Helgestillingar
Osterøy kommune
- Frist 29.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi har no ledig ei fast helgestilling på 22,71% ved Solplassen bustad som gjev tenester til 4 bebuarar, og ei fast helgestilling på 21,13% ved Rymleheia bufellesskap som gjev tenester til 3 bebuarar. Begge stillingane er i arbeidsplan med langvakter kvar 4. helg.
Me søkjer deg som likar ein variert og aktiv arbeidskvardag og som kan vere ein trygg og god støtte for bebuarane. Me søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.
Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg oppfølging av miljøarbeidet.
- Bidra til å skape trygghet og trivsel.
- Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
- Hjelp, rettleiing og og støtte til daglege aktivitetar.
- Bidra til at brukar opplever å vere sjef over sine dagar.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
- Delta i legemiddelhandtering ved behov.
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar både fagleg og personleg.
- Høg etisk standard og fagleg nivå.
- Opplæring med introduksjon til fagfeltet med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv.(digital opplæring og fysiske arrangement). Du får også opplæring i bustaden.
- Løn etter tariff og kompetanse.
- Gode pensjons og forsikringsvillkår
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med utviklingshemming.
- Student/elev innen vernepleie, sykepleie, helsefagarbeid og andre helsefag.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa.
- Førarkort kl.B.
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
- Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kven er du?
- Du er punktlig og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
- Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du er fleksibel og gjør det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noe du er usikker på.
- Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
- Personlig egnethet vil verte vektlagt.
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.
- Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv omsøknadsfristen ikkje er utgått. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuellearbeidsstaden
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 412434877
- Sist endret