Gå til annonsen

Du er her

Båt/Båter til salgs/Skøyte

Bildegalleri

Dei første bildene er frå før båten vart køyrd til Ornes (1/24)
Ornes

Unik treskøyte frå 1951

Skøyte

Modellår

1951

Lengde

48 fot

Type motor

Innenbords

Seter

Ikke oppgitt

Pris

1 000 000 kr

Kontakt selgeren

Nyttige lenker

Sjekk småbåtregisteret

Beskrivelse

Treskøyte Rikke (tidlegare namn Knarrevik) er frå 1951. Båten er i bra stand, etter at den siste året har vore inne for restaurering på Ornes Båtbyggeri i Sogn.

   

Tekniske spesifikasjonar:  

·       Båten er 47,6 fot lang, 15,8 fot brei og 7,2 fot djup.  

·       Motor: Rubb AB Wichmann 50 hk. 1 cyl. (ikonisk lyd som får merksemd).  

·       Dekket har svart tjørepapp, og båten framom styrehuset vart isolert for få år sidan.            (Toppdekk av treverk, var det ambisjon om å legga oppå tjørepappen, men det er ikkje utført). 

·       “Lasterommet” er det store rommet som er klart for full innreinad.  

·       Dieseltank på ca. 1000 liter.  

·       Bruker omlag 14 l/t ved toppfart som ein etter slipp ligg i området 7-8 knop.  

   

Historie:  

Båten vart bygd i Andvikgrend/Masfjorden i 1949-51 og fekk namnet Knarrevik (Sotra - Norwegian Talc). Skøyta vart dei første åra nytta som transportbåt for sekker mm. og til slep av lekter for Norwegian Talc mellom Knarrevik og Bergen. Den var også med på sildefisket på 50-talet. På 70-talet vart båten flytta inn til talkummølla som verksemda hadde i Framfjorden i Vik i Sogn. 

Den hadde m.a. funksjon der som isbrytar for at utskipinga av talkum skulle gå bra ved kalde vintrar. Båten vart på 80-talet seld til privatperson som budde på austlandet, men skøyta vart liggande att ved kai i Framfjorden. I 1989 vart den seld vidare til meg/familien min i Framfjorden.  

  

Skøyta var då i heller dårleg forfatning, og nesten alle rekkestøttene, rekka, mykje av planken over vannlina og dekket måtte skiftast/gjenskapast. I tillegg vart styrehuset skifta og veggene isolert.

Skøyta vart etter dette nytta til «hobby linefiske» og turar på fjorden. Etter år 2000 var den lite i bruk.   

  

I 2011 overtok eg båten og har jobba på den når eg har vore i Framfjorden (eg bur og på austlandet). Har m.a. sytt for tett dekk (tjærepapp) for så å isolert under dekket framfor styrehuset, og for få år sidan skifta eg topp på motoren/rubben - ein maskindel det tok tid å framskaffe.  

Etter det me er fortalt vart motoren «rubben» produsert på slutten av 1930-talet, og stod lagra på Svalbard, før den då vart sett i skøyta Knarrevik i 1951. 

Siste åra har helsa til mi svikta, og då ser seg no nøydt til å selja båten vidare.

 

Dette er utført på Ornes Båtbyggeri:

·         Skifta ut mange plank som var dårleg både over og under vannlinja.

·         Kjølbolter og lausekjøl er skifta siste åra.

·         Skøyta blir bunnsmurt.

·         Skifta frammasta og sett den og eksisterande treverk godt metta med Owatrol/terpentin m.m.

·         Arbeidstimar brukt på restaureringa ved Ornes Båtbyggeri er mange hundre timar, så det er gjort ein stor innsats.

Etter dette er skøyta veldig tett og i veldig bra stand – sjå bilde frå båtbyggeriet.

   

Ting som bør gjerast? 

·       Deler av dekket rundt styrehuset er heller dårleg og bør skiftast.

  

Elles er dette ei skøyte med veldig flott fasong, med ein kultur tradisjonell rubb – noko som nok i dei rette hender kan gi mykje glede, men sjølvsagt også noko arbeid no i starten for å få den tipp topp (sjå bilete).  

 

Skøyta ligg ved Ornes Båtbyggeri as i Luster kommune i Sogn.     

 

Ved spørsmål eller interesse ta kontakt med eigar Oddvin Bungum tlf.: 976 00 063, eller dagleg leiar av Ornes Båtbyggeri Øyvind Hatlevoll 913 85 613 som kjenner til detaljar i arbeidet som er utført og tilstand på skøyta.

Spesifikasjoner

Merke
Skøyte
Modellår
1951
Type
Yrkesbåt/Sjark/Skøyte
Drivstoff
Diesel
Motor inkludert
Ja
Motorstørrelse
50.0 hk
Motorfabrikant
Rubb AB Wichmann 50 hk
Type motor
Innenbords
Topphastighet
8 knop
Byggemateriale
Tre
Lengde i fot
48 fot
Dybde
240 cm
Bredde
520 cm
Farge
Trekvit, kvit, rød
Båtens beliggenhet
Norge
Registreringsnummer
LCSD

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Uavhengig tvisteløsning

Vår partner Mekle tilbyr digital tvisteløsning hvor begge parter i en reklamasjonssak får hjelp av en jurist til å finne en rimelig løsning.

Les mer om Mekle her

Sted

6870 Ornes
Kart

Annonseinformasjon

FINN-kode

352854249

Sist oppdatert

25. mars 2026, 20:53

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.

Skøyte
Yrkesbåt/Sjark/Skøyte