Inaktiv

Overlege innan nase- og bihulekirurgi

Arbeidsgiver
Øre-nese-hals avdeling, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Overlege
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hos oss jobbar allereie mange, dyktige og hyggjelege kollegaer. No treng vi deg på laget. ØNH-avdelinga ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling for overlege med kompetanse innan nase- og bihulekirurgi.

ØNH-avdelinga er organisert som ein avdeling i kirurgisk klinikk med eigen poliklinikk, høyresentral, operasjons- og oppvåkningseining. Avdelinga er godkjend som gruppe II-utdanningsavdeling i ØNH-sjukdommar.

Ved ØNH-avdelinga er vi 9 legar: 4 spesialistar og 5 under utdanning. Her vil du også samarbeide med sjukepleiarer, audiografar, sekretærar og teknikarar.


Arbeidsoppgåver

  • Overlege deltar i vaktordning etter avtale
  • Allsidige arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan fagfeltet øyre-nase-hals sjukdommar
  • Kompetanse og brei erfaring innan nase- og bihulekirurgi og frakturkirurgi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er fleksibel
  • har høg arbeidskapasitet
  • samarbeider godt i team
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Høgt fagleg nivå og triveleg arbeidsmiljø.

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Aina Merethe Vikshåland, Konstituert avdelingsleiar, aina.merethe.vikshaland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4849913033

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Ledelse
FINN-kode
369454939
Sist endret
06. sep. 2024 07:10