Gå til annonsen

Du er her

Bil og campingvogn/Biler/BMW/3-serie
Åttekant med utropstegn

Denne annonsen er ikke lenger tilgjengelig

Varen er solgt eller tatt ut av markedet av selgeren.

Se andre BMW 3-serie

Bildegalleri

(1/26)
Inaktiv

BMW 3-serie

320i cabriolet

Modellår

1989

Kilometerstand

232 590 km

Girkasse

Manuell

Drivstoff

Bensin

Åttekant med utropstegn

Denne annonsen er ikke lenger tilgjengelig

Selgeren kan ikke kontaktes angående dette kjøretøyet.

Nyttige lenker

Sjekk tid for neste EU-kontrollSjekk heftelser på LJ14482Trenger du biltransport? Få tilbud her
Få tilbud på lån for denne bilen

Beskrivelse

Strøken, rustfri, original 320i cabriolet 1989-modell - VURDERT SELT!

Dette er ein meget sjeldan mogelegheit! Ein original, rustfri og så og seie strøken E30 3-serie cabriolet i veldig god stand blir vurdert selt til den rette kjøparen.

Dette er ingen ungdomsbil, den har blitt teken godt vare på av BMW-entusiastar, og det merkar du både når du ser den og når du køyrer den! Eg trur den køyrer vel så bra no som då den var ny!

Eg leita lenge før eg fann akkurat den rette E30-en for 3 år sidan. Det finnest veldig mykje "ymse" der ute, men dette er noko heilt anna. Den er ikkje styla i hel, den er ikkje senka i hel og den er ikkje rusta i hel. "Sølvpilen" overbeviste frå dag ein! Dette er ein E30 som vil rulle så lenge framtidige eigarar held fram å ta godt vare på den, og det fortener bilen!

Sølvpilen har eit pent både ytre og indre, med fin grå metallic-lakk utan rust, og den er forsegla med DITEC lakkforsegling. Du treng altså aldri polere den!! Jamnleg vask er framleis anbefalt ;) Bilen har forøvrig også understellsbehandling. Interiøret har eit veldig fint originalt skinninteriør. Fargetonen her er mørk gråblå, og passar strålande fint saman med den skinande blanke lakken.

Bilen _må_ ikkje seljast, men blir litt for lite brukt då eg er mykje til fjells og generelt på farten med ski og kajakk og sykkel på taket av den andre bilen min. Så det er med tungt hjarta eg no legg den ut her og vurderer å selje til rette entusiast. Sølvpilen kjem nok heller til å stige enn å synke i verdi i åra som kjem.

Kvifor cabriolet i Noreg, eller i Bergen for den saks skuld?
Slike pene bilar bør uansett hovudsakleg køyrast på fine dagar, og då vil du verkeleg ha lyst til å ha taket av. Sølvpilen har rett nok eit stofftak som er tett og fint, og på siste "langtur" til Stavanger i ausregn, var den som vanleg heilt tørr inni. Men det er med taket av dei nydelege linjene verkeleg kjem til sin rett. På langtur i låg temperatur er det berre å ta opp vindauga og heve wind deflector-nettet rett bak framseta, så sit ein godt og varmt. Tur over Vikafjellet i to minus i slutten av april i år var like behageleg som tilsvarande turar i kaldt ver tidlegare. Rett og slett null stress - du ville bli overraska om du ikkje har køyrt cabriolet før!

Lyden og botndraget i rekkeseksaren er ikkje mindre følbart med taket av og vinden ruskande i håret (for dei som har slikt på hovudet...). Dette er rett og slett ein super bil for korte og lange turar, og eg får mindre og mindre lyst til å selje di meir eg skriv ;)

Men er DU rette person til å eige Sølvpilen vidare? Ta kontakt på epost eller telefon!
Bilen står i Bergen, og kan sjåast her eller i Sogndal no i juni. Eventuelt andre plassar i Sør-Noreg etter nærare avtale...



Ditec-lakkforsegling (http://www.ditec.no)
Bilsteindemparar
Rustfri
Veldig pent originalt skinninteriør
Originale BMW sportsseter
Setevarmarar, to trinn
4 x nakkestøtter
Original BMW-radio og -CD-spelar. Sjeldan på desse modellane!
4 x el.vindauge
Fjernstyrt sentrallås og alarm alarm (DEFA)

Ikkje vinterkøyrt av meg eller førre eigar, tidlegare ukjent

EU-godkjent til 2017 (Null feil på nyleg EU-kontroll)

Årsavgift betalt

Veldig pent brukt og godt teken vare på av entusiastar!

Manuell cabriolet (anbefalt på eldre cabrioletar). Veldig rask å opne/lukke

Tett stofftak

Wind deflector (vindnett) = supercomfort i framseta i høg fart

Har vore trygt parkert i garasje heilt sidan eg overtok den

To felg- og dekksett. Dei originale 14"-aluminiumsfelgane og dei 15"-tommarane som er på bileta. Begge med sommardekk. Ingen vinterdekk føl med, men denne bilen skal ikkje køyrast på salte norske vintervegar!

Og det er heller sjølvsagt ingen heftingar på bilen

Og til slutt: Annonseseljarar treng ikkje ringe!

Spesifikasjoner

Omregistrering
1 500 kr (avgifter)
Pris eksl. omreg.
125 000 kr
Årsavgift
Les mer
Merke
BMW
Modell
3-serie
Modellår
1989
Karosseri
Cabriolet
Drivstoff
Bensin
Effekt
129 hk
Slagvolum
2 l
Kilometerstand
232 590 km
Girkasse
Manuell
Hjuldrift
Bakhjulsdrift
Seter
4
Dører
2
Farge
Sølv
Fargebeskrivelse
Sølvgrå metallic
Interiørfarge
Mørk blå skinninteriør
Bilen står i
Norge
Avgiftsklasse
Personbil
Registreringsnummer
LJ14482
Salgsform
Bruktbil til salgs

Utstyr

  • ABS-bremser
  • Alarm
  • El.vinduer
  • Elektriske speil
  • Metallic lakk
  • Oppvarmede seter, foran
  • Radio/CD
  • Sentrallås
  • Servostyring
  • Skinninteriør
  • Sommerdekk på aluminiumsfelg
  • Sommerdekk på felg
  • Sportsseter
  • Vinterdekk på aluminiumsfelg

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Uavhengig tvisteløsning

Vår partner Mekle tilbyr digital tvisteløsning hvor begge parter i en reklamasjonssak får hjelp av en jurist til å finne en rimelig løsning.

Les mer om Mekle her

Sted

5058 BergenLogg innLogg inn for å se hele adressen

Kart

Annonseinformasjon

FINN-kode

60544168

Sist oppdatert

3. juli 2015, 10:28

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.

BMW
BMW 3-serie