Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Vestre Slidre skule, Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar 2024/25
Frist
20.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 190 elevar og 40 tilsette. Sentrale pedagogiske satsingsområder er skule-heim samarbeid, inkluderande skulemiljø og utvikling av digital kompetanse.

Vestre Slidre skule ynskjer lærarar som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Gode relasjonar til elevane er avgjerande for godt læringsmiljø og gode resultat. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer lærarar som saman vil vera med og utvikle skulen i tråd med fagfornyinga.

Vestre Slidre skule har ledig vikariat som lærar frå 18. november 2024 og ut skuleåret 2024/2025. Det er også behov for tilkallingsvikarar i midlertidige vikaroppdrag

  • 62,5 % vikariat som lærar frå 18.november 2024, frå 1. januar 2025 og ut skuleåret vil vikariatet vera 100 %.
  • Tilkallingsvikarar i korte og lengre periodar, både i barneskulen, ungdomsskulen og på SFO.


Arbeidsoppgåver

  • planlegge og gjennomføre god, inkluderande undervisning
  • skape eit trygt og godt skulemiljø
  • bidra til eit godt samarbeid på team
  • legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
  • delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar

  • godkjent utdanning som lærar.
  • gode kunnskapar både fagleg og didaktisk
  • gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11

Personlege eigenskapar

  • du er ein tydelig, strukturert, varm og trygg klasseleiar
  • har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • du er oppteken av elevane si læring og deira læringsmiljø
  • du er lojal og sjølvstendig, og du likar å samarbeide i team
  • du har stor arbeidskapasitet og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø
  • gode, kompetente kollegaer
  • ein utviklingsorientert skule
  • veiledning til nyutdanna lærarar
  • god pensjonsordning i SPK
  • løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Janne Opheim, Rektor, +47 97602202

Arbeidsstad

Slidrevegen 17

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4856476996

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 20.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Slidrevegen 17, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
369459877
Sist endret
06. sep. 2024 08:03