Pedagogisk leiar, vikariat
Storevatn barnehage
- Frist 17.3.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Intern utlysning i Kinn kommune, oppstart omgåande.
Storevatn barnehage ligg i Florø sentrum og er ein 5 avdelings barnehage for barn i aldersgruppa 1-5 år. Barnehagen har 2 pedagog-ordning og tilsette med god utdanning, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid og plantid til beste for barn si utvikling og læring. Våren 2025 vil barnehagen ha 71 barn og 18 tilsette.
Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette er grunnlaget for barnehagen sitt arbeid med utvikling, leik og læring i eit inkluderande felleskap. Dei siste åra har vi hatt fokus på Leik og læringsmiljø i barnehagen i tett samarbeid med Høgskulen på vestlandet. Dette samarbeidet og arbeidet vil fortsette denne våren.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge og aktivt delta i leik og aktivitetar saman med barna
- Halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med kollegaer
- Medverke til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
- Legge til rette for trygghet, trivsel og tillit blant barn, føresette og medarbeidarar
- Følge opp nasjonale og lokale føringar innanfor oppvekstfaget
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
Er raus, positiv og løysingsorientert
Er engasjert og involvert i barna sin leik og aktiviteter
Har grunnleggande tru og fokus på relasjonsutvikling
Evne å bidra inn i eit fagleg fellesskap
Gode IKT kunnskaper
Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Lønn etter tariff
- Kompetanselønn
- Pensjon og forsikring i KLP
- Godt arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
Kontaktinformasjon
Nina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363Arbeidsstad
Em Holevegen 226906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4902713998
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 24.03.2025
Sluttdato: 28.02.2026
Søknadsfrist: 17.03.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396139549
- Sist endret