Gå til annonsen

Du er her

Båt/Båter til salgs/Scand

Bildegalleri

Klassiske linjer (1/19)

Scand Adriatic 27

Scand Adriatic 27 - Romsleg og solid familiebåt

Modellår

1987

Lengde

27 fot

Type motor

Innenbords

Seter

14

Pris

200 000 kr

Kontakt selgeren

Nyttige lenker

Sjekk småbåtregisteret

Beskrivelse

Super familiebåt som har vore på ferieturar med vaksne og barn sidan 2003 (førre eigar) og 2012 (noverande eigar). Båten vert seld pga lite bruk dei siste åra og sannsynleg overgang til mindre båt.

Båten er romsleg og har stikkabin på tvers under i heile båtbredda med 2,5 sengeplass - 2 x 205 cm og 1 x 135 cm. Den midtre delen er noko kortare pga. dieseltanken, men passer godt til minstemann. I tillegg er det ein perfekt plass til å trekke seg litt unna for å få fred og ro,  både for liten og stor. Salongen framme kan gjerast om til sengeplass for to ved å felle ned bordet og legge ei tilpassa madrass oppå. I tillegg er det soveplass til to vaksne på solsenga bak.

Båten er godkjent for 14 personar og har ei svært funksjonell sofagruppering rundt bordet, spesielt med tanke på sofahjørnet som kan vippast inn. Dette gir mange sitjeplassar rundt bordet. Vidare er det muligheiter for bordsetning både i salong framme og ved solseng akterut.

Motor og drev er godt vedlikehaldne, med oljeskift minst annakvart år. Motoren er lettstarta, solid og driftssikker. AD41D gir lite eksos samanlikna med eldre modellar. Båten har vore lagra på land under presenning kvar vinter. Batteri, dynamo og lader er nye. Ny hovedbrytar for to batteribankar vart montert i 2023, saman med automatisk skillerelé for lading og batteriovervåking.

Det er montert Echopilot framoversjåande ekkolodd/sonar der ein kan sjå botnen framom båten. Dette er spesielt nyttig når ein går på ukjende plasser eller skal fortøye til land. Du ser kva som kjem før du treffer det! Echopilot er også såpass rask at den oppdaterer bildet etter kvart som du dreier båten. Svært nyttig verktøy! Transducer (giver) vart skifta i 2017, men det siste året har sonaren ikkje fungert. Det kjem opp feilmelding om feil spenning mellom instrument og transducer.

Ein eldre Wallas Marin Safeflame 1000 koketopp med to plater står montert i byssa, men har ikkje vore i bruk dei siste åra.

Gummibåt (Maritim 280) og Yamaha 5C påhengsmotor (2007) kan følgje med dersom ønskjeleg. Det same gjeld opplagskrybbe med underlag og sjølvlaga stativ for opplagspresenning.


Spesifikasjoner

Merke
Scand
Modell
Adriatic 27
Modellår
1987
Type
Cabincruiser
Drivstoff
Diesel
Motor inkludert
Ja
Motorstørrelse
200.0 hk
Motorfabrikant
Volvo Penta AD41D
Type motor
Innenbords
Topphastighet
25 knop
Byggemateriale
Glassfiber
Vekt
3 500 kg
Lengde i fot
27 fot
Dybde
100 cm
Bredde
305 cm
Sitteplasser
14
Soveplasser
7
Farge
Kvit
Båtens beliggenhet
Norge
Registreringsnummer
ZAP949

Utstyr

Motor: Volvo Penta AD41D 200 hk, fabrikkny i 1993 (bensinmotoren vart då bytta ut) har gått ca 1250 timar, innsprøytingsdyser trykktesta i 2008, turbo overhalt i 2008, gavllokk og pakningar til oljekjølar skifta i 2021, matepumpe diesel og pakning skifta i 2021
Diesel forfilter med stor kapasitet: Separ SWK2000, nytt i 2005
Turbotrykksmåler
Drev (hekkaggregat): Volvo Penta DP-A2 med C4 stålpropellar, nytt i 2013
Ekstra sett A5 aluminiumspropellar (2003)
Baugpropell: Sleipner 4 hk
Hydraulisk styring: Sleipner Power Steering
Ekkolodd/Sonar: Echopilot Gold, ny i 2004 - NB! Feilmelding!
GPS: Garmin 152 med ekstern antenne og kabel til PC - RS232, skifta i 2024
Stativ til nettbrett
VHF: Simrad RD68 med GPS input og Distress-knapp, ny i 2004 - NB! Feilmelding!
Autopilot: Raymarine Autohelm ST5000+
Trimflaps: Instatrim Boat Leveler
Kupevarmer med utblåsning oppe og nede: Eberspächer D1L, 1500 W
Tre elektriske defrostarar ved frontvindauge
VV tank: Isoterm 40 l (2004)
Kjøleskap: Isoterm 49 l (2004)
LED Lyskaster i mast, med fjernstyring (2020)
Elektrisk toalett m/kvern (2005), el.motor og brytar skifta i 2020
Elektrisk pumpe med kvern for septik til sjø (2005)
Nye septikslangar i 2005
Nye skroggjennomføringar i messing i 2005
Startbatteri: 1 x 95 Ah AGM (Maritim 2025)
Forbruksbatteri: 2 x 95 Ah AGM (Maritim 2022)
100 A dynamo (2023)
Marinelader 230VAC til 12 VDC, Victron 25A (2023)
Batterivelger/hovedbryter, BEP Pro Installer 400 A (2023)
Digitalt skillerelé for lading, BEP DVSR (2023)
Batteriovervåking, Victron BMV-712 smart batterimonitor og shunt (2023)
Eigen strømkurs til kjøleskap og kjøleboks slik at forbruk kan slåast av.
Ankervinsj akter, Ilas med kjetting og Bruce anker, ny motor (1000 W) i 2007
Ankervinsj forut, Ilas med kjetting og Engbo anker, styring skifta i 2015
Snap daviter til gummibåt
Brakett til påhengsmotor

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Uavhengig tvisteløsning

Vår partner Mekle tilbyr digital tvisteløsning hvor begge parter i en reklamasjonssak får hjelp av en jurist til å finne en rimelig løsning.

Les mer om Mekle her

Sted

6857 Sogndal
Kart

Annonseinformasjon

FINN-kode

403827108

Sist oppdatert

30. januar 2026, 09:54

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.

Scand
Cabincruiser