Pedagog på Gimle skule - 50 % vikariat

Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Stillingstittel
Pedagog på Gimle skule - vikariat
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Gimle skule er ein 1-10-skule og ligg midt i Fyresdal sentrum i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall, idrettshall og kulturhus. Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv. Rett rundt skulen er Hamaren Aktivitetspark, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykling, læring og leik i direkte tilknyting.

Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt med symjehall og idrettshall vegg i vegg. Uteområdet har skatepark, leikeapparat, ballbinge og fotballbanar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel.

Gimle skule søker ein lærar som ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode oppvekstvilkår for barn og unge på Gimle skule, og som nyttar varierte undervisningsmetodar som pedagogisk verktøy for å nå faglege og sosiale mål. Viss du i tillegg har eit engasjement for å gje elevane gode opplevingar i og utanfor klasserommet, då ynskjer vi at du søker på denne stillinga!



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike klasser og ulike fag.
  • Oppfylging av elevars faglege og sosiale utvikling.
  • Samarbeid på trinn, i faggrupper og med føresette, kollegaer og leiing ved skulen.
  • Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha godkjent lærarutdanning.
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • Undervisningskompetanse i basisfag er svært ynskjeleg. Det er skulens samla behov som vil vere førande i tilsettingsprosessen.
  • Gode eigenskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Gode digitale ferdigheiter – vi brukar Office 365, Visma Flyt Skole og Flyt Timeplan, samt andre nettstader.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø.
  • Tydeleg klasseleiar som har fokus på godt læringsmiljø.
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn.
  • Gode samarbeidsevner opp mot elevar, kollegaer og føresette.
  • Positiv, fleksibel, løysingsorientert og strukturert.
  • Kunne nytte varierte pedagogiske opplegg for å skape eit inkluderande og utviklande fagleg og sosialt miljø som verkar motiverande for elevane.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø kor det er fokus på elevars læring, tryggleik og trivsel.
  • Lønsplassering etter gjeldande tariffavtale.
  • Ein godt utstyrt skule med symjehall og idrettshall vegg i vegg.

Tilsettingsvilkår:

  • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.
  • Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9.

Det vil bli gjort intervju fortløpande.

Kontaktinformasjon

Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97734152

Arbeidsstad

Fyresdalsvegen 2237

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fyresdal kommune



Referansenr.: 4855606036

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Startdato: 01.10.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sted
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
369344464
Sist endret
05. sep. 2024 11:46