Miljørettleiar/miljøarbeidar
Sveio kommune
- Frist 8.5.2025
- Ansettelsesform Fast
For skuleåret 2025-2026 vil vi ha behov for miljøterapeutar og miljøarbeidarar på skular i Sveio kommune. Det kan bli aktuelt med både faste stillingar og vikariat i ulike stillingsstorleikar.
Skulane skal vera ein arena for tidleg innsats og inkluderande læringsmiljø. Skulane arbeida aktivt med å utvikle gode profesjonsfellesskap og arbeidsmiljø. I samanheng med kompetanseløftet og oppvekstreforma blir du med som ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsbetingelsar for barn og unge i Sveio kommune.
Sveio kommune har tre barneskular, eit oppvekstsenter og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Informasjon om skulane er å finne på heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med den einskilde rektor for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp elevar og elevgrupper i skule og SFO
- Samarbeide med lærarar, føresette og hjelpetenester kring elevane
- Tilsyn med elevar i pausar
- Vere ein aktiv pådrivar for positivt elev- og arbeidsmiljø på skulen
Kvalifikasjonar
- Miljøterapeutar med relevant treårig høgskule retta mot barn og unge
- Miljøarbeidarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid. Fagbrev innan helse kan bli vurdert
- Miljøarbeidarar utan fagbrev, men med relevant erfaring innan arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Positivt menneskesyn i møte med elevar
- Vilje og evne til samarbeid
- Strukturert
- Evne til å stå i krevande saker
- Positiv innstilling
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap på eigen skule og på tvers av skulane
- God rettleiing og oppfølging av nyutdanna
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404296054
- Sist endret