Vil du vere ein del av eit fagmiljø i utvikling? Vi søkjer helsesekretær
Øye avdeling Haugesund sjukehus
- Frist 12.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du helsesekretær og ser etter ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå, godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Øyeavdelinga vår er ein triveleg og engasjert gjeng beståande av 5 overlegar, 4 LIS-legar, 7 sjukepleiarar, ein optikar, ein ortoptist og 4 sekretærar.
Vi har eit tett og godt samarbeid med både førstelinjetenesta og private aktørar, og legg stor vekt på fagleg kvalitet og pasienttryggleik. Kvart år har vi rundt 13 000 polikliniske konsultasjonar og operasjonar – så her skjer det mykje og ingen dagar er heilt like.
Kva går jobben ut på?
- Operasjonsbestilling og planlegging
- Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og tjeneste i poliklinikk
- Betjene ekspedisjon/telefon
- Arbeidsoppgåver knytt til kontroll av rapportar
- Andre førefallande sekretæroppgåver
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som helsesekretær
- Erfaring frå DIPS Arena, Elements, Orbit og Libra er ønskjeleg
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode allmenne datakunnskapar og god erfaring i bruk av IT-verktøy
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- samarbeider godt i team
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er strukturert og har fagleg vurderingsevne
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Dagstilling
- Fagleg utvikling står sentralt hos oss – vi investerer i kompetanse og held oss oppdatert på ny kunnskap
- Eit godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Elvisa Selimovic, Funksjonsleiar, 47710837, elivisa.selimovic@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4991268401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 418530311
- Sist endret