Er du sjukepleiar og ønskjer spennande oppgåver innan gynekologi og kirurgi?
Gynekologisk eining Haugesund, Helse Fonna HF
- Frist 27.4.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Då må du søke hos oss og bli ein del av eit team med flinke og hyggelege kollegaer der du får jobbe tett på pasientane.
Eininga omfattar ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Stillinga inneber ein tredelt turnus på sengeposten. Som sjukepleiar ved gynekologisk eining får du ei variert arbeidskvardag i ei til tider travel, men triveleg avdeling.
Pasientgruppa vår er samansett av kvinner i alle aldrar. På sengeposten blir det gjeve pre/postoperativ behandling i forbindelse med gynekologiske operasjonar, behandling og pleie til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling, for å nemne noko. På poliklinikken er pasientane gravide kvinner som treng oppfølging gjennom svangerskapet, og andre kvinner med ulike gynekologiske problem. Vi gjer også mindre gynekologiske inngrep med lokalbedøving på poliklinikken.
Gynekologisk eining samarbeider med kirurgisk avdeling. Når gynekologisk eining er stengt på grunn av ferieavvikling på sommaren eller høgtider, vil du som sjukepleiar jobbe på kirurgisk avdeling. Gynekologisk sengepost er i drift fem dagar i veka, frå måndag til fredag, og er stengd i helgene. Dette inneber at gynekologiske pasientar blir overførte til kirurgisk avdeling i helgene.
🔹Vi håpar du kjenner deg igjen – og at du har lyst å bli med på laget vårt.
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Generell sjukepleie
- Pre- og postoperativ sjukepleie
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring med gynekologiske pasienter er positivt, men ikkje et krav.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- møter kvar pasient med respekt og omtanke
- tek ansvar og tilpassar deg nye situasjonar
- kommuniserer godt – både med pasientar og kollegaer
- bidreg positivt til miljøet rundt deg og trivst saman med andre
- handterer ein travel kvardag med ro og oversikt
- set pris på å samarbeide på tvers av fag og funksjonar
Kvifor skal du velje oss?
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø der vi ser og støttar kvarandre
- Kollegaar med høg fagleg kompetanse og engasjement
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass der alle får bidra
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thora-Marit Stokka Karlsen, Funksjonsleiar, +47 41863939Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4949145708
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402104717
- Sist endret