Inaktiv
Barne- og ungdomsarbeidar, Eksingedalen oppveksttun avd. barnehage
Vaksdal kommune
- Frist 11.5.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Om stillinga
Krav til kompetanse
Personlege eigenskapar
Vaksdal kommune kan tilby
Vi har ledig 40 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar ved Eksingedalen oppveksttun, avdeling barnehage!
Som barne- og ungdomsarbeidar på oppveksttunet vil du ha ei viktig rolle i barn sin kvardag. Hovudoppgåvene dine vil vere å bidra til eit trygt, utviklande og stimulerande miljø for barna. Du vil vere ein del av eit team som saman arbeider for å gi barna gode opplevingar og støtte i utviklinga.
Krav til kompetanse
- Ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjarar med anna relevant utdanning og personlege eigenskapar kan bli vurderte
- Ynskjeleg med erfaring frå barnehage
Personlege eigenskapar
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
Vi oppmodar menn til å søkja.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing.
Me planlegg å gjennomføre intervju i veke 20/21.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404436827
- Sist endret