Bildegalleri

Rockethouse ligger ved sjøkanten i hjertet av Sogndal, med en fantastisk utsikt over fjorden og de omkringliggende fjellene.
Bli ein del av det teknologiske miljøet i Sogndal, kontor til leige på RocketHouse
Nøkkelinfo
- Areal
- 1 - 150 m²
Type lokale
Fasiliteter
Om eiendommen
Rockethouse er hovudsete for det teknologiske miljøet i Sogndal, der Rocketfarm, Highsoft, Frivind, Redningsselskapet, Fjellx m.fl. har bygd opp eit sterkt fagmiljø. Innanfor veggane våre finn du kompetanse på alt frå kunstig intelligens, robotikk, reguleringsteknikk, programvare, maskinvare og rapid prototyping til forretningsutvikling. Me jobbar både mot den norske og det internasjonale marknaden.
Med base i ei av landets fremste aktivitetsbygder, Sogndal, er huset fullt av flinke folk som trivst både på jobb og i fritida. RocketHouse skal vera ein viktig bidragsytar til suksessen til leigetakarane, og har ei sentral rolle i å utvikla miljøet. Me har vår eigen robotlab, pub, god plass og store moglegheiter for vidare vekst – med Sognefjorden som næraste nabo.
Me ønskjer også at RocketHouse skal bidra til å styrka attraktiviteten og identiteten til regionen vår. Me gjer det me trur på, for å gjera ein forskjell.
I dag har me teke posisjonen som eit ungt, nyskapande robotikk- og teknologimiljø. Kombinasjonen av faglege utfordringar og majestetisk natur har lokka mange ressurssterke medarbeidarar til Sogndal.
RocketHouse kan også nyttast av tilsette utanom arbeidstid.
No har me plass til fleire folk på huset, som vil vera med på reisa vår. Er det deg eller din gjeng? Det håpar me, og gler oss til å treffast!
Teknologisk hovedsete i Sogndal
Rockethouse er hovudsete for det teknologiske miljøet i Sogndal. Innanfor veggane våre finner du kompetanse på alt frå kunstig intelligens, robotikk, reguleringsteknikk, programvare, maskinvare og rapid prototyping til forretningsutvikling. Me jobbar både mot den norske og det internasjonale marknaden.
Beliggenhet
Innhold
Me tilbyr enkeltplassar på opp til 10 personar i ope landskap, i tillegg til egne kontor-lokale dersom du vil sitta for deg sjølv. Det er også lagerplass tilgjengeleg for alle våre leigetakarar.
Me samarbeider gjerne for å finna den perfekte løysinga for dine behov, og sikre at du har alt du treng for å lukkast.
Kontakt oss i dag for å høyre meir om kva me kan tilby!
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Nyttige lenker
ROCKETHOUSE AS
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.






