Miljøfagarbeidar
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
- Frist 30.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Vi har ledig fast stilling som miljøfagarbeidar frå 01.08.25.
Arbeidsoppgåver
Følgje opp elevar som har særskilte behov.
Delta i planarbeid
Vera ein del av det pedagogiske teamet rundt eleven.
Hjelpe elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen.
Hjelpe elevar med å gjennomføre planar i skulekvardagen, og bidra til å skapa struktur.
Det må påreknast å hjelpe til i samband med skuleskyss, og under eventuell arbeidsutplassering i verksemd.
Planleggja og delta i gjennomføring av aktivitetar på Open Skule.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som har fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med samansette utfordringar. Døme på formell utdanning som vil vere aktuell kan vere Barne- og ungdomsarbeidar, Helsefagarbeidar, Vernepleiar eller anna utdanning innan sosialt arbeid.Personlege eigenskapar
Likar å arbeide med ungdom med særskilte behov.God sosial kompetanse.
Kan samarbeida og kommunisera godt med elevar, føresette og kollegaer.
Likar å arbeide i team.
Personleg dugleik vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Eit hyggeleg og utviklande miljø med gode kollegar.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Eidesmoen 745750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4935291014
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397485138
- Sist endret