Helsefagarbeider - Psykisk helse og rusomsorg
Osterøy kommune
- Frist 7.7.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi har ei 100 % fast stilling ledig som helsefagarbeidar og i den forbindelse søkjer vi etter ein ny kollega i vår avdeling. Me gler oss til å få treffe nettopp deg som vil bli ein del av vårt team.
Stillinga som er ledig er tiltenkt å arbeida med brukarar med psykisk lidingar og/eller rusutfordringar. I eininga har vi stort fokus på gruppar og det er noko du som arbeidstakar vil ta del i arbeidet med. Eininga har stort fokus på fagutvikling og du som arbeidstaker er forventa å bidra med dette, eksempelvis med internundervisning.
- I vår eining har vi ulike gruppe tilbod for å treffe ulike brukarar best mogeleg, dette kan til dømes være; sosialgruppe, aktivitetsgruppe og ulike kurs tilbod.
- Du vil bli del av eit team på 6 kvar me hjelper brukarar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar.
- Gunstig arbeidstid frå 08-15.30 i kvardagar.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med brukarar med psykiske lidingar, rusutfordringar eller rusavhengnad er variert og ein må vera allsidig. Det kan derfor vera mange ulike oppgåver ein må gjera, noko av dette kan mellom anna vera:
- Utlevering av LAR (Legemiddelassistert rehabilitering)
- Oppfølging til brukarar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar
- Drift av gruppetilbod, eksempelvis utendørs terapi, aktivitetsgruppe, m.m.
- Individuell oppfølging
- Oppsøkjande oppfølging
- Samarbeid med andre innstansar, pårørande m.m.
- Primærkontakt arbeid
- Forvaltningsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
- Erfaring frå brukargruppa
- Erfaring frå forvaltningsarbeid
- Erfaring med arbeid i gruppar
Personleg eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Gode samarbeidsevner og tryggleik i faget er viktig.
- Initiativrik, fleksibel og løsningsorientert.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved ansettelse.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, med ei super kollegagjeng. Som stiller opp for kverandre og hjelper til der det trengs.
- Vi har ei fantastisk arbeidstid fra 08-15.30 og jobbar ikkje helg eller røde dagar.
- Lederteamet er stor fan for at du skal ha medbestemmelsesrett som arbeidstaker.
- Du får eigen pc og telefon til bruk på jobb
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida plassert hjå KLP.
- Osterøy kommune er ei IA-verksemd
Anna informasjon
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar.
- Førerkort klasse B er påkrevd.
- Kommunen har 6 månadar prøvetid ved nytilsetjing.
- Oppstart ila slutten av august 2025
- Intervju vil bli avholdt truleg i veke 31.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413000690
- Sist endret