNissedalsvegen 890, 3854 Nissedal
kart

Annonseinformasjon

FINN-kode156049544
Sist endret06. des. 2019 07:48
ReferanseX495-KyrkjenesetX

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.