Helsefagarbeidar
Sveio kommune
- Frist 8.5.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Er du ein engasjert og fleksibel person som treng nye utfordringar. Har du lyst på ein spanande stilling der du kan få god fagleg kompetanse. Me treng nye kollegaer og har to ledige vikariat som helsefagarbeidar i Stemhaugen bueining. Stillingane er 100%, med arbeid på 4. kvar helg. Me nyttar langvakter med inntil 14 timar, maksimalt 48 timars arbeidsveke, med godkjenning for inntil eit år om gongen. Dette gir gode fri periodar i turnusen. Deler av stillingane tilhøyre bemanningssenter, dette inneber at ein går vakter ved fleire avdelingar, etter behov.
Stemhaugen bueining er eit butiltak for utviklingshemma, i eining Habilitering. Butiltaket ligg med gangavstand frå Sveio sentrum med gode bussforbindingar både til Stord og Haugesund.
Stillingane er ledige frå snarast, eller etter avtale tom uke 32-2026.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er knytt opp til tenester til personar med varierande grad av hjelpebehov
- Tilsyn og hjelp til daglege gjeremål
- Miljøarbeid etter tiltaksplanar
- Du må kunne bistå i situasjonar som oppleves vanskeleg for brukar
- Bidra til at brukar har heilhetleg tenestetilbod
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Andre med relevant utdanning og erfaring kan verta aktuelle
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktleg og plikoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Fleksibel og løysningsorientert
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som tilsettes
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP - frå løna vert det trekt 2%
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404296667
- Sist endret