Bildegalleri

Heiane Flexikontor - Heilt nytt kontorfellesskap midt på Heiane (frå 6000,- per mnd)

Nøkkelinfo

Areal
6 - 600 m²
Etasje
1.

Les mer om bruksareal her

Type lokale

Kontor
Garasje/Parkering

Fasiliteter

Aircondition
Alarm
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Kantine

Om eiendommen

Driv du for deg sjølv? Eller treng du ein kontorplass i eit sosialt miljø? 
Kontor frå 6000,- per månad.

Heiane Fleksikontor, utvikla av Stord Eigedomsutvikling, gjentar suksessen og opnar nytt kontorfellesskap i Ringvegen 24. Aritech er hovudleigetakar på eigedommen, der det blir etablert eit stort kontorfellesskap i bygget si 1. etasje. 

Eit kontorfellesskap er meir enn berre ein plass å jobba – det byggjer eit levande miljø der idéar, erfaringar og energi blir delte på tvers av verksemder. Når bedrifter sit saman, oppstår naturlege samarbeid, nettverk og moglegheiter som elles ikkje ville oppstått. Felles ressursar gjer drifta meir kostnadseffektiv, og eit inspirerande miljø bidreg til trivsel, innovasjon og vekst. Kontorfellesskap er rett og slett ein moderne måte å arbeida på – der fleksibilitet, fellesskap og fagleg utvikling går hand i hand.

Aritech er ein solid og framtidsretta aktør innan tryggleiks- og automasjonsløysingar, kjent for høg kvalitet, pålitelegheit og teknisk kompetanse. Selskapet leverer innovative løysingar som gjer bygg tryggare og smartare. Med Aritech i bygget får kontorfellesskapet ein profesjonell samarbeidspartnar som bidreg til tryggleik, teknologi og framtidsretta utvikling på Stord.

Heiane Fleksikontor tilbyr eit “all inclusive”-konsept 
Her betalar du éin leigepris som inkluderer alt du treng for å ha ein god arbeidsplass:

- Møblert kontor (ta med eigen PC og skjerm) 
- Fiber 
- Kaffe / vatn / kullsyremaskin 
- Reinhald 
- God ventilasjon 
- Frukt 
- To ulike møterom med bookingsystem 
- Garderobe med dusj 
- Felles kantine med Aritech 
- Sosiale soner 
- Kopimaskin 
- Digitale nøklar i app 

All inclusive

Me er opptekne av å skapa ein sømlaus kvardag for deg, og difor er alle kostnader inkludert i éi månadspris. 
Kontorleige frå 6000,-.

Tilleggstenester:


- Felles bil – bookast digitalt 
- Ladeplass for elbil 
- Lager hjå Lagersjefen på Heiane til reduserte prisar 

Om Stord Eigedomsutvikling

Stord Eigedomsutvikling er eigd av Engevik Invest Stord AS og Joa Gruppen AS. 
Me driv med eigedomsutvikling og utleige av næringseigedom på Stord og i området rundt.

Eigedommane våre blir drifta lokalt, og me er opptekne av framtidsretta løysingar for leigetakarane våre. Alle leigetakarar kan kommunisera med huseigar og vaktmeister via appen Propely.


Beliggenhet

Ringvegen 24 ligg tett ved hovudfartsåra E39 som går gjennom Stord, og bygget er godt synleg frå vegen. Heiane aust er blitt eit handelsområde for sunnhordlendingar. Parkering både for bil og sykkel like ved eigedommen. 

Ein køyretur frå Haugesund til Heiane tek om lag 40 minutt, og nordover til Sandvikvåg tek det rundt 30 minutt.

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 4614
Gårdsnr: 24
Bruksnr: 336

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode434845025
Sist endret12. des. 2025 14:14

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.