Bildegalleri

Velkommen til Åfjordvegen 637 A og B

Eigedom med potensiale til å bli din eigen arbeidsplass.

Prisantydning3 490 000 kr
Kommunale avg.
11 527 kr per år

Nøkkelinfo

Bruksareal
870 m²
Bruttoareal
956 m²
Eieform
Eier (Selveier)
Areal
956 m²
Byggeår
1988
Tomteareal
5 428 m² (eiet)
Overtakelse
Overtaking etter avtale. Legg inn ønskje om overtakingsdato ved bodgjeving.

Type lokale

Hotell/Overnatting

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Kort om eiendommen

Eigedomen ligg fint og landleg til i Sørbøvåg i Hyllestad kommune. Her er det mogleg å sjølv bu i familieleilegheit samtidig som ein driftar utleige av leilegheit, selskapslokale og hotellrom. Ca 15 min herfrå når ein og til start på tur til Lihesten, eit kjent fjell som og var med i 71 gr nord for forrige sesong.

Beliggenhet

Eigedomen ligg fint og landleg til i Sørbøvåg. Fint område rundt og fin utsikt frå eigedomen mot Hyllestadfjorden og Lifjellet i sør. Sørbøvågen er ei mindre bygd i Hyllestad kommune, ytterst i Sognefjorden. Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Fjellet Lihesten er eit landemerke på vestlandskysten og det høgste fjellet i kommunen, eit attraktivt turistmål. Har og vore besøkt av deltakarar i 71 gr. nord. ca 1 time til Førde og ca 2,5 t med bil til Bergen

Innhold

Hovedbygning: 1. etasje: Selskapslokale/ spisesal, kjøkken, grovkjøkken, bar. 3 stk wc rom, ventilasjonsrom, garderoberom og trappegang til 2.etasje.

2.etasje: 8 stk. leilegheiter/ hotellrom som inneheld:
- entre/gang, stove med tekjøkken, bad og soveplass.
Rom 1,3,5 og 7 er ca 20 m2 og har altan på 8 m2.
Rom 2,4,6 og 8 er ca 26,5 m2 og har uteplass.
Leilegheit har entre/gang, stove, kjøkken, 3 soverom, bad, vaskerom og bod. Altan på 35 m2 med flott fjordutsikt.
Selskapslokale med kjøkken. Fellesareal som innheld 2 vaskerom, HC toalett, teknisk rom. boder, trappegang og korridor.

Loftsareal

Tilknytta bustadhus: - entre/ gang, stove, 3 soverom, bad, kontor og bod. Det kan bli krevd søknad om bruksendring for å ta bustaden i bruk som permanent bustad og ikkje til utleige.

Tomt

Tomta er for det meste natur og grøntareal samt grusa plass til parkering

Bebyggelse

Hovedbygning med storkjøkken, spisesal / selskapslokale, 8 stk. hotellrom med te-kjøkken, 1 stor leilegheit, kafe / selskapslokale, kjøkken, 4 wc rom, vaskerom, teknisk rom og boder. Tilknytta bustadhus med ei stor leilegheit.

Byggemåte

Ytterveggar av isolert bindingsverk over grunnmur i naturstein. Ytterveggar har værhud av tre. Grunnmur er pussa på endeveggar. Teglstein. Yttertak har har tekking av stålplater. Ny tekking på hovudtak i 2021etter opplysning frå seljar. Etasjeskilje av trekonstruksjon. Sjå vedlagte takstrapport om nærare informasjon om byggemåte. Taksten inneheld og opplysningar om 6 stk. hytter som er oppført på eit anna bruksnummer som ikkje er ein del av dette salet.

Oppvarming

Elektrisk oppvarming med bla.: 4 stk varmepumper, varmekablar på dei fleste baderom, panelovnarm balansert ventilasjon med varmegjenvinning i hovedbygget/ felles arealar
Vedovn i leilegheit 2 og peisovn i det eine selskapslokalet.

Energimerking

Det er ikkje tatt energimerking

Adkomst

Ein køyrer til Hyllestad sentrum. Fortsett inn på Lifjordvegen ca 400 m og deretter på Hyllestadvegen ca 9,7 km. Ta til høgre inn på Åfjordvegen og føl vegen fram til eigedomen.

Parkering

Det er opparbeidd god parkeringsplass for bilar og større køyretøy ved hovedbygningen.

Offentlig kommunikasjon

Busstopp 2 minutters gange frå eigedomen

Overtakelse

Overtaking etter avtale. Legg inn ønskje om overtakingsdato ved bodgjeving.

Hvitvaskingsregelverk

Eigedomsmeklarar er underlagd lov om kvitvasking og pliktar å rapportere til Økokrim om mistenkelege transaksjonar. Lov om kvitvasking har og strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar i handelen, med dette, seljar, kjøpar og fullmektigar for desse.

Budgivning

Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på hjem.no, finn.no, via eiendomsmegler1.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.

Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.

Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve. Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el- eller telenettet.

Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar. Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.

Kjøpar er utanlandsk statsborgar
Dersom ein kjøpar er utanlandsk statsborgar krevjast det at ein har D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Meklar rekvirerer dette samstundes som skøyte vert sendt inn til tinglysing hjå Kartverket. Skøytet vert så liggande hjå Kartverket fram til kjøpar har fått D-nummer av skatteetaten. Deretter vert skøytet tinglyst. Denne prosessen vil ofte medføre at oppgjer og utbetaling til seljar vert forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella enten ta atterhald i b od om forseinka utbetaling til seljar, eller vere budd på å dekke forseinkingsrenter. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før bodgjeving.

Diverse

Vi gjer merksam på at taksten omhandlar både hotelldel og hyttene. Hyttene er ikkje ein del av dette salet.

Ansvarlig megler

Tordis Russøy

Regulering

Eigedomen er avsett til overnattingsverksemd. Reguleringsplan Hyllestad kommune for Sørbøvåg

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode408094580
Sist endret13. juni 2025 07:26
Referanse1000250054

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.