Lærar

Arbeidsgiver
Luster kommune Luster ungdomsskule
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Luster ungdomsskule har inneverande skuleår 106 elevar og to klassar på kvart årssteg. Elevtalet vil auke neste skuleår.

Fokusområde hjå oss er fag- og læringstrykk. Viktige verdiar for skulen er å høyre til, medverknad og god delingskultur.

Det er 28 tilsette ved ungdomsskulen. Skulen ligg i kommunesenteret Gaupne. Det er om lag 30 minutt til regionsenteret Sogndal.

Stillingsinformasjon

  • Ledig 100 % fast stilling som lærar frå snarast mogleg

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Fagynskje: engelsk, norsk, spansk/tysk, friluftsliv, kroppsøving
  • Andre fagkombinasjonar kan enkelt kombinerast

Personlege eigenskapar me legg vekt på

  • Samarbeidsvillig
  • Verdset høgt delingskultur

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Tilsett må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øygata 18A, 6866 Gaupne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
369379022
Sist endret
06. sep. 2024 05:54