Vernepleiar/miljøterapeut
Sveio kommune
- Frist 30.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Eining Habilitering har bustad for utviklingshemma som ligg sentralt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining søkjer vernepleiar/ miljøterapeut til avdelinga. Har du lyst å arbeida i eit spanande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss.
Me har attraktiv langvaktsturnus med arbeid på 4. kvar helg og vakter på inntil 14 timars varighet. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Du fylgjer då brukar fra morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett.
Ansvar som hovudkontakt ligg til stillinga. Du har då ansvar for fagutvikling hos og rundt brukar, inkludert teamsamarbeid og samarbeid med pårørande. Ein blir kjent med alle brukerar som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med å tenke heilhetleg for drifta.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fagutvikling hos brukar
- Utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar og prosedyrer
- Rettleiing til kollegaer og fagleg samarbeid
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta, fastlege, verge, pårørande
- Medikamenthandtering
- Arbeide med utviklingshemming og psykisk helse utfordringar
- Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd
- Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar
- Andre med 3. årig helse- og sosialfagleg utdanning kan også verta vurdert
- Videreutdanning innen psykisk helse, PAS eller anna relevant utdanning kan være ein fordel
- Erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd og psykisk helse vil verta vektlagt
- Førarkort kl B, manuell gir
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Du må gjere deg kjent med tidlegare erfaringar om brukar, og utvikle fagarbeidet
- Du evnar å stå i tøffe situasjonar og taklar utfordring og stressa situasjonar på ein tilfredstillinde måte
- Du er fagleg engasjert, og held deg fagleg oppdatert
- Du jobbar målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og kontruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
- Du er tydeleg i di rolle som hovedkontakt og ansvar for fagutvikling
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400067386
- Sist endret