Frisørsvenn søkes til HårDraum AS (Heltid/ Deltid)
Hårdraum As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for nye utfordringar som frisør -- eller ønskjer du å kombinere skule med jobb? Kanskje du vil prøve deg som frisør i vakre Ørsta?
HårDraum AS er ein godt etablert salong med aukande kundegruppe. Difor søkjer vi etter ein engasjert frisør i 50--100% stilling.
I vår moderne salong tilbyr vi dei vanlegaste behandlingane som dame-, herre- og barneklipp, samt farge og striper. I tillegg tilbyr vi spesialbehandlingar som extensions og keratinbehandling -- og vi gir deg gjerne opplæring og kurs dersom dette er nytt for deg.
Salongen ligg sentralt i Ørsta, i lyse og trivelege lokale med store vindauge og godt dagslys. Vi er godt synlege for kundar, med gode parkeringsmoglegheiter rett utanfor døra og enkel tilkomst.
Vi søkjer deg som:
-
Har svennebrev eller EU-sertifikat som dame- og/eller herrefrisør
-
Er serviceinnstilt og positiv
-
Legg stoltheit i faget og arbeidet du utfører
Vi kan tilby:
-
Stilling i 50--100 % etter avtale
-
Gode lønsvilkår med høg grunnlønn + provisjon
-
Provisjon på produktsal
-
Pensjonsavtale
-
Gode personforsikringar
-
Moglegheit for kurs og fagleg utvikling
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
-
Stor og etablert kundegruppe
-
Fri kvar laurdag
Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt -- vi ser fram til å høyre frå deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413524866
- Sist endret