Assisterande departementsråd

Arbeidsgiver
Energidepartementet
Stillingstittel
Assisterande departementsråd
Frist
19.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ansvarsområde og kvalifikasjonskrav

Assisterande departementsråd skal utfylle og avlaste departementsråden i den daglege leiinga av departementet og i leiinga av større prosjekt og saker som krev ekstra merksemd frå leiinga i departementet. Assisterande departementsråd skal vidare støtte departementsråden i strategisk utvikling av departementet, bidra til god samhandling i departementet og med andre departement, og skal kunne vere avløysar for departementsråden ved behov.

Vi søker ein leiar som er trygg i rolla og med følgande eigenskapar:

  • Betydeleg røynsle med arbeid i departementa og avgjerdsprosessane i regjeringa.
  • Røynsle med prosessar i forvaltninga.
  • Evne til å motivere og engasjere medarbeidarar, og interesse for strategisk utvikling av organisasjonen.
  • Høgare utdanning på masternivå. Økonomisk og juridisk utdanning er særleg relevant for stillinga.
  • Røynsle frå energisektoren. Kompetanse frå andre relevante område er også ein fordel.
  • Brei samfunnsforståing.
  • Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringskraft.
  • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og evne til å bygge gode relasjonar.
  • Gode språkkunnskapar i begge norske målformer og engelsk er nødvendig for stillinga.

Stillinga er et embete som forutsett norsk statsborgarskap.


Generell informasjon

Stillings lønnes etter statens lederlønnssystem, og i spennet mellom kr. 1 400 000-1 700 000.

Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast etter sikkerhetsloven.

Etter søknadsfristen er gått ut vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. Opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkarar har bedt om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista.

Energidepartementet ønsker at arbeidsstyrken speglar mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Les meir på arbeidsgiverportalen.


Kontakt oss

Ta kontakt med departementsråd Andreas H. Eriksen på tlf. 22 24 61 04 for meir informasjon om stillinga. Spørsmål om rekrutteringa kan rettast til seniorrådgjevar Ingrid Nyhus Tyssen på tlf. 22 24 63 10.


Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Stillingsfunksjon
Ledelse, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
369409052
Sist endret
06. sep. 2024 06:06