Prosjektleiar kommunalteknikk
Fjord kommune
- Frist 7.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Fjord kommune skal styrke bygg- og kommunalteknisk aveling med ein dyktig Prosjektleiar. Prosjektleiar sine arbeidsoppgåver er prosjektleiing knytt til drift og investeringar i dei tekniske fagområda i Fjord kommune. Arbeidet skal skje i samarbeid med leiar i bygg-og kommunalteknisk avdeling. Kandidaten får personleg og fagleg utvikling i eit miljø der kvar medarbeidar er ein viktig del av arbeidet som eininga utfører. Stillinga har kontorplass ved kommunehuset i Stordal og er samlokalisert med resten av TLM (teknisk, landbruk og miljø).
Altuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
Her er nokon av hovudarbeidsoppgåvene til stillinga
- Prosjekt- og byggeleiing av ulike prosjekt knytt til veg, vatn og avløp
- Gjennomføre planlegging og gjennomføre anskaffelsesprosessar
- Sikre at prosjekta blir gjennomført i samsvar med krav knytt til økonomi, framdrift, kvalitet, miljø og HMS
- Fagleg medverknad i ulike utredningar og prosjektgrupper
- Sørge for relevant brukarmedverknad gjennom alle prosjektfasar
- Kontrahere og styre rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar mv.
- Sikre systematisk oppfølging og dokumentasjon i arbeidet
- Andre arbeid/oppgåver tilknytta kommunalteknisk drift kan bli vurdert ut frå utdanning/erfaring
Den tilsette må berekne å delta som kommunen sin representant i faglige nettverk, i tillegg til å presentere sitt ansvarsområde i politiske møter, samt opptre i interne og eksterne samhandlingsfora.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innan kommunaltekniske fag.
- Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
- Ønskeleg med fleire års relevant erfaring frå arbeidsområdet.
- IT kompetanse med kjennskap til digitale verktøy
- God kjennskap til plan-og bygningslova og offentlege anskaffingar
- Førarkort klasse B
- Det er ønskeleg med ADK-sertifikat
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- Særs god norsk framstillingsevne både muntleg og skriftleg
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig
- Godt humør
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Hjelp til å finne husvære og legg til rette for arbeid for partner
- Lønn etter avtale
- Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning.
Kontaktinformasjon
Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252, trond.alstadsaeter@fjord.kommune.noArbeidsstad
Stordalsveien 5506250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4994103770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 416440113
- Sist endret