Bildegalleri

Inaktiv

Næringsseksjon sentralt i Sandane sentrum

Kart med kartnålNordstrandsvegen 17, 6823 Sandane
Prisantydning1 150 000 kr
Verditakst
1 150 000 kr

Nøkkelinfo

Areal
139 m²
Byggeår
1925

Type lokale

Serveringslokale/Kantine

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Om eiendommen

Vi har for sal ein næringsseksjon på gateplan sentralt beliggande  i Sandande sentrum i Nordstrandvegen 17. Seksjonen har tidlegare vore nytta til kafelokale, lokalt kjent som Vaffleriet . Seksjonen inngår i Sentrumsgården sameige som består av fire næringsseksjonar og tre bustadseksjonar. Det er felles asfalterte trafikk- og parkeringsareal rundt bygget.

Beliggenhet

Næringsseksjonen ligg på gateplan i Sentrumsgården sameige, i Nordrstrandvegen 17, sentralt i Sandande sentrum.  

Adkomst

Det er tilkomst frå offentleg veg. Felles asfalterte parkeringsplassar på aust- og vestsida av bygget. Det er opplyst at det er 12-15 felles biloppstillingsplassar til sameiget.

Standard

TILSTAND BYGG: Det føreligg ikkje tilstandsrapport. Føreliggande takst er datert 25.01.2024 med synfaring gjennomført den 16.01.2024. I taksten er det opplyst at takkonstruksjon og taktekking er i dårleg tilstand og det kan vere skjulte skader, omtekking og tiltak må gjennomførast innan kort tid. Samla kostnad er av takstmann stipulert til ca. 3 mill.

MARKNAD/LEIGEINNTEKTER: Marknadsverdien er jf. takstmann basert på tidlegare leigeavtale. Siste leigetakar hadde inngått leigeavtale i 2021 med kr 8.500,-/mnd. som tilsvarar kr 700,-/m2 BTA. Marknadsleige er i taksten oppjustert til kr 900/m2.Takstmann har i verditakst datert 25.01.2024 lagt til grunn at marknadsleiga kan stipulerast til ca. totalt kr 131.400,- pr. år for 146 m2 dvs kr 900,- pr. m2. Eigarkostnadar er av takstmann stipulert til kr 35.000,- pr. år. Takstmann har lagt til grunn normale FDV- kostnadar/eigarkostnadar med grunnlag i standard og ei normal fordeling mellom eigar og leigetakar lik ca. 230/m2. Tidlegare utleigeforhold er avslutta og seksjonen er fri til kjøpars eigen bruk eller alternativt til utleige.

FERDIGATTEST/BRUKSLØYVE: Ikkje opplyst.

RETTAR: Ingen

HEFTER: Eigedomen vert seld heftefri.

KONSESJON: Eigedomen er konsesjonsfri.

REGULERINGSTILHØVE: Bygget ligg i området regulert til bustad/forretningsverksemd. Planidentifikasjon 201209.

VATN OG AVLØP: Eigedommen er tilknytt kommunalt vassverk og avløpsnett via private felles stikkleidningar.

FORSIKRING: Eigedommen er forsikra i Tryg forsikring.

TAKST/VEDLEGG TIL SALSOPPGÅVA: Sertifisert takstingeniør Kristen Eikenæs v/Takstfirma Kristen Eikenæs AS, org.n 911 25 734, har utarbeidd verditakst på eigedommen, datert 25.01.2024, denne følgjer vedlagt til salsprospektet. Det vert føresett at kjøpar har lest taksten. Det vert elles vist til kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Sameigevedtekter følgjer vedlagt.



Innhold

BYGGEÅR: Bygningen er oppført i 1925. Det vart oppført eit tilbygg mot aust i 1956. Taksert seksjon vart dels oppussa i 2010 og i 2021 vart det montert nytt ventilasjonsanlegg.

BYGNING: Seksjonen ligg i 1. etg. på gateplan og har eit bruksareal på 139 m2 og eit bruttoareal på 146 m2. Seksjonen inneheld kafelokale; Kjøkken, kundetoalett, personaltoalett, lager/gang og teknisk rom/el. rom. Etg. høgd er i hovudsak ca. 3,0 m. Bygget er oppført med betongfundament i grunn og antatt dels naturstein. Grunnmur er antatt av betong. Ytterveggar av engelsk holmur med utvendig måla puss og elles som isolert bindingsverk med utvendig liggande trekledning. Seksjonen har ytterdør som tofløya alu.dør til kafelokaler, elles alu.dører og måla ytterdører, Vindauge i kafelokala med 2-lags glasrute frå 1991 montert i eldre trekarm, på kjøkken er pvc vindauge er antatt montert i ca. 2010, elles eldre 2-lag og kobla vindauge.Plassbygd valmtakkonstruksjon med bærande sperrer. Taktekking av firkantskifer, elles er det ukjent utførelse av undertak. Takrenner og nedløpsrøyr av alum. Etasjekillere av trebjelkelag med ukjent isolasjonsomfang. 

I kafelokalet er det plassbygd disk/benk med måla skrog, måla frontar og benkeplate i lakkert eik. Utvendig mot sør er det montert tre stk. el. styrte solmarkiser framfor seksjonen. Det er golvbelegg på innvendige golv. På veggar i kafelokalet er det i hovudsak måla panel, elles tapet og måla plater. Kjøkkenet har i hovudsak våtromsplater som flisplater, elles måla veggplater. Rom elles har i hovudsak måla veggplater, eine veggsida på personaltoalettet har måla betongpuss. Himling innvendig består av måla plater. Innerveggkonstruksjon i treutførelse med ukjent isolering. Murvegg og dels trevegg mot tilstøytande seksjon. Innerdører er måla, glatte finerdører. Opa løysing mellom kafelokalet og kjøkkenet. Enkel kjøkkeninnreiing med benk i børsta stål ved steikjesona, stålvask med blandebatteri og benk i børsta stål med to blandebatteri og dusjspylar. Elles er her fastmonterte hyller og oppheng.

VVS:  Sanitæranlegg består av vassrøyr som kobberrør med stoppekrane for alle seksjonar på personaltoalettet. Alaupsrøyr av plast og dels som eldre soilrøyr. Kundetoalett er utstyrt med golvmontet klosett, vask og veggmontert stellebord. Personaltoalettet er utstyrt med golvmontert klosett, vask og 45 liters veggmontert varmtvannstank produsert i 1972. Lageret/gangen er utstyrt med stålvask med blandebatteri, opplegg til vaskemaskin og 200 liters varmtvannstank, modell 2009.

EL-KRAFT:  Flexit balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning montert i ca 2021. Himlingsmonterte avtrekksvifter på begge toalettrom. Separat avtrekk over steikjesona på kjøkkenet. Elektrisk sikrings-skap montert i el. rommet med jordfeilautomater,- hovudsak med open el. installasjon. Dei andre seksjonane har sitt el. inntak i el.rommet i taksert seksjon

OPPVARMING: Elektrisk varmeanlegg: Forvarma til luft frå ventilasjonsanlegget med innblåsing til kafelokalet. El. omn på kundetoalettet og i kafelokale. Varmepumpe luft-til- luft med innblåsing til kafelokalet. Eswa i himling i kafelokale.

 

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode347588335
Sist endret12. juni 2024 13:32

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.