Sekretær/helsesekretær
Stråleterapi, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.6.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig 80% vikariat som sekretær/helsesekretær fra 02.06.25. Oppstartsdato kan avtalast. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.
Vurderingar blir gjort fortløpande, så ikkje nøl med å sende oss ein søknad!
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ver venleg å oppgi referansar.
Arbeidsoppgåver
- Sekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid
- Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar
- Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon og rapportering)
- Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
- Fordel med kjennskap til Helseplattformen, MyWay2PAS og Doculive
- Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.)
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du trivst i eit hektisk miljø
- Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig
- Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, Kristin.Farstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4947415471
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 29.05.2026
Søknadsfrist: 22.06.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402881872
- Sist endret