Video
SOLGT

Yamaha XT600Z Ténéré

Omregistrering
Fritatt (avgifter)
Årsavgift
Les mer
Km.stand
49 200 km
Årsmodell
1988
Tilstand
Brukt
Effekt
46 hk
Slagvolum
595 ccm
Vekt
185 kg
Ant. eiere
1
Reg.nr
JP6526
Chassis nr. (VIN)
0000000 3AJ002322
Type
Cross/Enduro/Trial
Farge
Blå
Drivstoff
Bensin

Se kjøretøyopplysninger Åpnes i nytt vindu

Sjekk heftelser på JP6526 Åpnes i nytt vindu

Beskrivelse

God, gamal travar vurderast seld pga. ny familiesituasjon.

Éin sylinder, éin forgassar, luftkjølt. Dette er ein enkel og grei sykkel. Enkel mekanikk i solid japansk stil.

Sjå videopresentasjon. Dette er fyrste start etter vinterlagring. Fin tomgang. https://vimeo.com/943750221?share=copy

Sykkelen kjøpte eg i Sør-Frankrike av ein eldre herremann i 2017. Le monsieur hadde hatt sykkelen sidan han var ny og hadde ikkje lenger helse til å bruka han. Sjølv om sykkelen ikkje akkurat er noko glansbilete har han vore godt heldt ved like. I 2020 importerte eg sykkelen til Noreg, men har ikkje brukt han mykje her til lands. Grei for rust til å vera 36 år gamal.

Eg har olje og oljefilter liggande på lur, og tek service på han om eg får tid. I tillegg kunne sykkelen med fordel fått seg ein skikkeleg vask då eg har sett inn store delar av sykkelen med grease/fett for å preservera.

Det er ein skade på tanken etter ein velt. Etter dette pipla det ut ein dråpe bensin ved det eine festet til kåpa i ny og ne. Dette fekk eg sveisa hjå Sola Sveiseservice. Plasten i kåpa har svolle litt her kor bensinen lekte. På tanken har det forresten berre vore 98 oktan, for alle veitt jo at 95 oktan øydelegg eldre system. Oppå tanken har eg ein Bagster tankbeskyttelse/-trekk. I tillegg kan det fylgja med ein Bagster tankbag. Den lekre toppboksen på bagasjebrettet er gamal og sliten, men sitt fast med ein bagasjestropp.

Endestussen og innmaten på eksospotta er heimelaga, men på teknisk kontroll hjå bilsakkyndige fekk eg tommel opp.

Elles bør venstre sidespegel festast litt betre. Det faldar seg inn i høg fart. Drev og kjede bør nok òg bytast etter kvart.

Ymse informasjon:
- Forsikring (367 kr) pluss årsavgift (520 kr) vert totalt 887 kr i året.
- Sykkelen kan òg køyrast på A2/mellomtung
- Forgassar pitla eg heilt frå einannan og staka opp samt skifta nål og pakningar for eit par år sidan
- Batteri frå 2021

Utstyr

  • Bagasjebrett
  • Overtrekk
  • Tanktrekk
  • Tankveske

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Du må være logget inn for å se profilen

4355 Kvernaland

Annonseinformasjon

FINN-kode 352071542
Sist endret 12. mai 2024 19:33

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.