Bildegalleri

Markegata 26, sentralt i bykjerna i Florø.

Eigedom midt i Florø sentrum med sørvendt hage

Prisantydning2 500 000 kr

Nøkkelinfo

Areal
309 m²
Byggeår
1930
Tomteareal
480 m²

Type lokale

Andre

Visning

Ta kontakt for å avtale visning

Om eiendommen

Eigedommen ligg i område regulert til bustad og næring. Huset var tidlegare eigd av kyrkjelyden Filadelfia, og er regulert til bygning for religiøs aktivitet. Dette vil seie at huset er godkjend som næringsbygg og ikkje som bustad. Det har vore igangsett prosess med å søke om bruksendring for bygget i 2024. Noverande eigar fekk bistand frå både advokat og Ivest Consult i denne prosessen, og kjøpar får kopi av søknad, førebels tilbakemelding frå kommunen og utarbeidde teikningar, dersom kjøpar ønskjer å fortsetje prosess med søknad om bruksendring til bustadføremål.

Salsoppgåve og visning

Ta kontakt for å få tilsendt fullstendig salsoppgåve og avtale visning. 

Beliggenhet

Eigedommen ligg i Markegata sentralt i bykjerna i Florø sentrum. Eigedommen er skrånande inn mot bygget og grunnmur mot sør. Eigedommen har ein sørvendt hage med støypt platting og beplanting.

Adkomst

Det er tilkomst via Markegata. Kommunen har i samband med tidlegare søknad om bruksendring for eigedommen i 2024 etterspurt dokumentasjon på at eksisterande parkeringsplass har godkjent avkøyrsel til riksveg. Statens vegvesen har i ei uttale vist til at eigar ikkje kan rekne med at framtidig parkeringsbehov kan bli dekt av parkeringsplassar på eigedommen, dersom eigendommen i framtida skulle få godkjend bruksending til tre bueiningar. Markegata er også under regulering, og potensielle kjøparar må setje seg inn i kva konsekvensar dette kan få for parkering og tilkomst.

Standard

Eigedommen er tilknytt kommunalt vassverk og avløpsnett via private stikkleidningar.

Byggeåret for huset er ukjent, men troleg rundt 1930. Noverande eigar har bygd om huset til ein type hybelhus med totalt 11 personar i hovudetasje og på loftet, samt ei leilegheit i kjellaren. Denne ombygginga og bruksendringa er ikkje godkjent. Bygget har gjennomgåande lav standard, og kjøpar må setje seg godt inn i tilstandsrapporten. Tilstandsrapport er utarbeidd av Jon Stromsnes AS 7. mai 2025. 

Årlege kommunale avgifter er estimert til kr. 19 620.-
Årleg eigedomsskatt er estimert til kr. 12 540.- 
Årleg renovasjonsavgift Nomil er estimert til kr. 5018.- 

Eigedommen er takstert til ein marknadsverdi på 2 500 000.-. I tillegg kjem dokumentavgift på 2,5 prosent av kjøpesummen, kr. 62 500.-, samt tinglysingsgebyr skøyte kr. 545, og tinglysningsgebyr pantedokument kr. 545.- 

Innhold

Bustadhuset har BRA på 309 m2, fordelt på tre etasjar.

Loft er på 79 m2  BRA og er innreia som hybel-etasje. Det er mellom anna 6 soverom, kjøkken, bad/ vaskerom.

Hovudetasjen er på 111 m2 BRA og er innreia som ein hybel- etasje med mellom anna 5 soverom, kjøkken og bad.

Kjellaren er på 119 m2 BRA og er innreia som ei leiligheit med mellom anna 3 soverom, kjøkken og bad.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode407486961
Sist endret12. mai 2025 09:29

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.