Miljørettleiar og fagarbeidar i grunnskulen
Øystre Slidre kommune
- Frist 27.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Det er ledige stillingar som fagarbeidar og miljørettleiar på Rogne skule og på Øystre Slidre ungdomsskule.
Kvar skule har mellom 100 og 130 elevar og 25-30 tilsette. Vi søkjer deg som har barnefagleg, pedagogisk eller helse-og sosialfagleg utdanning. Vi søkjer deg som er varm og trygg og god på å skape gode relasjonar. Du meistrar å stå i situasjonar som krev ein trygg vaksen i møte med barn og unge sine handlingar og kjensler.
Stillingane har komprimert arbeidsår (89% stilling) og er ledige frå 01.08.25. Det er ledig både faste stillingar og vikariat.
Presiser gjerne kva for skule du søkjer på i søknaden.
Desse stillingane er ledige:
Rogne skule:
- 89% fast stilling
- 89% vikariat
Øystre Slidre ungdomsskule (ØSUS):
- 89 % vikariat. Denne kan bli ei fast stilling. Det kan og bli fleire ledige stillingar på ØSUS.
Det kan bli fleire ledige stillingar på alle tre skulane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt.
- Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
- Arbeid på SFO er ein del av stillinga på Rogne skule.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som er barnevernspedagog, vernepleiar, sosialpedagog, pedagog, spesialpedagog, eller har annan relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har ynskje om og vilje til å sjå eleven innanfrå.
- Du har kunnskap om oppdragelse, undervsining, leik, læring og utvikling.
- Du veit mykje om korleis læring foregår og kva du treng å ta omsyn til for at barn og unge skal lære best mogleg.
- Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa.
- Det er ynskjeleg at du har kjennskap til tilknytningspsykologi og COS.
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane.
- Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og profesjonalitet.
- Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Siv Theodorsen, Rektor ØSUS, +47 41761631Are Alund, Rektor Rogne skule, +47 99734175
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4949859241
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 27.04.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402389062
- Sist endret